Oppfølging av tiltaka som blir varsla
i distrikts- og regionalmeldinga, vil innebere auka løyvingar
i stortingsperioden. Eventuell iverksetjing og omfang av tiltak
som er omtalte i meldinga, og dermed omfanget av løyvingar
til distrikts- og regionalpolitikken, vil bli vurdert i komande
statsbudsjett. Endringar i retningslinjene for bruken av midlane
til regional utvikling som blir desentraliserte frå Kommunal-
og regionaldepartementet til fylkeskommunane, vil vere ei administrativ forenkling
for fylkeskommunane i bruken av midlane og medverke til ein meir
effektiv bruk av midlane i høve til lokale utfordringar.