Innstilling frå samferdselskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar

Til Stortinget

Samandrag

Gjennom proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004.

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 vart vedlegg XIII til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar.

Forordninga innfører minstekrav for forsikring til dekking av erstatningsansvaret til luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar med omsyn til passasjerar, bagasje, frakt og tredjemann.

Ved at forordninga vert innlemma i EØS-avtala skal ho nyttast på alle luftfartsselskap og alle luftfartøyoperatørar som flyg innanfor, inn til, ut av eller over territoriet til ein EU/EØS-stat. Forordninga skal ikkje nyttast på statlege luftfartøy.

Luftfartsselskapa, og luftfartøyoperatørane når det krevst, skal prove at dei følgjer dei forsikringskrava som er fastsette i forordninga. Dette skal gjerast ved å leggje frem eit forsikringsprov eller eit anna prov på gyldig forsikring for den rette styresmakta i den medlemsstaten som det kjem ved. «Medlemsstat som det kjem ved» tyder den medlemsstat som har utstedt lisensen til luftfartsselskapet, eller den medlemsstaten der luftfartøyoperatørens luftfartøy er registrert, jf. artikkel 5 i forordninga.

Medlemsstatane skal sikre at luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar følgjer forordninga.

Forsikringsmarknaden svikta for ein viss periode etter terrorhandlingane i USA 11. september 2001. Som følgje av dette er det fastsett i artikkel 5 i forordninga at dersom forsikringsmarknaden som eit unntak sviktar igjen, kan Kommisjonen fastsetje høvelege tiltak i samsvar med artikkel 5 og 7 i rådsavgjerd 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsetjing av nærmare reglar for utøvinga av den gjennomføringsstyresmakta som er tillagd Kommisjonen.

Gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen vil krevje lovendring, og for Noregs del vart avgjerda derfor teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Når det gjeld forsikring av passasjer- og tredjemannsansvaret, inneber forordninga inga endring i høve til gjeldande rett med omsyn til forsikringssummane. Når det gjeld ansvaret for skade på bagasje og frakt, er det ikkje fastsett nokon minstesum for forsikringa i norsk rett i dag.

Det er ikkje venta at endringar som følgje av at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar vert gjennomførd i norsk rett, skal få vesentlege administrative konsekvensar.

Forordninga vil truleg få minimale økonomiske konsekvensar for luftfartsselskapa og luftfartøyoperatørane.

Utanrikskomiteen melder i brev av 6. april 2005 ingen merknader til førebels innstilling frå samferdselskomiteen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidar­partiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om for­sikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 14. april 2005

Petter Løvik

leiar og ordførar