Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2004 under Arbeids- og sosialdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 53 (2004-2005)
  • Kildedok: St.prp nr. 20 (2004-2005) kap. 664 og 666
  • Dato: 25.11.2004
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under kap. 664 Pensjonstrygden for sjømenn og kap. 666 Avtalefestet pensjon.

Kap. 664 Pensjonstrygden for sjømenn

Post 70 Tilskott

For 2004 er det gitt løyving som tilskott til Pensjonstrygden for sjømenn på i alt 570 mill. kroner.

Tilskottet til Pensjonstrygden for sjømenn skal dekkje delar av utbetalingane til pensjon etter trygdelova for sjømannspensjon § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at reguleringsfondet er brukt opp.

På bakgrunn av nye anslag ventar ein at utgiftene vert 600 mill. kroner for 2004. Dette er ei auke på 30 mill. kroner. Hovudårsaka er at pensjonsutgiftene aukar som følgje av at det er oppdaga at fleire enn før av dei som mottar krigspensjon òg har rett til sjømannspensjon.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner til 600 mill. kroner for 2004.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2004 er 723 mill. kroner.

Statistikk og rekneskap viser at talet på pensjonistar og gjennomsnittleg pensjon vert høgare ved utgangen av 2004 enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 37 mill. kroner til 760 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at pensjonsutgiftene aukar som følgje av at det er oppdaga at fleire enn før av dei som mottek krigspensjon, òg har rett til sjømannspensjon. Komiteen støtter framlegget om at kap. 664 post 70 vert auka med 30 mill. kroner for 2004.

Komiteen viser til at statistikk og rekneskap viser at talet på pensjonistar og gjennomsnittleg pensjon vert høgare ved utgangen av 2004 enn lagt til grunn for løyvinga. Komiteen støttar framlegget om at kap. 666 post 70 aukast med 37 mill. kroner for 2004.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

664

Pensjonstrygden for sjømenn

70

Tilskott, blir auka med

30 000 000

frå kr 570 000 000 til kr 600 000 000

666

Avtalefesta pensjon (AFP)

70

Tilskott, blir auka med

37 000 000

frå kr 723 000 000 til kr 760 000 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 25. november 2004

Sonja Irene Sjøli

leiar

Eli Sollied Øveraas

ordførar