Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag om delvis bompengefinansiering av trinn 1 av miljøpakke for transport i Trondheim.

Det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim er basert på eit forlik mellom seks parti i bystyret. Miljøpakka inneheld ei rekke tiltak som mellom anna har som mål å redusere CO2-utsleppa med 20 pst. innan 2018, auke delen som reiser med miljøvennleg transport (gang-, sykkel-, og kollektivtransport) og redusere reisene med privatbil.

For å nå desse måla blir det satsa på ei rekke ulike tiltak. Det er prioritert å vidareføre utbygginga av eit hovudvegnett som mellom anna skal avlaste biltrafikken rundt dei sentrale byområda. I dette vegnettet inngår utbygging av E6 Sluppen–Stavne som også inkluderer bygging av ny Sluppen bru. I tillegg er det lagt opp til utbygging av E6 Jaktøyen–Tonstad. Som ein del av utbygginga av eit avlastande hovudvegnett blir det lagt opp til å bygge naudsynte lokale tilknytingsvegar og gang- og sykkelvegar. I tillegg er det prioritert kollektivtrafikktiltak, utbygging av hovudruter for sykkeltrafikk, trafikktryggleikstiltak og miljøtiltak. Kommunen og fylkeskommunen ønskjer i tillegg å styrke kollektivtransporten gjennom å bruke bompengar til drift av kollektivtransporten i Trondheim. Kommunen vil også vidareføre ein areal- og parkeringspolitikk som har som mål å redusere transportbehovet.

Omtale av det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim

Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtalt i kapittel 3 i proposisjonen.

Det lokale forslaget til miljøpakke inneheld omtrentlege rammer for investeringar innafor ulike sektorar. I tillegg er det lagt til grunn ekstra driftsmidlar til kollektivtransport. Den samla økonomiske ramma i det lokale forslaget som blei vedteke av Trondheim kommune 29. januar 2009, er på om lag 6,7 mrd. kroner. Som grunnlag for finansieringa har Trondheim kommune rekna med inntekter frå ei lokal miljøavgift på drivstoff, bompengeinntekter, statlege tilskot frå belønningsordninga for kollektivtransport og riksvegmidlar.

Halvparten av kostnadsramma er føresett å gå til tiltak for å betre miljøforholda, trafikktryggleikstiltak og til alternative transporttilbod til bil. Her inngår tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt vegnett. Den andre halvparten av midlane er føresett å gå til utbygging av hovudvegnettet.

Sør-Trøndelag fylkeskommune slutta seg til innhald og målsetjing i miljøpakka for Trondheim i fylkestinget sitt møte 29. januar 2009. Fylkeskommunen la til grunn i sitt vedtak at midlar frå belønningsordninga for kollektivtransport blir halde utafor inntektssida i miljøpakka.

Det er fleire element i finansieringsplanen som er vedteke lokalt som gjer at det ikkje er mogleg å legge fram ei pakke med ei samla ramme på 6,7 mrd. kroner. Det er i dag ikkje heimel til å krevje inn ei lokal avgift på drivstoff for å finansiere mange av dei tiltaka som er føresette i det lokale forslaget. For å kunne bruke ei lokal drivstoffavgift som verkemiddel, er det naudsynt å skaffe eit lovgrunnlag for ei slik innkrevjing.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, er det lagt til grunn 700 mill. kroner til prosjekt og tiltak i Trondheim innafor ramma til riksveginvesteringar for tiårsperioden. Fylkeskommunane tek over ansvaret for øvrige riksvegar frå 1. januar 2010.

Dersom ein legg til grunn at dei statlege midlane til miljøpakka er avgrensa til føreslåtte riksvegløyvingar i perioden 2010–2019 og at det ikkje er lovheimel for å krevje inn ei lokal miljøavgift på drivstoff, blir den økonomiske ramma til miljøpakka om lag 4,8 mrd. kroner. I denne ramma er vidareføring av dagens kommunale og fylkeskommunale løyvingar til lokale vegar inkludert.

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune ønskjer likevel å fremje miljøpakka med ei redusert ramme. Dei har derfor bedt om å få fremje pakka i to trinn, der trinn 1 tilsvarar den økonomiske ramma som per i dag er avklart.

Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak i miljøpakka

Miljøpakka omfattar vidare utbygging av eit avlastande hovudvegsystem rundt Trondheim og vidare utbygging av E6 sør for Trondheim. I tillegg vil det bli gjennomført tiltak for å legge forholda til rette for kollektivtransport og syklande og gåande, samt tiltak for å fremje trafikktryggleik og miljø.

