Med ei brei tilnærming og mange deltakarar er OSSE
ein potensielt viktig reiskap for politisk dialog og samarbeid for
å førebyggje og handtere konfliktar i heile OSSE-området. Regjeringa
er oppteken av at OSSE sitt arbeid for tryggleik og samarbeid vert
vidareført. På grunnlag av det utvida tryggleiksomgrepet tykkjest
organisasjonen vere eit naturleg forum for å drøfte dei felles tryggingspolitiske
utfordringane som deltakarlanda står overfor.
President Medvedjev lanserte i august 2008 eit framlegg
om ein "ny europeisk tryggingsarkitektur". Det russiske framlegget
er i liten grad konkretisert, men i grove trekk gjer Medvedjev framlegg
om å forhandle fram ei ny avtale for europeisk tryggleik. Utanriksministrane
drøfta framlegget i Helsingfors i desember 2008. Det var semje om
at OSSE er det rette forumet for vidare dialog, og at diskusjonen
skal vidareførast på eit høgnivåmøte, truleg på utanriksministernivå.
Fokus må vere på substans, ikkje arkitektur, og det bør ikkje skiljast
mellom menneskeleg og militær tryggleik. Frå Regjeringa si side
vart det presisert at dialog og samarbeid med Russland er viktig.
Samstundes er det ikkje aktuelt å svekkje dei etablerte institusjonane.
Det er viktig å drøfte tryggingspolitiske spørsmål med Russland,
både i OSSE og i NATO-Russland-rådet. Den tsjekkiske EU-formannskapen
har byrja på drøftingane med sikte på å utvikle ein felles EU-posisjon.
Spørsmålet har òg vore drøfta i NATO.
Krigen mellom Russland og Georgia i august 2008
var eit tilbakeslag for politisk dialog og samarbeid i Europa. Tilhøvet
mellom Russland og dei vestlege landa har vorte kjøligare, og samarbeidet
har vorte vanskelegare. OSSE-sendelagets vidare lagnad i Georgia
er svært usikker som følgje av russisk godkjenning av dei to utbrytarområda
Abkhasia og Sør-Ossetia. Etter at ein ikkje greidde å semjast om
vidareføring i desember 2008, ligg det no an til at sendelaget vil
verte nedlagt i mars eller april. Regjeringa stør freistnadene til
formannskapen på å få til ei forlenging av mandatet til OSSE-sendelaget sjølv
om dette synest vanskeleg. Noreg vil framleis forsvare Georgias
suverenitet og territoriale integritet og oppmodar partane til å
etterleve våpenkvileavtala av 12. august og tilleggsavtala av 8. september.
OSSE er òg involvert som forhandlar og observatør
i dei uløyste konfliktane om Transnistria i Moldova og Nagorno-Karabakh
i Aserbajdsjan. Ei løysing i Transnistria heng truleg nært saman
med om Moldova er villig til å erklære seg nøytralt og ikkje sikte
mot tettare tilknyting til NATO. Når det gjeld Nagorno-Karabakh,
var det eit reelt framsteg at dei to presidentane i Armenia og Aserbajdsjan
møttest i Moskva 2. november i fjor og skreiv under ei felleserklæring
– dette var det første dokumentet om Nagorno-Karabakh som presidentane
i desse to landa nokon gong har skrive under på. Det er likevel
lite truleg at det vert ei løysing på konflikten med det første.
Regjeringa stør freistnadene til formannskapen på å skape framgang. Samstundes
vil Noreg gjennom tosidig hjelp stø prosjekt som medverkar til fredsbygging
og tillitsskapande tiltak mellom partane. Samarbeidet med norske
frivillige organisasjonar, FN-organ, Europarådet og Høgkommissæren
for nasjonale minoritetar (HCNM) i tillegg til sendelaget vil i
så måte vere viktig.
Respekt for grunnleggjande menneskerettar, demokratisk
styresett og rettsstatlege prinsipp, samt økonomisk og sosial utvikling,
er naudsynte føresetnader for varig tryggleik og stabilitet. Det
utvida tryggleiksomgrepet, som utgjer fundamentet for OSSE sitt
arbeid, er kome under aukande press dei seinare åra.
Det er ei prioritert oppgåve for Regjeringa
å arbeide for at OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og
menneskerettar (ODIHR) skal ha ressursar til å stø demokratisering
og menneskerettar i deltakarlanda. OSSE sitt arbeid for å fremje
frie og demokratiske val står sentralt i dette arbeidet.
