Innstilling fra justiskomiteen om rettferdsvederlag frå statskassa (Einskildsaker der utbetalt vederlag går ut over Rettferdsvederlagsutvalet si fullmakt)

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Stortinget si rettferdsvederlagsordning

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersoner som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønnsmessig kompensasjon. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar.

Stortinget sine rettferdsvederlagsutval gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag. I saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over kr 200 000, eller over kr 300 000 i saker etter St.meld. nr. 24 (2004–2005), er det Stortinget sjølv som gjer vedtak.

I proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget to saker der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag som overstig beløpsgrensene.

1.2 Einskildsaker der utbetalt vederlag går utover Rettferdsvederlagsutvalet si fullmakt

Rettferdsvederlagsutval I har i to saker tilrådd rettferdsvederlag utover det dei har fullmakt til å gi. Sakene vert derfor lagde fram for Stortinget til avgjerd.

Sak 1

Søkjar A, fødd 1959, har i dag psykiske problem og psykosomatiske plager, og har store problem med å fungere i skolesamanheng, arbeidsliv og i sosiale relasjonar. Ho voks opp i ein heim prega av manglande omsorgsevne frå foreldra og faren sitt alkoholproblem og valdelege veremåte. Søkjar hadde eit svært høgt fråvær frå skolen, utan at tiltak blei sett i verk, og retten hennar til tilpassa opplæring blei ikkje ivaretatt av skolen. Ho blei plassert bort til venner av mora då ho var 11 år, utan at det blei fatta formelle vedtak. Fosterheimsopphaldet enda med at søkjar blei lagd inn på sjukehus som følgje av ein overdose med tablettar. Etter eit opphald på eit sjukehus for epileptikarar, blei det konkludert med at søkjar hadde behov for psykoterapi og eit miljøskifte. Barnevernet følgde ikkje oppmodinga frå sjukehuset.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 50 000 for manglande inngrep i heimen frå barnevernet. Utdanningsdirektoratet har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 100 000 for manglande oppfølging frå skolen, i tillegg til manglande og mangelfull opplæring.

Søkjar blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep frå sin farfar og onkel frå ho var 8 til 12 år gammal. Statens sivilrettsforvaltning har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 80 000 for seksuelle overgrep.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar A, fødd 1959, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 230 000.

Sak 2

Søkjar B, fødd 1953, budde på x barneheim frå 1955 til 1956. Under opphaldet blei søkjar utsett for omsorgssvikt og fleire fysiske overgrep, til dømes slag og innestenging i mørkerom. I 1956 blei søkjar urettmessig ført tilbake til heimen. Mora til søkjar var alkoholikar, og hadde ein hjerneskade. Skolepsykologisk kontor råda barnevernet til å plassere søkjar i fosterheim med tanke på seinare adopsjon. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet tilrådde å gi søkjar rettferdsvederlag med kr 150 000 for opphaldet på barneheim og rettferdsvederlag med kr 100 000 for urettmessig tilbakeføring i heimen. Utvalet var samd i faginstansen si vurdering og konklusjon, og søkjar blei i vedtak frå mars 2009 gitt rettferdsvederlag med kr 250 000.

Søkjar B blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep frå ein vaksen mann frå ho var 11 år til 14 år. Dette forholdet blei ikkje vurdert ved den tidlegare behandlinga av saka. Utvalet finn etter ei samla vurdering å tilrå at søkjar blir gitt ytterlegare kr 80 000 i rettferdsvederlag, slik at søkjer til saman får kr 330 000 i rettferdsvederlag. Dette kjem over beløpsgrensa på kr 300 000 som utvalet har fullmakt til sjølv å avgjere.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar B, fødd 1953, får ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa med til saman kr 80 000.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Sigvald Oppebøen Hansen, Stine Renate Håheim, Thor Lillehovde og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Morten Ørsal Johansen, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Elizabeth Skogrand, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til anbefalingen fra Rettferdsvederlagsutvalg I og tar denne til etterretning. Videre vil komiteen understreke viktigheten av å ha rettferdsvederlagsordningen slik at personer som har kommet særlig uheldig ut, har mulighet til å få en viss kompensasjon i tilfeller hvor vanlige erstatningsregler ikke strekker til.

Når det gjelder sak 1, er komiteen enig med utvalget i at det er riktig å gå ut over rammen på kr 200 000 i dette tilfellet. Komiteen vil i denne sammenheng vise til at ulike fagetater har vurdert ulike sider av de tingene vedkommende har vært utsatt for, og til sammen kommet frem til at et høyere beløp er riktig. Kombinasjonen av dårlig hjemmemiljø, seksuelle overgrep og andre forhold tilsier etter komiteens mening at man tilkjenner kr 230 000 i dette tilfellet.

Komiteen slutter seg således til Rettferdsvederlagsutvalgets anbefaling i sak 1.

Likeledes slutter komiteen seg til anbefalingen i sak 2. Komiteen viser til at søkeren allerede er tilkjent kr 250 000 i vederlag, men at vedtaket den gang ikke omfattet forholdet knyttet til seksuelle overgrep. Komiteen har ingen ting å bemerke på utvalgets vurdering om at sistnevnte forhold bør utløse et ekstra vederlag på kr 80 000 kroner, og at søkeren således passerer grensen på kr 300 000.

Komiteen slutter seg til anbefalingen fra Rettferdsvederlagsutvalget i sak 2.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir sitt samtykke til at desse søkjarane får rettferdsvederlag frå statskassa:

Søkjar A, fødd 1959, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 230 000.

Søkjar B, fødd 1953, får ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa med kr 80 000.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. februar 2010

Per Sandberg

leder og ordfører