Det er eit mål å fullføre riksvegringen rundt Trondheim slik at byen får eit tilfredsstillande hovudvegnett som kan avlaste dei sentrale byområda for gjennomgangstrafikk. I dette vegnettet inngår prosjekta Sluppen bru og E6 Sluppen–Stavne. Det er lagt opp til at Sluppen bru byggast med fire felt. For E6 Sluppen–Stavne er det vurdert alternativ med to og fire felt.

E6 sør for Trondheim mellom Jaktøyen og Tonstad har låg standard i forhold til trafikkmengda. Kombinasjonen av mykje trafikk, tofeltsveg, sterk stigning og for liten kapasitet på kryssa, fører til dårleg framkomst og relativt mange ulykker på strekninga. Det er lagt opp til at vegen byggast med motorvegstandard, dvs. minimum fire felt, midtrekkverk og planskilte kryss.

Den økonomiske ramma for trinn 1 av miljøpakka er på om lag 4,8 mrd. kroner. Kostnadsgrunnlaget for mange av tiltaka som er omtalt, er i hovudsak henta frå prosjektarbeidet med E6-sør og Sluppen bru/Oslovegen, samt transportplanen for Trondheim som blei vedtatt i februar 2007. Nærare planavklaring er naudsynt for mange av tiltaka. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med nærare tidspunkt for oppstart av dei einskilde riksvegprosjekta i pakka så snart det ligg føre godkjente planar og kvalitetssikra kostnadsoverslag.

Prosjekta i trinn 1 av miljøpakka er nærare omtala i kapittel 4 i proposisjonen, m.a. er det lagt opp til at E6 skal byggast om til 6 felt mellom Sentervegen og Tonstadkrysset og E6 Sluppen–Stavne, inkludert ny Sluppen bru, blir bygd ut som ein del av trinn 1.

Det største prosjektet på det lokale vegnettet er Byåsentunnelen.

I tillegg er det lagt opp til ei sterk satsing på kollektivtrafikktiltak, utbygging av gang- og sykkelvegar, miljøtiltak og trafikktryggingstiltak.

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har lagt til grunn at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport i Trondheim.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei samla framstilling som viser heilskapen i pakka, og som i tillegg viser kva type driftstiltak inntektene frå bompengepakka skal nyttast til. Det er ein føresetnad at bruk av bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken skal gi ei reell styrking av kollektivtilbodet.

Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av miljøpakke for transport i Trondheim er basert på innkrevjing av bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Eventuell brukarbetaling i form av ei lokal avgift på omsetjing av drivstoff må departementet kome tilbake til i samband med trinn 2 av miljøpakka. I tråd med vanleg praksis skal dei ulike forvaltningsnivåa finansiere tiltak innafor eige ansvarsområde. Bompengane kan i prinsippet nyttast til tiltak på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar så lenge bruken av bompengar skjer i samsvar med dei rammer som veglova § 27 gir.

Finansieringsopplegget er nærare omtala i kapittel 5 i proposisjonen.

Lokalt er det lagt til grunn innkrevjing i sju bomstasjonar som er plasserte i tre ulike snitt i Trondheim.

Det er lagt til grunn parallellinnkrevjing i automatiske, ubemanna stasjonar. Bomstasjonane er basert på Autopass-systemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen og Tønsberg.

Registreringar av årsdøgntrafikken gjennom eller i nærleiken av dei tre bomstasjonssnitta er grunnlaget for å rekne ut bompengeinntektene i miljøpakka.

Det er ikkje lagt inn trafikkvekst i perioden i grunnlaget for å rekne ut bompengeinntekter. Dette samsvarer med målet om at den delen av trafikantane som reiser med privatbil, skal reduserast frå 58 til 50 pst. Målet er at fleire trafikantar vil bruke buss, sykle eller gå i staden for å bruke bil.

Kommunen og fylkeskommunen har lagt til grunn at innkrevjinga av bompengar kan starte opp 1. januar 2010. Det er meir realistisk at innkrevjinga kan starte opp i løpet av første halvår 2010. Statens vegvesen meiner at det vil ta om lag åtte månader frå Stortingets vedtak til innkrevjinga kan starte opp.

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har i sine vedtak 29. januar 2009 lagt til grunn nokre prinsipp for utarbeiding av eit takstsystem, jf. kapittel 5.3 i proposisjonen.

Bomstasjonane er plasserte slik at alle dei som betaler, får nytte av eit eller fleire av tiltaka. Legg ein til grunn at E6 Jaktøyen–Tonstad blir bygd ut som ein del av miljøpakka, er samanhengen mellom betaling og nytte godt ivaretatt i det skisserte opplegget.

Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabell 5.1 i proposisjonen.

Tabell 5.1 Finansieringsplan.

2010–2013

2014–2019

2020–2024

SUM

Statlege midlar

200

500

700

Kommunale midlar

40

60

50

150

Fylkeskommunale midlar

20

30

25

75

Bompengar

1040

1560

1300

3900

Sum

1300

2150

1375

4825

Det er i utgangspunktet ikkje føresett at bompengeselskapet må ta opp lån for å finansiere tiltaka i miljøpakka. Det er derfor ikkje rekna med finansieringskostnader knytt til låneopptak.