Etter Regjeringa sitt syn er ein aktiv dialog
med sivilsamfunnet ein viktig føresetnad for varig tryggleik og
stabilitet, og Noreg vil framleis arbeide for at OSSE skal styrkje
denne dialogen. Regjeringa vil vidareføre arbeidet for at menneskerettsforsvararar
i deltakarlanda i OSSE skal få betre vern.
Det omfattande feltnærveret til OSSE er den framste
styrken til organisasjonen. Ikkje minst gjeld dette med omsyn til
vern av menneskerettane og rettane til minoritetane. Regjeringa
vil arbeide for at OSSE-nærveret i deltakarlanda vert halde ved
lag til mandata for sendelaga er oppfylde. Det vil vere svært beklageleg
om OSSE-sendelaget i Georgia vert nøydt til å innstille verksemda
si medan det framleis har eit viktig arbeid å gjere.
Utviklinga i Kosovo og den framtidige rolla
til OSSE har stått sentralt i 2008. Den 8. desember 2008 vart det
oppnådd semje om at EU-operasjonen i Kosovo skal rapportere til
FN og opptre statusnøytralt, og situasjonen har difor vorte klarare.
OSSE sitt arbeid, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane,
vert vidareført og utfyller det arbeidet som EU sin politi- og justisoperasjon
(EULEX) utfører. Sendelaget er likevel for stort i høve til dei
oppgåvene det kjem til å ha framover, og arbeidet med ein kraftig
reduksjon i omfang og mandat for sendelaget er i gang. Regjeringa
stør eit meir fokusert OSSE-nærver i Kosovo.
Regjeringa ønskjer at det monalege OSSE-engasjementet
i Serbia vert vidareført og ser klart at det framleis trengst eit
robust engasjement i Bosnia-Hercegovina. OSSE sitt arbeid bør etter kvart
kunne avsluttast i dei landa som i 2008 vart inviterte til å verte
medlemer av NATO. OSSE har framleis ugjort arbeid i Aust-Europa (Moldova,
Ukraina og særleg Kviterussland) og i Sør-Kaukasus når det gjeld
å gje råd til og hjelpe landa i sitt vidare arbeid for langsiktig
tryggleik og stabilitet og demokratiske reformer.
Sendelaga i Sentral-Asia er ryggraden til OSSE
i denne regionen, og frå norsk side vil vi arbeide for at mandata
framleis skal vere så robuste som mogleg. Det vil vere særleg viktig
å følgje utviklinga i Kasakhstan fram til landet tek over OSSE-formannskapen
neste år. Det vil vere ei monaleg styrking av arbeidet at Noreg
i 2009 opprettar ambassade i Astana. Regjeringa vil vidareføre innsatsen
for grensetryggleik i Tadsjikistan, politireform i Kirgisistan og
det forsiktige reformarbeidet gjennom OSSE i Turkmenistan.
Etter Regjeringa sitt syn er det viktig at OSSE konsentrerer
arbeidet om kjerneoppgåvene. Difor bør OSSE framleis rette merksemda
mot dei utfordringane som etniske og regionale konfliktar, organisert
kriminalitet, handel med menneske, våpen og narkotika og internasjonal terrorisme
utgjer. Det er positivt at organisasjonen drøftar samanhengen mellom
klimaendring, miljø og tryggleik. Fleirsidig diplomati er heilt avgjerande
for å fremje norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Regjeringa er
difor oppteken av å styrkje samarbeidet mellom OSSE, FN, EU, Europarådet
og NATO og av å sjå Noregs tosidige engasjement i samanheng med
innsatsen i desse organisasjonane.
Noreg har eit breitt engasjement innan tryggingssektorreformen
både innanfor OSSE, FN og tosidig. OSSE medverkar til politi- og
justissektorreform i fleire land og gjer såleis ein viktig innsats
på dette området. Regjeringa vil vidareføre støtta til dette arbeidet,
mellom anna med ytterlegare støtte til grensesamarbeid i sentralasiatiske
land. Noreg finansierer også tre juristar frå styrkebrunnen som
er tilknytt sendelaget i Baku for å fremje justissektorreform.
