Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere følgjande
vedtak til lov
om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare
forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven)
Kapittel 1. Alminnelege føresegner
§ 1 Verkeområde
Loven gjeld overlevering av personar mellom Noreg og medlemsstatar
i Den europeiske unionen og mellom Noreg og andre nordiske statar
for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre. Personar som
er ettersøkte gjennom ein arrestordre, og som oppheld seg i Noreg,
skal pågripast og overleverast til staten som har ferda ut arrestordren
etter føresegnene i denne loven.
For å få pågripe og overlevert personar til Noreg for strafforfølging
eller straffullbyrding her, kan det ferdast ut ein arrestordre etter
reglane i loven her.
§ 2 Folkeretten si tyding for
bruken av loven
Loven gjeld med dei avgrensingane som er godkjende i folkeretten
eller som følgjer av avtale med framand stat.
§ 3 Forholdet til straffeprosessloven
Dersom ikkje anna er bestemt i loven, gjeld straffeprosessloven
sine reglar så langt dei høver.
§ 4 Definisjonar
I loven tyder desse omgrepa:
a) arrestordre: avgjerd fatta
av kompetent myndigheit i ein medlemsstat i Den europeiske unionen, Island
eller Noreg om at ein annan av dei nemnde statane skal pågripe og
overlevere ein ettersøkt person for strafforfølging eller fullbyrding
av fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon. I kapittel
1, 6, 7 og 8 brukt som fellesnemning på nordisk-europeiske og nordiske
arrestordrar .
b) nordisk-europeisk arrestordre: arrestordre
ferda ut i samsvar med avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske
unionen og republikken Island og Kongeriket Noreg om overleveringsprosedyre mellom
medlemsstatane i Den europeiske unionen og Island og Noreg. Som
nordisk-europeisk arrestordre skal også reknast arrestordre ferda
ut i samsvar med Det europeiske råds rammeavgjerd 13. juni 2002
om den europeiske arrestordre og prosedyrane for overlevering mellom medlemsstatane
(europeisk arrestordre) .
c) nordisk arrestordre: arrestordre ferda
ut i samsvar med konvensjon om overlevering for straffbare forhold
mellom dei nordiske landa 15. desember 2005. Ein arrestordre som
nemnd i bokstav b som er ferda ut av eit nordisk land, skal også
reknast som ein nordisk arrestordre ved bruk av loven her.
d) utlevering: utlevering av personar
for straffbare forhold etter utleveringsloven eller tilsvarande reglar
i framand stat.
§ 5 Krav til utforminga av ein
arrestordre
Ein arrestordre skal førast i skjema som oppgitt i forskrift
til loven, og skal innehalde
a) namn, adresse, telefon- og faksnummer og e-post-adresse
til den myndigheita som har ferda ut arrestordren
b) personalia og statsborgarskapen til den ettersøkte
c) opplysning om rettskraftig dom, pågripingsvedtak eller
ei anna avgjerd med same rettskraft som ligg til grunn for arrestordren
d) ei utgreiing av karakteren på lovbrotet med ei påpeiking
av straffebod som venteleg råkar handlinga
e) ei utgreiing av omstende omkring lovbrotet, under dette
tidspunkt, stad og omfang av deltakinga til den ettersøkte
f) den pådømde straffa eller den strafferamma som er fastsett
for lovbrotet i den staten som har ferda ut arrestordren
g) så vidt mogleg andre følgjer av lovbrotet.
Har arrestordren vesentlege manglar, utgjer han ikkje ein
arrestordre, og påtalemakta kan, etter først å ha gitt den utferdande
myndigheita ein rimeleg frist for retting, avslå han.
Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag
av ein nordisk-europeisk arrestordre
§ 6 Krav til straffetrusselen
eller pådømd straff
Overlevering av personar til ein medlemsstat i Den europeiske
unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre skjer etter
reglane i loven her for
a) straffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff
eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den
staten som har ferda ut arrestordren
b) fullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande
reaksjon på minst fire månader.
Overlevering for fleire straffbare forhold kan skje sjølv
om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda,
under føresetnad om at dei andre forholda er straffbare etter norsk
lov.
§ 7 Dobbel strafflegging
Overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre
kan berre skje når handlinga som ligg til grunn for arrestordren,
eller ei tilsvarande handling, er straffbar også etter norsk lov.
