4.1 Dobbeltspor Holm–Holmestrand–Nykirke

Samandrag

I Prop. 1 S (2009–2010) er det sett av 280 mill. kroner til prosjektet med sikte på oppstart i 2010. Det føreligg følgjande to alternative løysingar for utbygginga av Holm–Holmestrand–Nykirke: Alternativ 1 er å byggja prosjektet i to etappar. Holm–Holmestrand som første delparsell og Holmestrand–Nykirke med Holmestrand stasjon i dagen som andre delparsell. Alternativ 2 er ei samanhengande utbygging av Holm–Holmestrand–Nykirke, med Holmestrand stasjon i fjell. Alternativ 2 har ei traséføring og ein tunnelprofil som er tilpassa ein framtidig dimensjonerande fart på opp til 250 km/t med forbikøyringsspor gjennom Holmestrand stasjon.

Den pågåande kvalitetssikringa tyder på at det er relativt små kvantifiserte forskjellar mellom alternativa både når det gjeld nytte og kostnader.

Ut frå ei samla vurdering av alternativa tilrår Samferdselsdepartementet at Holm–Holmestrand–Nykirke vert utbygd etter alternativ 2 med Holmestrand stasjon i fjell med ei kostnadsramme på 5 720 mill. kroner og ei styringsramme på 4 900 mill. kroner og at prosjektet kan starta i 2010 i samsvar med Prop. 1 S (2009–2010).

Prosjektet vil ikkje starta før KS2 er ferdig. Byggestart omfattar bygging av tunnelløp ved Holm som er uavhengig av val av stasjonsløysing i Holmestrand.

Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til saka i samband med budsjettframlegget for 2011.

Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget i proposisjonen.

4.2 Lokaltogtrafikken på Bratsbergbanen

Samandrag

I statsbudsjettet for 2010 er det vedteke ei løyving på 8,4 mill. kroner som kompensasjon for bortfall av statleg kjøp av persontog. Av løyvinga er 6,0 mill. kroner tildelt Telemark fylkeskommune som kompensasjon for at fylkeskommunen etter avtale mellom Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune overtok driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen frå og med 2004, jf. Prop. 1 S (2009–2010), side 127. Det går fram av proposisjonen at løyvinga gjeld for første halvår og at den statlege kompensasjonen i samsvar med føresetnadene fell vekk etter første halvår 2010.

Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune har no blitt samde om at fylkeskommunen tek ansvaret for å oppretthalda drifta av lokaltoget ut dette året. Frå og med 2011 legg Samferdselsdepartementet opp til å etablera ei prøveordning avgrensa til 4 år der staten v/Samferdselsdepartementet overtek driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen. Det er semje om at det skal utarbeidast ei ny avtale mellom Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune som skal innehalda vilkår for prøveordninga. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til saka i samband med budsjettframlegget for 2011.

Komiteens merknader

Komiteen vil peke på at Bratsbergbanen per i dag er det eneste reelle kollektivtilbudet mellom Grenland og Notodden. Dette skyldes bl.a. at på den raskeste veien mellom Grenland og Notodden er det ikke mulig å benytte busstilbud, samtidig som denne veien også i perioder med stor nedbør må stenges på grunn av flom og oversvømmelser. Komiteen er derfor tilfreds med at det er funnet en midlertidig løsning ved at staten nå går inn med statlig kjøp de neste fire årene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti vil peke på at denne togstrekningen er den eneste strekningen hvor det drives regulær persontrafikk som ikke er en del av statens ordning med statlig persontogkjøp. Dette fordi strekningen er overlatt til Telemark fylkeskommune. Disse medlemmer mener dette er feil, og vil derfor foreslå at togtrafikken på Bratsbergbanen innlemmes i ordningen med statlig kjøp av persontransport på lik linje med resten av togtilbudet. Disse medlemmer mener det ikke finnes noen forhold som skulle innebære en annen ordning for Bratsbergbanen enn andre sammenlignbare jernbanestrekninger.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Bratsbergbanen legges inn i ordningen om statlig kjøp av persontog på lik linje med resten av togtilbudet i Norge.»

4.3 Vålåsjø kryssingsspor

Samandrag

Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebana er omtala i Prop. 1 S (2009–2010) under kapasitetsaukande tiltak utan kostnadsoverslag. Prosjektet inngår i godsstrategien om å leggja til rette for ei dobling av godskapasiteten på jernbanenettet innan 2020. Jernbaneverket har no fullført hovudplan for prosjektet. Hovudplanen har eit kostnadsoverslag (P50) på 100 mill. kroner. I 2010 er det sett av 50 mill. kroner til eventuell oppstart av prosjektet. Prosjektet er planlagt sluttført i 2012. I forslaget til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til investeringsprosjektet, er det lagt til 20 pst. avsetting for uvisse på kostnadsoverslaget.

Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget i proposisjonen.

4.4 Bodø godsterminal

Samandrag

Prosjektet er ikkje omtala i Prop. 1 S (2009–2010). I 2010 forventar Jernbaneverket noko redusert framdrift på nokre kapasitetsaukande tiltak på grunn av mangel på signalteknisk kompetanse. Jernbaneverket vurderer difor oppstart på Bodø godsterminal i 2010, då prosjektet ikkje krev signaltekniske ressursar. Ombygging av Bodø godsterminal inngår i godsstrategien med sikte på å dobla godskapasiteten på jernbanenettet innan 2020.

Ombygging av Bodø godsterminal har eit kostnadsoverslag (P50) på 110 mill. kroner. I 2010 vil det kunna bli aktuelt å forsera oppstart av prosjektet med inntil 26 mill. kroner, mot tidlegare forventa oppstart i 2011. Prosjektet er planlagt sluttført i 2012/13. I forslaget til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til investeringsprosjektet, er det lagt til 20 pst. avsetting for uvisse på kostnadsoverslaget.

Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget i proposisjonen.