Brev fra Samferdselsdepartementet v/ statsråden til Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, datert 29. mai 2009

St.prp. nr. 72 (2008-2009) om noen saker på SDs område - orientering om feil i proposisjonen

Eg viser til omtale i St.prp. nr. 72 (2008-2009) om nokre saker på Samferdselsdepartementets område av omklassifisering av vegar i samband med forvaltningsreforma, jf. kap. 2.1.

I Vedlegg 1 til St.prp. nr. 72 (2008-2009) er det gitt ein fylkesvis oversikt over Samferdselsdepartementets forslag til kva vegar som skal bli omklassifisert til fylkesveg etter 1.1.2010. Eg ønskjer å gjere Stortinget merksam på at det er oppdaga feil i oversikta som gjeld Oslo. Lista skal supplerast med rv 4 sør for Sinsenkrysset. I tillegg er informasjonen om total lengde veg i Oslo som blir omklassifisert, berekna for høgt. Korrekt veglengde skal vere 35 km.

Oppdatert liste for Oslo.

Oslo kommune

Riksvegar som blir kommunale vegar frå 1.1.2010:

Vegnummer

Frå

Til

Rv 4

Rundkjøring Nylands vei

Sinsenkrysset

Rv 155

Ski/Sværsvann

Herregård x E18 vest

Rv 160

Vækerø x E18

Bærum/Jar

Rv 161

Nedre Lodalsbru x rv 190

Skøyen holdeplass

Rv 168

St Olavs gt x rv 162

Bærum/Grini

Ny kommunal veg etter 2010

Nye kommunale vegar frå 2010

35 km