For å få gjennomført naudsynt planlegging og prosjektering av tiltaka i miljøpakka, er det lagt opp til at bompengeselskapet kan finansiere inntil 15 mill. kr i planleggingsmidlar i 2009 gjennom låneopptak.

Basisføresetnader som er lagt til grunn for bompengeutrekninga er elles omtala i kapittel 5.4 i proposisjonen.

Bompengepakker er meir fleksible enn bompengeinnkrevjing for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i miljøpakka blir tilpassa den økonomiske ramma.

Det vil bli etablert eit kontaktutval som skal ha som oppgåve å sjå til at alle tiltak som blir starta opp, lar seg finansiere innafor dei økonomiske rammene i miljøpakka og i tråd med dei føringar som er gitt i proposisjonen.

Vidare arbeid med trinn 2 av miljøpakka

I trinn 2 av miljøpakka vil heilskapen i pakka bli omtalt. Det inneber også at den endelege prioriteringa av prosjekt og tiltak i miljøpakka skal leggjast fram i trinn 2. Grunnlaget for prioriteringa vil mellom anna vere handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013, og handlingsprogrammet for fylkesvegane i Sør-Trøndelag.

Departementet legg vidare til grunn at fylkeskommunen må avklare om dei vil auke det fylkeskommunale bidraget til miljøpakka som følgje av at dei overtar ansvaret for øvrige riksvegar frå 1. januar 2010. Det kan også vere aktuelt å vurdere takstnivået i bomstasjonane.

Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at det er tverrpolitisk semje om å etablere ei miljøpakke for transport i Trondheim. Departementet er samd med lokale styresmakter i at det er viktig å starte opp bompengeinnkrevjinga i Trondheim for å kunne kome i gang med utbygginga av dei viktigaste tiltaka så snart som mogleg. Departementet støttar derfor opplegget med å fremje trinn 1 av miljøpakka i denne omgangen.

Det lokale forslaget til takstsystem er ei omlegging i forhold til dagens system når det gjeld flat rabatt ved bruk av autopassbrikke, og avvik frå dei generelle takstretningslinene. Føringane dei lokalt har lagt på takstsystemet, inneber i praksis at dei går inn for eit system som tilsvarar det takst- og rabattsystemet som er innført i Oslo, jf. St.prp. nr. 40 (2007–2008) Om Oslopakke 3 trinn 1. Departementet sluttar seg til konklusjonane lokalt og går inn for eit takstsystem med flat rabatt ved bruk av autopassbrikke.

Departementet har merka seg at kommunen ønskjer at taksten på bomstasjonen i Okstadbakken skal settast til 5 kroner og ikkje vere omfatta av tidsdifferensieringa. Departementet har også merka seg at fylkeskommunen ikkje har ønska å redusere taksten i Okstadbakken. Departementet har valt å legge vekt på ønska frå kommunen i denne saka og aksepterer at det blir sett ein lågare takst utan ytterlegare rabatt på bomstasjonen i Okstadbakken.

Departementet har merka seg at Trondheim kommune ønskjer å innføre tidsdifferensiering av takstane slik at dei er høgare i rushtida og lågare på kveldane og i helga enn elles på dagen. Grunngjevinga frå kommunen for å innføre ei slik ordning er at innkrevjingsordninga skal ha ein trafikkregulerande effekt. I tillegg gir ein slik innkrevjingsmodell ein betre framkomst for alle trafikantar med same samla økonomiske belasting for bilistane.

Departementet går inn for eit opplegg med tidsdifferensierte takstar som ein del av finansieringsgrunnlaget for miljøpakke for transport i Trondheim fordi ei slik ordning gjer at dei trafikkantane som belastar vegsystemet mest, må betale mest. Dette gir den mest rettferdige fordelinga av betalingsplikta og inneber ein viss trafikkregulerande effekt.

Departementet sluttar seg til at bompengeselskapet kan finansiere inntil 15 mill. kroner i planleggingsmidlar i 2009 gjennom låneopptak.

Departementet vil kome tilbake til oppstart av dei prosjekta det er aktuelt å starte opp i 2010 i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2010. Departementet vil også kome tilbake til trinn 2 av miljøpakka når naudsynte avklaringar ligg føre. Trinn 2 vil innehalde ein heilskapleg plan og endelege prioriteringar av prosjekt og tiltak i miljøpakka der også omsynet til arealbruken er vurdert.

Avtale

Etter at Stortinget har gjort vedtak om delvis bompengefinansiering av trinn 1 av miljøpakke for transport i Trondheim, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.