Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykkje til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

I denne proposisjonen ber Regjeringa om samtykke frå Stortinget til å delta i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X). AfDF er Afrikabank-gruppa sitt utviklingsfond for dei fattigaste landa i Afrika, som på grunn av manglande lånetiltru ikkje kan få lån i Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB). Fondet driv utlån på mjuke vilkår og yter gåvemidlar til fattigdomsreduserande tiltak. Nye ressursar vert hovudsakleg tilførte frå gjevarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar på tidlegare lån. Påfyllingsforhandlingar vert vanlegvis haldne tredjekvart år. Den førre påfyllinga av fondet (AfDF-IX) var i 2002 og gjaldt for perioden 2002-2004. Utlånspolitikken i fondet, omfanget av påfyllinga og byrdefordelinga mellom gjevarlanda utgjer sentrale tema i forhandlingane. Forhandlingane har så langt som mogeleg vore koordinerte med dei parallelle påfyllingsforhandlingane for Verdsbankens utviklingsfond (IDA).

Totalt kjem den 10. påfyllinga på om lag 37 mrd. kroner, medrekna ressursar som blir mobiliserte internt i bankgruppa. Dette er ein auke på nesten 43 pst. i høve til AfDF-IX. Dei utlikna kostnadene som Noreg får med å delta i påfyllinga, kjem på om lag 1 210 mill. kroner, som skal innbetalast over tre år. Dette utgjer 3,54 pst. av påfyllinga, som svarer til den delen Noreg har ytt i dei siste påfyllingane. I tillegg har Noreg sagt seg villig til å yte eit frivillig bidrag på 120 mill. kroner. Tilskot til AfDF går over kap. 171 Multilaterale finansinstitusjoner post 71 Regionale banker og fond, kan overføres.

Komiteens tilråding

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet, AfDF-X, med 1 330 308 973 kroner for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 8. juni 2005

Thorbjørn Jagland

leder

Gunhild Øyangen

ordfører