Dette gjeld likevel ikkje dersom arrestordren gjeld handlingar
utførte av ein person som har medverka til at ei gruppe personar
som opptrer med eit felles mål, utfører
a) terrorhandling eller terrorrelatert handling
som nemnd i artikkel 1 og 2 i Europeisk konvensjon om nedkjemping
av terrorisme og artikkel 1, 2, 3 og 4 i EUs rammevedtak 13. juni
2002 om nedkjemping av terrorisme
b) ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff
c) drap
d) grov kroppsskade
e) kidnapping, ulovleg fridomsrøving eller gisseltaking
f) valdtekt,
under føresetnad om at handling som nemnd i bokstav a til
f kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon
i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren. Handlingane
må vere utførte med formål om å fremme gruppa sine mål og med kunnskap
om at deltakinga vil bidra til gjennomføring av lovbrot som ligg
innanfor gruppa sine kriminelle formål.
Vilkåret om dobbel strafflegging i første ledd gjeld heller
ikkje dersom forholdet i den utferdande staten vert rekna som ei
av dei handlingane som er nemnde i forskrift til loven, og i den
utferdande staten kan straffast med fengsel eller annan fridomsrøvande reaksjon
i minst tre år, om ikkje den utferdande staten sjølv stiller krav
om dobbel strafflegging for overlevering til Noreg for straffeforfølging
eller fullbyrding av pådømd straff for tilsvarande forhold. Departementet
gir forskrift om kva for handlingar kravet til dobbel strafflegging
ikkje skal gjelde for på vilkår som nemnde i første punktum i leddet
her.
§ 8 Obligatoriske avslagsgrunnar
Ein nordisk-europeisk arrestordre skal avslåast for forhold
som
a) det er gitt norsk amnesti for
b) den ettersøkte på grunn av alderen sin ikkje kan gjerast
strafferettsleg ansvarleg for i Noreg
c) det ligg føre norsk rettskraftig dom for, og straffa i
tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje
lenger kan fullbyrdast
d) det ligg føre norsk rettskraftig dom på overføring til
tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, og dommen er fullbyrda,
under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast
e) det ligg føre norsk rettskraftig førelegg for, og førelegget
er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast
f) det ligg føre godkjend norsk avtale frå mekling i konfliktråd
for, og avtalen ikkje er vesentleg misleghalden
g) norsk rettsforfølging er innstilt for etter at den ettersøkte
først har vore sikta for forholdet, jf. straffeprosessloven § 82,
om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven
§ 74 første, femte eller sjette ledd
h) det er gitt norsk påtaleavkall for, om ikkje det ligg
føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 andre, tredje,
fjerde eller sjette ledd
i) den kompetente myndigheita har kjennskap til at det i
ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet
ligg føre ein rettskraftig dom eller ei anna endeleg avgjerd som
avskjer vidare strafforfølging, og, dersom det er pådømd ein reaksjon,
at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje
lenger kan fullbyrdast
j) behandling eller rettskraftig dom eller anna endeleg
avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol avskjer vidare
strafforfølging for, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne
reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan
fullbyrdast
k) er utført heilt eller delvis i Noreg, under dette på Svalbard,
Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område underlagde
norsk jurisdiksjon, og forholdet anten ikkje er straffbart eller straffansvaret
eller høve til strafforfølging eller straffullbyrding ville vore
forelda etter norsk lovgiving.
Ein arrestordre som nemnd i første ledd skal også avslåast
dersom overlevering vil vere i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen
med endringar eller dei tilleggsprotokollane som gjeld som norsk
lov.
§ 9 Politiske lovbrot
Ein nordisk-europeisk arrestordre kan ikkje avslåast for
politiske lovbrudd.
Ein slik arrestordre kan likevel avslåast for lovbrot som
nemnt i første ledd dersom den er utsteden av ein stat som ikkje
sjølv overleverer ettersøkte personar til Noreg for politiske lovbrot.
Tingretten avgjer i tilfella som nemnd i andre ledd om
eit forhold som ligg til grunn for arrestordren er å sjå på som
eit politisk lovbrot i orskurden om vilkåra for overlevering er
oppfylte, jf. § 14 første ledd andre punktum. Dersom retten kjem
til at forholdet er eit politisk lovbrot, skal saka sendast via
riksadvokaten til departementet for avgjerd.