Som ei oppfølging til vedtaket frå ministermøtet i
Madrid i 2007 har OSSE arbeidd for å styrkje samarbeidet med Afghanistan
med vekt på grensetryggleik mot dei sentralasiatiske landa. Det
er utarbeidd ein omfattande prosjektpakke for å hjelpe Afghanistan
på dette området, som så langt ikkje er vedteken. OSSE heldt den
årlege konferansen med Asia-partnarane i Kabul i oktober 2008. Regjeringa
stør arbeidet for styrkt grensetryggleik med vekt på ei regional
tilnærming og vil også stø oppmodinga frå Afghanistan om hjelp frå
OSSE til gjennomføringa av dei planlagde vala i 2009.
For Regjeringa er det viktig at hovudprioriteringane
og dei politiske vedtaka til OSSE vert følgde opp med tilstrekkelege
ressursar til gjennomføring. Budsjettet må reflektere det som organisasjonen
faktisk treng, og setje han i stand til å utføre arbeidet sitt på
ein effektiv måte. Feltarbeidet bør etter norsk syn prioriterast.
Det same gjeld arbeidet med menneskerettar, bygging av rettsstaten
og valspørsmål, innsats på politisektoren medrekna grensekontroll,
handvåpen og destruksjon av ammunisjon, kampen mot menneskehandel
og arbeidet for likestilling. Budsjettforhandlingane har vorte stadig
vanskelegare dei seinare åra. Det er uheldig for planlegging og drift
at det no meir er ein regel enn eit unntak at budsjettet vert vedteke
først langt ut i budsjettåret.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg
og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv
Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Siri A. Meling og Erna Solberg,
fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti,
Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Åslaug Haga, og fra Venstre,
Anne Margrethe Larsen, mener i likhet med Regjeringen at
OSSE er et viktig redskap for politisk dialog og samarbeid for å
løse konflikter i hele OSSE-området.
Komiteen er opptatt av at arbeidet
for sikkerhet og stabilitet videreføres og at OSSE fortsatt retter
fokus på etniske og regionale konflikter, organisert kriminalitet,
handel med mennesker, våpen og narkotikaomsetning og internasjonal terrorisme.
Ved tilstedeværelse i de ulike land, med egne kontorer,
demokratiserings- og menneskerettighetsprogrammer og innsats for
å skape dialog, spiller OSSE etter komiteens mening
en viktig rolle i de omstillingsprosesser som pågår, særlig i Sentral-Asia
og Kaukasus.
Komiteen er urolig for at det
utvidede sikkerhetsbegrepet, som er fundamentet i OSSEs arbeid,
er kommet under økende press i de senere årene.
Komiteen har merket seg det russiske
initiativet for ”ny europeisk sikkerhetsarkitektur” og at det er
enighet om at OSSE er et egnet forum for videre dialog. Komiteen er
enig med Regjeringen i at fokus framover må være på substans – ikke
arkitektur – og at det ikke er aktuelt å svekke de etablerte institusjonene.
Komiteen har videre merket seg
at krigen mellom Russland og Georgia i august 2008 var et tilbakeslag
for politisk dialog og samarbeid i Europa. Komiteen støtter
Regjeringens bestrebelser på å videreføre OSSE-sendelaget i Georgia.
Komiteen støtter Regjeringens
arbeid med et mer fokusert OSSE-nærvær i Kosovo.
Komiteen har merket seg det brede
norske engasjementet innen sikkerhetssektoren både i OSSE, FN og
bilateralt, og støtter Regjeringens ønske om å videreføre det norske
bidraget til det viktige arbeidet som gjøres innenfor justis- og politisektoren
i OSSE-området.
Komiteen understreker nødvendigheten
av at politiske vedtak i OSSE blir fulgt opp av tilstrekkelige budsjettmidler
og er tilfreds med at Regjeringen har et våkent øye på problemstillingen.
Komiteen har merket seg at landene
i Sentral-Asia har fått økt oppmerksomhet i OSSE de senere årene,
og er tilfreds med at Kasakhstan er tildelt formannskapet i 2010.
Komiteen vil understreke at formannskapet forplikter med hensyn
til fortsatte, demokratiske reformer og respekt for grunnleggende
menneskerettigheter. I denne sammenheng uttrykker komiteen tilfredshet
med at det opprettes norsk ambassade i Astana.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 28 (2008–2009) - om samarbeidet
i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008
– vedlegges protokollen
Oslo, i utenrikskomiteen, den 26. mai 2009
Olav Akselsen |
Åslaug Haga |
leder |
ordfører |