St.meld. nr. 3 (2007–2008) omfattar statsrekneskapen
med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen
viser samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet.
For utgiftspostane visast òg overført løyving frå 2006 til 2007
og overført løyving frå 2007 til 2008. Kapitalrekneskapen viser
staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld
vidare oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar,
tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som
staten eig.
I meldinga blir det gjort greie for løyvingane
på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det blir òg lagt vekt
på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I
kapittel 1 blir det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette
omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten
sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og
frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov
blir òg beskrive. I kapittel 2 i meldinga er det gjeve ein nærare
omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen
til Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort
greie for staten sin balanse og finanspostar.
I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av
avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen av
dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal
vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar
under eitt.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2007
er 1 030,1 mrd. kroner, medan utgiftene er 715,1 mrd. kroner, jf.
tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet
sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 316,4 mrd. kroner,
fordelt med 337,4 mrd. kroner i inntekter og 21,1 mrd. kroner i
utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda blei overførte
til Statens pensjonsfond – Utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og
lånetransaksjonar er på 692,7 mrd. kroner, medan utgiftene er på
694,0 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert
underskot på 1,3 mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2007
blei det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 2,8 mrd.
kroner. Dette blei overført frå Statens pensjonsfond – Utland i
tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800. Statsrekneskapen for
2007 blir dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner.
Inntektene auka med vel 5,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med
knapt 4,1 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett
2007.
Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet
for 2007 er no rekna til 57,8 mrd. kroner. Dette er 13,2 mrd. kroner
lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007, der det strukturelle
underskotet i 2007 blei 71,0 mrd. kroner.
Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda
på 316,4 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond – Utland
til statsbudsjettet på 2,8 mrd. kroner, viser rekneskapen for Statens pensjonsfond
– Utland 74,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla
overskotet i Statens pensjonsfond – Utland blei dermed 387,9 mrd.
kroner i 2007. Samla sett blir statsrekneskapen og Statens pensjonsfond
– Utland gjort opp med eit overskot på 389,3 mrd. kroner i 2007.
Ved utgangen av 2007 var den bokførte verdien av
Statens pensjonsfond – Utland 2 018,5 mrd. kroner. Det er 235,7
mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2006. Forutan overskotet på
387,9 mrd. kroner er verdien av fondet auka med 2,4 mrd. kroner
i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA i 2007,
medan kurstap m.v. har redusert verdien av fondet med 154,7 mrd.
kroner. Statoil ASA gjennomførte fleire tilbakekjøp av eigne aksjar
i marknaden i 2006 for sletting. For å halde staten sin eigardel i
selskapet uendra, har staten løyst inn ein proporsjonal del av sine
aksjar i Statoil ASA. Inntektene blir overført Statens pensjonsfond
– Utland. Saka er nærare omtalt i St.prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger
og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007 og St.prp. nr. 28 (2007–2008)
Ny saldering av statsbudsjettet 2007.
Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001
til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene
gradvis blir fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning
av Statens pensjonsfond – Utland. Budsjettpolitikken skal medverke
til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene
er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til
eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen
som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon
og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett
vil det være naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar
med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken
av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte
budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte
underskotet blir det mellom anna teke omsyn til at delar av statens
inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar
i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1 i meldinga.
Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2007 er
bruken av petroleumsinntekter i 2007 no rekna til 57,8 mrd. kroner,
målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er
13,2 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007,
der det strukturelle underskotet i 2007 blei rekna til 71,0 mrd.
kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland i
2007 er rekna til 71,3 mrd. kroner, dvs. 13,5 mrd. kroner høgare
enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle
underskotet svarer til 3,6 pst. av trend-BNP for Fastlands-Noreg.
Endringane i statsbudsjettet som blei foreslått
i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2007, innebar at talet
for det strukturelle underskotet blei redusert med 3,2 mrd. kroner,
til 67,8 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2007 til nysaldert
budsjett for 2007 blei det strukturelle underskotet redusert med
ytterlegere 9,2 mrd. kroner til 58,6 mrd. kroner, som følgje av
lågare utgifter og ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene.
Statsrekneskapen for 2007 viser at det faktiske, oljekorrigerte
underskotet er 1,5 mrd. kroner lågare enn det som blei lagt til
grunn i nysaldert budsjett for 2007, i hovudsak som følgje av noko høgare
skatteinntekter. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er
no rekna 0,8 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.
Tabell 1.2 i meldinga gir ein samla oversikt
over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen
og Statens pensjonsfond – Utland gjennom 2007.