§ 10 Norske statsborgarar
Reglane om overlevering gjeld også for arrestordrar som
gjeld norske borgarar.
Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre som gjeld ein
norsk statsborgar, er ferda ut av ein stat som ikkje overleverer
eigne statsborgarar til Noreg, kan han likevel avslåast. I slike
tilfelle skal saka sendast via riksadvokaten til departementet for
avgjerd.
§ 11 Dom kunngjord utan ettersøkte
til stades.
Livstidsstraff
Dersom ein nordisk-europeisk arrestordre gjeld overlevering
til fullbyrding av fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon
pådømd utan ettersøkte til stades, og utan at den ettersøkte er
blitt informert om tid og stad for rettsforhandlingane, skal han avslåast
om ikkje den utferdande staten forsikrar at den ettersøkte kan krevje
saka behandla på nytt og da har høve til å vere til stades.
Dersom dei forholda som ligg til grunn for arrestordren
kan straffast med fridomsrøving på livstid, skal arrestordren avslåast
om ikkje den utferdande staten forsikrar at straff som nemnd vil
bli vurdert omgjord eller unnlaten fullbyrda, anten etter oppmoding
eller seinast etter 20 år.
Forsikring som nemnd i første og andre ledd skal liggje
føre før retten avgjer om vilkåra for overlevering er oppfylte.
§ 12 Forhold som kan gi grunnlag
for avslag
Overlevering til strafforfølging på grunnlag av ein nordisk-europeisk
arrestordre kan avslåast for forhold som
a) det er sett i gang norsk strafforfølging mot
den ettersøkte for
b) norsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan
stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet,
ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling
er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast
etter denne staten sine reglar.
Overlevering til straffullbyrding kan avslåast dersom den
ettersøkte er busett i Noreg, eller er norsk statsborgar, og norske
myndigheiter forpliktar seg til å fullbyrde dommen.
Den ettersøkte skal givast høve til å uttale seg før ein
arrestordre vert avslått på grunnlag av eit forhold som er nemnt
i første og andre ledd. Før ein arrestordre vert avslått etter andre
ledd, skal også kriminalomsorga givast høve til å uttale seg.
Kapittel 3. Handsaminga av nordisk-europeiske arrestordrar
§ 13 Pågriping, fengsling og
annan bruk av
tvangsmiddel
Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk-europeisk arrestordre,
skal pågripast snarast råd om ikkje det er klart at overlevering
må avslåast. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre
gjennomførast dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170
a gjeld tilsvarande.
Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om
arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om høvet til
å samtykkje i overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar.
Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre
overleveringa, skal han framstillast for tingretten med krav om
fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal
treffe avgjerd om fengsling om ikkje vilkåra for pågriping er oppfylte, jf.
første ledd, eller det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne
vil unndra seg eller hindre overlevering eller formålet med fengsling
kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten
skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje
opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er
urette.
Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein
tidsfrist på inntil 4 veker. Han kan lengjast med inntil 4 veker
av gongen. Er den pågripne under 18 år, skal tidsfristen likevel
ikkje overstige 2 veker eller lengjast med meir enn 2 veker av gongen.
Samla fengslingstid kan ikkje overstige 12 veker, om det ikkje ligg
føre særlege grunnar. Fjerde punktum gjeld likevel ikkje dersom
det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre
ledd, eller dersom den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert eller
utlevert.
Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same
utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje
ledd fjerde punktum i paragrafen her gjeld tilsvarande.
§ 14 Avgjerd av nordisk-europeisk
arrestordre
Påtalemakta skal etter mottak av arrestordren straks sende
saka til tingretten. Tingretten avgjer ved orskurd om vilkåra for
overlevering er oppfylte.
Den ettersøkte skal i retten spørjast om vedkomande samtykkjer
i overlevering. I så fall skal den ettersøkte også spørjast om å
gi sitt samtykke til rettsforfølging for andre lovbrot gjorde forut
for overleveringa, og om kva for rettsfølgjer eit samtykke har. Eit
eventuelt samtykke skal givast skriftleg i rettsmøtet. Samtykkjer
den ettersøkte i overlevering, treff retten si avgjerd straks og
seinast innan ei veke.
