1.1 Bakgrunn

Finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering vart formelt vedteken 5. mars 2007 ved rådsvedtak nr. 162/2007/EF.

Ordninga er open for deltaking frå EØS/EFTA-statane gjennom del VI i EØS-avtala, samarbeid utanfor dei fire fridommane, protokoll 31. EØS-komiteen må vedta ei innlemming av ordninga i protokoll 31, artikkel 10, for at EØS-EFTA-statane skal kunne delta.

Ordninga er ei vidareføring og utviding av eit tidlegare program, og gjeld frå 1. januar 2007 til 31. desember 2013. Det tidlegare programmet, EUs handlingsprogram for katastrofevernebuing, omfatta opprinneleg naturkatastrofar og "teknologiske" kriser, primært i EUs medlemsstatar. Etter kvart er så vel type kriser som geografisk omfang vorte utvida, slik at krisehandteringa no òg vert nytta overfor tredjestatar og dessutan ved humanitære kriser. Den nye ordninga inneheld juridisk grunnlag og eigne budsjettlinjer for deltaking i slike utvida aktivitetar. Det dreier seg i første rekkje om humanitære aksjonar.

Noreg er invitert til vidare samarbeid innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing, medrekna deltaking i den nye finansieringsordninga for sivil krisehandtering. Deltakinga medfører finansielle bidrag i heile programperioden frå 2007 til 2013. I medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne delta i ordninga så snart som mogleg i 2007, vert stortingsproposisjonen fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

1.2 Nærmare om samarbeidet med EU om sivil krisehandtering og den nye finansieringsordninga

Noreg har sidan 1998 teke del i EUs handlingsprogram for katastrofevernebuing, jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000). Dette programmet vart lengt ut perioden 2006, jf. St.prp. nr. 51 (2004-2005). Frå 2002 har Noreg òg teke del i det operative verktøyet, den såkalla fellesskapsordninga for sivil krisehandtering, jf. St.prp. nr. 37 (2002-2003). Deltakinga er basert på EØS-avtala og inneber rett til deltaking i arbeids- og styringsgrupper under Kommisjonen i tillegg til innmelding av norske ressursar som kan mobiliserast etter oppmoding frå krisekoordineringssenteret til Kommisjonen.

Den nye finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering gjev retningslinjer for finansiering av innsats og krisehandtering ved større katastrofar, med utgangspunkt i det tidlegare handlingsprogrammet og fellesskapsordninga for sivil krisehandtering. Den gjev fellesskapsordninga ei økonomisk plattform og har same lengd som EUs langtidsbudsjett.

Intensjonen med den nye finansieringsordninga er først og fremst å sikre betre vern av menneske, men òg miljø, eigedom og kulturverdiar. Ordninga rører ikkje ved pliktene under anna lovgjeving i EU eller andre internasjonale avtaler.

Finansieringsordninga for sivil krisehandtering opnar for samarbeid med kandidatstatar og andre tredjestatar som har avtaler med Fellesskapet som opnar for dette.

Ordninga opnar for at Kommisjonen kan finansiere ulike transportmiddel for å støtte og effektivisere dei nasjonale innsatsane når det skjer ei katastrofe. Medlemsstatane og EØS-statane kan få dekt 50 pst. av transportkostnadene dersom dei under ei katastrofe ber om hjelp til å frakte assistansen til det katastroferamma landet.

Ordninga vil òg styrkje preventive tiltak og førebygging av alle slags kriser som tidlegare kom inn under handlingsprogrammet for sivil krisehandtering.

Ordninga vil styrkje Kommisjonens krisekoordineringssenter. Krisekommunikasjonssystemet CECIS vil verte oppgradert for påliteleg og sikker kommunikasjon mellom medlemsstatane i tillegg til at eksisterande varslingssystem vil verte vidareutvikla.

Finansieringsordninga opnar vidare for å gå ut i marknaden og leige transportmiddel i tillegg til anna utstyr som trengst under ei krisehandtering. Den finansielle støtta som statane får under denne ordninga, skal ikkje overlappe andre program i EU.

Det følgjer av rådsvedtaket at Kommisjonen skal støttast av ein komité for sivil krisehandtering som omfattar representantar frå deltakarstatane. Komiteen har kvartalsvise møte, og Noreg er representert ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på vegner av Justis- og politidepartementet. Det kan òg vere aktuelt med deltaking frå Utanriksdepartementet i lys av tredjestatsinnsatsen.