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens
pensjonsfond – Utland auka med 22,3 mrd. kroner, frå 367,1 mrd.
kroner i 2006 til 389,3 mrd. kroner i 2007. Utanom petroleumsverksemda
auka inntektene med 74,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 31,7
mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet
blei redusert med 42,7 mrd. kroner frå 2006 til 2007. Reduksjonen
i det oljekorrigerte underskotet frå 2006 til 2007 må sjåast i samanheng
med den høge aktiviteten i den norske økonomien, med sterk vekst
i sysselsetjinga og høge skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg.
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå
petroleumsverksemda blei redusert med 39,0 mrd. kroner, frå 355,4
mrd. kroner i 2006 til 316,4 mrd. kroner i 2007, i hovudsak grunna
lågare produksjon. Statens pensjonsfond – Utland sine renteinntekter
og utbyte auka med 18,6 mrd. kroner, frå 55,7 mrd. kroner i 2006
til 74,3 mrd. kroner i 2007.
Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for
2007 auka med 2,0 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert
budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar blei 4,1 mrd.
kroner lågare i same periode.
Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene
45,5 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett,
medan utgiftene var 5,8 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit
oljekorrigert underskot på 2,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett
for 2007, noko som er 51,3 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.
Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett
kjem i hovudsak av auka skatte- og avgiftsinntekter på 41,8 mrd.
kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til konjunktursituasjonen.
Ei meir utførleg omtale av budsjettutviklinga gjennom
2007 fram til nysalderinga er gjeve i St.prp. nr. 1 (2007–2008)
Statsbudsjettet 2008, St.meld. nr. 1 (2007–2008) Nasjonalbudsjettet 2008,
St.prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer
i statsbudsjettet 2007, St.meld. nr. 2 (2006–2007) Revidert nasjonalbudsjett
for 2007 og St.prp. nr. 28 (2007–2008) Ny saldering av statsbudsjettet
2007.
I statsrekneskapen for 2007 er det oljekorrigerte underskotet
1,3 mrd. kroner. Dette er 1,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn
ved nysalderinga, jf. tabell 1.2. Sett bort frå petroleumsverksemda auka
både inntekter og utgifter, men inntektene auka altså noko meir
enn utgiftene.
Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond – Utland
til statsbudsjettet blei endeleg fastlagt i nysaldert budsjett,
utifrå å skulle dekkje det oljekorrigerte underskotet som då blei
lagt til grunn. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 2007
gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Endringa på 1,5 mrd.
kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:
Inntektene utanom
petroleumsverksemda auka med 5,5 mrd. kroner, frå 687,1 mrd. kroner
til 692,7 mrd. kroner.
Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med
4,1 mrd. kroner, frå 690,0 mrd. kroner til 694,0 mrd. kroner.
Med i desse tala er auka inntekter og utgifter
på 1,5 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje blir budsjetterte
med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar
frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda som heimlar
meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak,
lønn under fødsels- og adopsjonspermisjon, lønn til lærlingar og
lønn under sjukdom.
Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar
for sjukepengar o.a. blei samla sett 4,1 mrd. kroner høgare i rekneskapen
enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene auka med om
lag 1,5 mrd. kroner, medan andre inntekter auka med 2,6 mrd. kroner.
Av dette viser rekneskapen samla meirinntekter på 2,2 mrd. kroner
på budsjettposter som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Mellom
anna blei inntektene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Jernbaneverket,
Statens vegvesen, Redningshelikoptertenesta og fylkesmannsembeta
høgare enn budsjettert med for 2007. Nokre departement har òg høve
til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over
dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for
ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a. Samla sett auka inntektene
med 5,5 mrd. kroner frå nysaldert budsjett.
I alt viser rekneskapen auka utgifter på 4,1
mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett.
Når ein ser bort frå auka utgifter som heng
saman med meirinntekter frå standard refusjonar, viser rekneskapen
2,6 mrd. kroner høgare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved
nysaldert budsjett. Med i denne netto auken ligg meirutgifter som
må sjåast i samanheng med departementa og forvaltinga si bruk av meirinntektsfullmakter
på 2,2 mrd. kroner.
To område med store meirutgifter er momskompensasjon
til kommunar og fylkeskommunar og oppstartstilskot til omsorgsbustader
og sjukeheimsplassar i kommunane, der utgiftene blei høvesvis 0,9
mrd. kroner og 1,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.
Meirutgiftene til oppstartstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar
må sjåast i samanheng med at det blei overført 1,3 mrd. kroner i
unytta løyving frå 2006 til 2007, medan meirutgiftene til momskompensasjon
kjem av høgare utbetalingar mot slutten av året enn opphavleg lagt
til grunn.
Vidare gjekk overføringane frå 2007 til 2008
ned med om lag 1,0 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå
2006 til 2007, jf. nærare omtale nedanfor.
