Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Belgia, undertegnet i Brussel 10. september 2009

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Den 10. september 2009 blei det i Brussel underskrive ein protokoll til endring av artikkel 27 i skatteavtala mellom Noreg og Belgia, underskriven i Oslo 14. april 1988. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon 21. august 2009. Ambassadør Jostein Bernhardsen underskreiv protokollen på vegner av Noreg, og finansminister Didier Reynders underskreiv på vegner av Belgia.

Protokollen trer i kraft når båe statar har gitt kvarandre melding gjennom diplomatiske kanalar om at dei naudsynte interne prosedyrane er gjennomførde. Protokollen skal ha verknad for skatteår som byrjar 1. januar i året etter året då han tredde i kraft. Protokollen skal utgjere ein integrert del av skatteavtala. Artikkel 27 i gjeldande skatteavtale skal framleis gjelde for tidlegare inntektsår.

Artikkel 27 om utveksling av opplysningar i gjeldande skatteavtale med Belgia motsvarar ikkje OECD sitt mønster slik det framstår etter endring av mønsteret i 2005, og slik det framstår i mønsteret av 2008. Etter gjeldande avtale pliktar ikkje Belgia å gi norske skattestyresmakter innsyn i kontoar og andre opplysingar som bankar og finansinstitusjonar i Belgia har. Heller ikkje pliktar Belgia å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knytt til norske skattytarar eller å gi opplysningar i saker der Belgia ikkje har ei eiga skatteinteresse.

I mars 2009 oppmoda Belgia om forhandlingar om endring av artikkel 27 i gjeldande skatteavtale. Bakgrunnen var at Belgia hadde trekt attende reservasjonen sin til artikkel 26 i mønsteret til OECD. Forhandlingar blei haldne i juli 2009, og eit utkast til protokoll blei parafert 3. juli 2009. Forhandlingane blei frå norsk side leia av ekspedisjonssjef Odd Hengsle.

Protokollen er inngått på engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer avtaleteksten og ei norsk omsetjing.

Fram til nå har Belgia ikkje plikta å gi norske skattestyresmakter innsyn i kontoar og andre opplysingar som bankar og finansinstitusjonar i Belgia har. Heller ikkje pliktar Belgia å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knytt til norske skattytarar eller å gi opplysingar i saker der Belgia ikkje har ei eiga skatteinteresse.

Artikkel I i protokollen innfører ein ny artikkel 27 i skatteavtala. Den nye artikkel 27 motsvarer artikkel 26 i mønsteravtala til OECD slik ho lyder etter 2005. Endringa inneber at partane skal innhente og utveksle opplysingar utan omsyn til om dei sjølve treng dei for eigne skatteformål. Vidare kan ei begjæring om opplysingar ikkje avvisast ved å vise til at opplysingane må innhentast frå bankar, andre finansinstitusjonar, forvaltarar eller liknande.

Artikkel II og III inneheld føresegner om når protokollen skal tre i kraft og når gjeldande artikkel 27 skal opphøre å gjelde.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til Regjeringens forslag om å sette i kraft en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Belgia, undertegnet i Brussel 10. september 2009.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i å sette i kraft en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Belgia, undertegnet i Brussel 10. september 2009.

Oslo, i finanskomiteen, den 15. desember 2009

Torgeir Micaelsen

Thomas Breen

leder

ordfører