Det følgjer vidare at Kommisjonen skal leggje fram ei evaluering av finansieringsordninga for sivil krisehandtering innan 30. juni 2010. Innan 31. desember 2011 skal Kommisjonen leggje fram ei tilråding om korleis denne finansieringsordninga skal vidareførast.

1.3 Styrking av fellesskapsordninga for sivil krisehandtering

Finansieringsordninga for sivil krisehandtering må sjåast i samanheng med fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing. Det er no i gang ein prosess i Rådet for å styrkje og vidareføre denne ordninga.

Det overordna føremålet med fellesskapsordninga er å leggje til rette for at ressursane til dei statane som tek del, kan verte nytta på best mogleg måte ved ulike typar kriser i og utanfor Unionen. Det er opp til det katastroferamma landet å be om støtte frå andre statar og frå Kommisjonen. Dersom det kjem ein førespurnad om hjelp, skal Kommisjonens krisekoordineringssenter vidaresende denne til dei nasjonale kontaktpunkta til dei statane som tek del, som i Noreg er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det er opp til kvar einskild stat å avgjere om og korleis han skal svare på førespurnaden om hjelp.

Sivil krisehandtering og katastrofevernebuing er eit nasjonalt ansvar, og hovudrolla til Kommisjonen er å støtte dei nasjonale innsatsane. Noreg kan medverke med ulike nasjonale ekspertmiljø og andre ressursar i samband med sivil krisehandtering.

1.4 Innsats i tredjestatar

Der fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vert aktivert etter ei oppmoding om hjelp utanfor dei statane som tek del, skal innsatsen styrast av dei grunnleggjande humanitære prinsippa. Desse byggjer på at hjelpa er ikkje-diskriminerande, uavhengig, upartisk og i tråd med kva dei som er ramma treng og ønskjer, slik det er fastsett i rådsforordning (EF) nr. 1257/96 om humanitær hjelp. I denne samanhengen vert det understreka at innsatsen må vere samordna med og i samsvar med andre internasjonale organisasjonar og spesielt Dei sameinte nasjonane (SN). Det er ein føresetnad at denne typen hjelp òg er samordna med EUs eige organ for humanitær hjelp, ECHO.

Kommisjonen er ansvarleg for at dei midla som er knytte til finansieringsordninga for sivil krisehandtering, ikkje vert misbrukte, men er i samsvar med dei gjeldande finansielle føresegnene i EU. Inntil 4 pst. av budsjettet er sett av til kontroll, overvaking, tilsyn, evaluering og oppfølging av dei tiltaka og programma som vert finansierte under finansieringsordninga.

1.5 Konstitusjonelle tilhøve

Fordi den norske deltakinga i ordninga inneber økonomiske utgifter som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å formelt ta del i ordninga så snøgt som råd i 2007, ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda i EØS-komiteen vert teken. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerd i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringer i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.

1.6 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerda i EØS-komiteen vil innehalde ei innleiing og tre artiklar, med sikte på deltaking for EØS-EFTA-statane i finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007-2013). I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å vedta endringar av vedlegga til avtala.

Artikkel 1 i utkastet slår fast at artikkel 10 i protokoll 31 i EØS-avtala får eit tillegg om at avtala òg skal omfatte rådsvedtak nr. 162/2007/EF av 5. mars 2007 om finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke meldingar frå alle partane i komiteen i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til "Tidend for Den europeiske unionen".

1.7 Administrative og økonomiske konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EØS-EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet.

Det finansielle bidraget til EØS-EFTA-statane til programdeltaking vert fastsett i medhald av artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Bidraget reflekterer den relative delen som bruttonasjonalproduktet til kvar stat utgjer i høve til det samla bruttonasjonalproduktet til EU-statane. For 2007 utgjer bidraget frå EØS-EFTA-statane 2,28 prosent av totalbudsjettet for finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering. Noregs del er 94,15 prosent av EFTA-bidraget. Desse to fordelingsnøklane vert justerte kvart år.

Finansieringsordninga for sivil krisehandtering har eit budsjett på 189 800 000 euro for perioden 2007-2013. EØS-EFTA-statane sin del av dette vil vere på om lag 4 327 000 euro. Noregs gjennomsnittlege årlege bidrag fordelt på programperioden vil utgjere om lag 5,7 mill. kroner, medrekna administrative kostnader.