Sett bort frå dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett
til rekneskapen for 2007 som er forklart ovanfor, er det dermed
ein netto utgiftsreduksjon som fordeler seg på ei rekkje løyvingar.
Overførte løyvingar frå 2007 til 2008, utanom lånetransaksjonar
og statleg petroleumsverksemd, blei samla 1,0 mrd. kroner lågare
enn overførte løyvingar frå 2006 til 2007. Fleirtalet av departementa
har ein mindre auke i overførte løyvingar. For Justisdepartementet
blei overførte løyvingar redusert med i alt 0,3 mrd. kroner, medan
overførte løyvingar for Forsvarsdepartementet blei redusert med
i alt 0,4 mrd. kroner. Overførte løyvingar for Arbeids- og inkluderingsdepartementet
auka med i alt 0,4 mrd. kroner.
På Kommunal- og regionaldepartementet sitt område
blei overførte løyvingar redusert med i alt 1,2 mrd. kroner. Det
vesentlege av dette gjeld overførte løyvingar til tilskot til omsorgsbustader
og sjukeheimsplassar, jf. omtala av auka utgifter ovanfor.
Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet
skal vise utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til
eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene blir rekna
ut, blir det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda
og for enkelte rekneskapsmessige forhold og ekstraordinære endringar.
Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene
blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gir uttrykk for
volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane
på statsbudsjettet.
I Nasjonalbudsjettet for 2007 var anslaget for den
reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 3/4
pst.
I nysaldert budsjett for 2007 blei den reelle,
underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet òg rekna til
vel 2 3/4 pst. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2007 er veksten
rekna til vel 2 1/2 pst., dvs. ei nedjustering med om lag 1/4 prosentpoeng.
I nysaldert budsjett blei meirutgifter motsvara av meirinntekter
i 2006 trekt ut av nivået på dei samla utgiftene ved rekninga av
den underliggjande utgiftsveksten, jf. tabell 1.4 i St.prp. nr. 28
(2007–2008). I 2006 blei desse meirinntektene rekna til 3,6 mrd.
kroner. Utgiftene i rekneskapen for 2007 blei 4,1 mrd. kroner høgare enn
i nysaldert budsjett, noko som mellom anna må sjåast i samanheng
med meirinntekter i 2007. Ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten
frå 2006 til 2007 er desse utgiftene no rekna med i utgiftsnivået.
Samla sett er den nominelle utgiftsendringa frå 2006 til 2007 om
lag den same som lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nedjusteringa
av den reelle, underliggjande utgiftsveksten med 1/4 prosentpoeng
frå nysaldert budsjett er dermed knytt til høgare lønns- og prisvekst
enn tidlegare lagt til grunn.
Tabell 1.3 i meldinga viser utviklinga i statsbudsjettet
sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2006 er
lånebehovet utanom petroleumsverksemda auka med 27,7 mrd. kroner, frå
31,7 mrd. kroner i 2006 til 59,4 mrd. kroner i 2007. Endringane
i gjeldsavdrag og tilbakebetalingar må sjåast i samanheng med innløysinga
av kontolåna til Statens pensjonsfond – Noreg i 2006.
Utgiftene til utlån blei om lag 1,2 mrd. kroner høgare
enn forventa ved nysalderinga. Tilbakebetalingane blei 0,3 mrd.
kroner lågare enn rekna med ved nysalderinga.
Netto utlån blei dermed 1,5 mrd. kroner høgare enn
i nysaldert budsjett. Då rekneskapen viser eit overskot på 1,5 mrd.
kroner, blei statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov uendra
samanlikna med nysaldert budsjett.
Avdrag på innanlandsk statsgjeld blei om lag
det same som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er
dermed også om lag uendra samanlikna med nysaldert budsjett.
Inntekter på 2,4 mrd. kroner i samband med at staten
har løyst inn aksjar i Statoil ASA blei overført til Statens pensjonsfond
– Utland. Ved ein feil blei dette talet rekna med under tilbakebetalingar
i nysaldert budsjett, noko som er årsaka til at det der er lagt
til grunn eit samla anslag for tilbakebetalingar på 71,2 mrd. kroner,
medan det rette skulle ha vore 68,7 mrd. kroner, jf. tabell 1.3
i meldinga. Dermed var òg anslaget for både netto og brutto finansieringsbehov
for lågt i nysaldert budsjett.
Statsrekneskapen for 2007 viser at dei samla skatte-
og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 562,5 mrd. kroner
i 2006 til 632,9 mrd. kroner i 2007, dvs. med 70,4 mrd. kroner eller 12,5
pst. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsetjinga
enn lagt til grunn hausten 2006 har ført til at skatte- og avgiftsinntektene
blei 43,2 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett 2007. Den høge
veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi.
