Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under
programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale
formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt
inntektene under folketrygda for 2008.
Departementet fremmar forslag om å redusere løyvingane
under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål
med 130,3 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29
Sosiale formål, folketrygda med 43,5 mill. kroner og å auke løyvingane
under programområde 33 Arbeidsliv med 250 mill. kroner. Samla foreslår
departementet at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i
overkant av 163 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg
om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag
8,7 mill. kroner.