Noregs bidrag til programdeltakinga har hittil vorte dekte over budsjettet til Justis- og politidepartementet gjennom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det vert gjort framlegg om at det norske bidraget framover òg vert dekt over budsjettet til Justisdepartementet ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, kap. 451 post 1. Utanriksdepartementet vil dekkje utgiftene til den delen av programmet som kan knyttast til humanitær hjelp overfor tredjestatar over kap. 163 post 70. For 2007 vil det norske nettobidraget til det nye programmet utgjere totalt 373 421 euro eller om lag 3 mill. kroner.

Deltakinga i ordninga krev ikkje lov- eller forskriftsendringar.

1.8 Vurdering og tilråding

EUs samarbeid innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing skal redusere risiko for og skade på menneske, miljø, eigedom og kulturverdiar ved katastrofar, store uønskte hendingar og ulukker. Nye økonomiske rammer og dagens politiske merksemd rundt krisehandtering og EUs evne til å drive krisehandtering i og utanfor EU, vil medverke til ytterlegare satsing på samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.

Deltakinga i samarbeidet innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing vil styrkje den nasjonale vernebuinga. Noreg kan dersom det trengst be om hjelp i form av ekspertar, ressurar og kompetanse for å støtte nasjonal krisehandtering, og gjennom omfattande trenings- og kursprogram kan ekspertar få auka kompetansen sin innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing.

Det vil vere gunstig for Noreg å kunne påverke og styrkje arbeidet som er i gang i EU innanfor sivil krisehandtering og katastrofevernebuing i ei retning som utfyller og støttar arbeidet innan SN og andre internasjonale organisasjonar. Ettersom Noreg ikkje har tilgang til diskusjonen i Rådet, er Komiteen for sivil krisehandtering under Europakommisjonen ein viktig kanal der Noreg kan fremje faglege innspel og fange opp initiativ på eit tidleg stadium. Under visse føresetnader vil fellesskapsordninga for sivil krisehandtering og katastrofe­vernebuing vere ein reiskap for å støtte krisehandtering som fell innanfor avdeling V i EU-konvensjonen om EUs felles tryggleiks- og utanrikspolitikk (ESDP). Norsk deltaking i finansieringsordninga for sivil krisehandtering kan difor gjere det mogleg med ei nærmare tilknyting til ESDP.

Deltakinga i finansieringsordninga vil vere i tråd med dei måla som ligg til grunn for det nasjonale samfunnstryggleiksarbeidet, jf. Innst. S. nr. 49 (2004-2005), jf. St.meld. nr. 39 (2003-2004) Samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid.

Utanriksdepartementet vil peike på at utvidinga av ordninga til å gjelde innsats i tredjestatar der det oppstår humanitære kriser, reiser fleire humanitærpolitiske og prinsipielle spørsmål. I første rekkje gjeld dette tilhøvet til SN og faren for at auka felleskapsengasjement kan føre til at fellesskapsengasjementet vil overlappe SNs innsats på det humanitære området. Det er SNs kontor for koordinering av humanitær hjelp (OCHA) som har hovudansvaret for å koordinere internasjonal humanitær hjelp. Frå norsk side er det ei hovudprioritering å støtte SN og OCHAs rolle på dette området. Gjennom deltakinga i programmet bør Noreg arbeide for å sikre SNs leiande rolle i koordineringa av humanitær hjelp, motverke overlapping og sikre effektiv arbeidsdeling med SN, Raudekross-systemet og andre sentrale humanitære aktørar. Dette samsvarar med haldninga til sentrale humanitære aktørar som Sverige og Storbritannia med omsyn til koordineringa av internasjonal humanitær innsats.

Norsk deltaking i ordninga inneber ikkje at Noreg legg opp til å kanalisere ytterlegare humanitære midlar til konkrete operasjonar gjennom ordninga. Hovudkanalane for Noregs humanitære hjelp bør framleis vere SN, Raudekrossen og frivillige organisasjonar. Utanriksdepartementet legg likevel vekt på det høvet aktiv deltaking i programkomiteen gjev til å påverke og koordinere EUs framtidige vegval med omsyn til kanalisering av hjelp ved internasjonale humanitære kriser og katastrofar.

Justis- og politidepartementet tilrår norsk deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak 2007/162/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.