2.1 Vulkanutbrotet på Island – konsekvensar for luftfartsnæringa i Noreg

Samandrag

Vulkanutbrotet på Island førte til at luftrommet over Noreg og Europa vart heilt eller delvis stengt ei vekes tid etter 15. april i år.

Flyselskapa har kravt tiltak frå styresmaktene som følgje av «oskekrisa», og Samferdselsdepartementet har i denne samanheng skipa ei kontaktgruppe med Avinor, NHO Luftfart og dei tre største flyselskapa i Noreg. Departementet har òg gjennomført eit møte med representantar for organisasjonane til dei tilsette i norsk luftfart. Departementet har likeeins hatt eit møte med Norsk Flyoperatør Forbund, som representerer dei små operatørane i næringa.

«Oskekrisa» har utløyst ein debatt om offentlege tiltak også i andre land. EU-kommisjonen har lagt fram forslag som skal gjera Europa betre i stand til å møta slike kriser i framtida. Det ser ikkje ut til at EU vil utarbeida nærare retningsliner for statsstøtte som følgje av «oskekrisa».

Samferdselsdepartementet viser til at det er utarbeidd nye prosedyrar for flyging i oskeskyar. Vidare skjer det no eit arbeid internasjonalt for å utvikla betre målemetodar, både for å måla konsentrasjonen av oske, og for å måla kor det faktisk er oske. Det blir også arbeidd med å klarleggja kor mykje oske fly og flymateriell faktisk tåler.

Regjeringa vurderer så langt at det ikkje er behov for økonomiske tiltak overfor luftfartsnæringa som følgje av «oskekrisa». Regjeringa vil difor følgja situasjonen nøye i tida framover og vurdera tiltak dersom regjeringa finn det nødvendig.

Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, har ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader og forslag i forbindelse med revidert budsjett for 2010, jf. Prop. 125 S (2009–2010), for å kompensere for tap innenfor luftfartsnæringen grunnet vulkanutbruddet på Island.