Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, leiaren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at forslaget har vore oversendt til finansministeren for vurdering 16. mai 2006. Finansministeren har i svar til komiteen datert 29. mai 2006 gjort greie for sitt syn. Svaret følgjer som vedlegg til innstillinga.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre, sluttar seg til vurderinga frå finansministeren.

Fleirtalet meiner at det ikkje er tilrådeleg å bruke ressursar på å opprette ein indikator som foreslått av representantar for Framstegspartiet.

Fleirtalet vil peike på at det er ein klar samanheng mellom skattenivået i samfunnet og måten velferdsstaten fungerer på. Indikatoren som blir foreslått i Dokument nr. 8:82 (2005-2006), viser ikkje nokon slik samanheng.

Fleirtalet meiner at indikatoren som er foreslått, baserer seg på eit resonnement om at skattytaren ikkje får noka gjenyting for skattar og avgifter som blir betalt. Fleirtalet er ueinig i ei slik førestelling og viser til at størstedelen av skatteinntektene kjem skattytaren til gode.

Fleirtalet konstaterer at det finst mange internasjonale indikatorar som gir viktig informasjon om ulike sider av skatte- og avgiftssystemet. Desse indikatorane gir informasjon som kan brukast i samanliknande analysar. Bruksområdet for desse indikatorane er langt større enn den indikatoren som representantane for Framstegspartiet foreslår.

Fleirtalet fremmar følgjande forslag:

"Dokument nr. 8:82 (2005-2006) - forslag fra stortingsrepresentantene Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Christian Tybring-Gjedde og Gjermund Hagesæter om årlig beregning av skattefrihetsdagen - blir avvist."

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet viser til at Noreg har eit svært høgt skatte- og avgiftstrykk og at dette har stor innverknad på kjøpekraft og konkurranseevne. Desse medlemene meiner det vil vere nyttig å ha ei årleg utrekning av skattefridomsdagen både for å synleggjere kor høgt skatte- og avgiftstrykket er og korleis det utviklar seg både i forhold til tidlegare år og i forhold til våre konkurrentland. Desse medlemene viser til at Skattebetalarforeininga i Noreg brukte ca. 2 timeverk på å utrekne skattefridomsdagen for 2006 og legg til grunn at Finansdepartementet bør ha betre føresetnader for å utrekne denne dagen enn Skattebetalarforeininga har. Desse medlemene finn det derfor noko underleg at Finansdepartementet og fleirtalet i komiteen bruker som eit av sine hovudargument at det ikkje er tilrådeleg å bruke ressursar på ei slik årleg berekning. Desse medlemene meiner skattebetalarane har krav på ei årleg utrekning av skattefridomsdagen slik at ein får synleggjort korleis skatte- og avgiftstrykket utviklar seg i Noreg.

Desse medlemene viser også til utgreiinga i dokumentet og fremmar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa sørgje for at det blir føretatt ei årleg utrekning av skattefridomsdagen og at dette blir presentert i samband med statsbudsjettet og i samband med Revidert nasjonalbudsjett."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre vil peke på at alle tiltak som kan sette fokus på vårt høye skattenivå er positive. Det beste tiltak for skattyterne er imidlertid at skattene reduseres, og i regjering bidro Høyre og Venstre til at skattene ble redusert med 23 mrd. kroner i forrige stortingsperiode. Disse medlemmer ser det som positivt at institusjoner og organisasjoner som for eksempel Skattebetalerforeningen setter fokus på skattenivået ved tiltak som beregninger av skattefrihetsdagen. Disse medlemmer vil imidlertid peke på at både forslagsstillerne selv og statsråden i sitt svar til komiteen understreker at beregningene kan bli både kompliserte og ressurskrevende for å tilfredsstille faglige holdbare kriterier. Disse medlemmer mener derfor at "skattefrihetsdager" best kan påpekes av frittstående organisasjoner slik det nå skjer, men at økt skattefinansiert ressursbruk med usikre resultater på dette området er uhensiktsmessig.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Dokument nr. 8:82 (2005-2006) - forslag fra stortingsrepresentantene Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Christian Tybring-Gjedde og Gjermund Hagesæter om årlig beregning av skattefrihetsdagen - vedlegges protokollen."