Skatte- og avgiftsinntektene blei 1,5 mrd. kroner høgare enn lagt
til grunn i nysaldert budsjett for 2007.
Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 632,9
mrd. kroner i statsrekneskapen for 2007 utgjorde skatt på inntekt
og formue 174,2 mrd. kroner. Frå 2006 til 2007 auka inntektene frå skatt
på inntekt og formue med 36,5 mrd. kroner, eller 26,5 pst. Den høge
veksten kjem i stor grad av at inntektene frå skattlegging av føretak
har auka med opp mot 40 pst., på grunn av høg aktivitet og lønnsemd
i føretaka. Den høge veksten er òg knytt til ein reduksjon i skatteøren
for kommunar og fylkeskommunar og motsvarande auke i satsen for
fellesskatt til staten. Satsen for fellesskatt for forskotspliktige
skattytarar blei auka frå 11,80 pst. i 2006 til 13,05 pst. i 2007.
Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 185,3
mrd. kroner i 2007, ein auke på 7,9 pst. frå året før.
Inntektene frå meirverdiavgifta steig med 8,5 pst.
til 183,8 mrd. kroner i 2007.
Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde
til saman 89,5 mrd. kroner i 2007. Dette er 7,1 pst. meir enn i
2006.
Endringar i verdien til Statens pensjonsfond
– Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring
av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda,
direkte avkastning av fondet og endra verdivurdering av fondet sine eigedelar.
Kontantstraumen er samansett av inntekter frå skattar og avgifter
frå petroleumsverksemda, og inntekter og utgifter knytt til staten
si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE).
Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda
og CO2-avgifta, blei 191,2 mrd. kroner
i 2007.
Rekneskapstala for betalte direkte skattar blei 3,8
mrd. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt
produksjonsavgift blei om lag som venta, medan betalt arealavgift
blei 0,3 mrd. kroner lågare enn venta.
Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda blei 15 mill.
kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen.
Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege
driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter.
Nettoinntektene frå SDØE blei i nysalderingsproposisjonen rekna
til 110,4 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2007 er 111,2 mrd.
kroner.
I tillegg inngår utbyte frå Statoil i netto
kontantstraumen frå petroleumsverksemda. I 2007 blei det utbetalt
utbyte på 14 mrd. kroner frå Statoil til staten.
Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett
gjekk inntektene frå petroleumsverksemda ned med 43,5 mrd. kroner,
medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 1,7 mrd. kroner.
Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda gjekk dermed ned
med 45,2 mrd. kroner, frå 364,9 mrd. kroner til 319,7 mrd. kroner.
Nedjusteringa må mellom anna sjåast i samanheng med lågare produksjon
enn lagt til grunn i saldert budsjett, sjølv om høgare petroleumsprisar trekte
i motsatt retning. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens
pensjonsfond – Utland auka med 1,2 mrd. kroner frå saldert budsjett
til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond
– Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 51,3 mrd. kroner. Samla
sett innebar dette ei betring av balansen for Statens pensjonsfond
– Utland med 7,3 mrd. kroner.
Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda
blei 3,3 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.
Nettoinntektene gjekk ned frå 319,7 mrd. kroner til 316,4 mrd. kroner,
jf. tabell 1.2 i meldinga. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd,
petroleumsskattar og CO2-avgift blei
3,6 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene blei vel 0,2
mrd. kroner lågare.
Det er overført 2,8 mrd. kroner frå Statens
pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet. Dette inneber at netto
overføring til Statens pensjonsfond – Utland for 2007 samla sett
er 3,3 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn ein rekna med i nysalderinga.
Netto kontantstraum fråtrekt overføringa frå fondet til statsbudsjettet
blir dermed 313,6 mrd. kroner i 2007.
Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene
og utbytet i fondet ned frå 76,5 mrd. kroner til 74,3 mrd. kroner.
Samla blei overskotet i Statens pensjonsfond – Utland dermed 387,9
mrd. kroner i 2007, noko som er 5,5 mrd. kroner lågare enn lagt
til grunn i nysaldert budsjett.
Når ein òg tek omsyn til kurstap m.v. på 154,7 mrd.
kroner og inntekter i samband med at staten har løyst inn aksjar
i Statoil ASA på 2,4 mrd. kroner, auka kapitalen i Statens pensjonsfond
– Utland med i alt 235,7 mrd. kroner, frå 1 782,8 mrd. kroner ved
utgangen av 2006 til 2 018,5 mrd. kroner ved utgangen av 2007.
Overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til
statsbudsjettet over kap. 5800 blir rekneskapsført i samsvar med
Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til
fondet over kap. 2800 er tilpassa kontantstraumen.