Opplysningane i arrestordren skal leggjast til grunn for
retten si avgjerd, om ikkje dei openbert er urette. Orskurden kan
ankast etter reglane i straffeprosessloven kapittel 26. Fristen
for anke er likevel tre dagar. Anke har utsetjande verknad. Rettskraftig orskurd
skal om mogleg liggje føre seinast 45 dagar etter pågripinga av
den ettersøkte, men innan ei veke dersom den ettersøkte har samtykt
i overlevering. Den rettskraftige orskurden vert straks send til
påtalemakta, som innan tre arbeidsdagar avgjer om arrestordren skal
etterkomast eller ikkje.
Fristar som nemnde i første og tredje ledd byrjar å gjelde
når påtalemakta har motteke tilstrekkelege opplysningar til å behandle
saka. Dersom den ettersøkte har immunitet eller privilegium i Noreg
for den straffbare handlinga arrestordren gjeld, byrjar ikkje fristen
å gjelde før immuniteten eller privilegiet er oppheva. Dersom den
ettersøkte tidlegare er utlevert eller overlevert til Noreg og overlevering
vidare krev samtykke frå den staten som utleverte eller overleverte
vedkomande, byrjar fristen ikkje å gjelde før vedkomande stat har
gitt samtykke.
Dersom fristane ikkje kan overhaldast, skal påtalemakta
straks varsle den som har ferda ut arrestordren, om dette.
Den ettersøkte kan klage på påtalemakta sitt vedtak. Spørsmålet
om vilkåra for overlevering er oppfylte kan ein ikkje klage på.
Straffeprosessloven § 59 a gjeld tilsvarande. Fristen for å klage
er likevel tre dagar, og klagen har utsetjande verknad. Klageinstansen
gjer vedtak straks og så vidt mogleg innan tre arbeidsdagar etter
at klagen vart motteke.
Når endeleg avgjerd om overlevering ligg føre, skal påtalemakta
straks varsle den som har ferda ut arrestordren. Avslag på arrestordren
skal grunngivast.
Departementet kan gi forskrifter om samtykke som nemnt
i andre ledd.
§ 15 Vilkår for overlevering
av norske borgarar og personar busette her
Det skal setjast som vilkår for overlevering av norsk statsborgar
at overlevering vidare for forhold som er gjort forut for overleveringa
til ein stat som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar til Noreg,
ikkje skjer utan samtykke frå departementet, jf. § 10 andre ledd.
Det skal også setjast som vilkår at utlevering vidare for forhold
som nemnde i første punktum, ikkje skal skje, jf. utleveringsloven
§ 2.
Dersom ein arrestordre gjeld overlevering til strafforfølging
av ein norsk statsborgar eller ein person busett her, kan det setjast
som vilkår for overleveringa at vedkomande vert send tilbake for
å sone ein eventuell dom her. Den ettersøkte og kriminalomsorga
skal få høve til å uttale seg før det vert sett eit slikt vilkår.
§ 16 Samtykke i strafforfølging
m.m. for andre straffbare forhold og til overlevering og
utlevering vidare
Ein medlemsstat i Den europeiske unionen som har fått ein
person overlevert frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk
arrestordre, kan når det vert kravd givast samtykke til å
a) strafforfølgje eller fullbyrde straff mot vedkomande
for andre forhold gjorde forut for overleveringa enn dei han vart
overlevert for
b) overlevere personen vidare til ein annan medlemsstat
eller Island for forhold gjorde forut for overleveringa
c) utlevere personen vidare til ein stat utanfor Norden
og Den europeiske unionen for forhold gjorde forut for overlevering,
dersom vedkomande ikkje er norsk statsborgar.
Krav om samtykke i strafforfølging eller straffull-byrding
som nemnt i første ledd bokstav a og til overlevering vidare som
nemnt i første ledd bokstav b) skal utformast i samsvar med §§ 5
og 26 og oversendast som oppgitt i § 25. Samtykke skal givast dersom
vilkåra for overlevering er oppfylte for den straffbare handlinga
som kravet om samtykke gjeld, og på dei vilkåra som følgjer av eller
som vert stilte i medhald av loven her. Avgjerda skal liggje føre
innan 30 dagar etter at kravet vart motteke. § 14 gjeld tilsvarande
så langt han høver. Spørsmålet om samtykke skal likevel behandlast
skriftleg, om ikkje retten avgjer munnleg behandling. Påtalemakta
sender kravet til den tingretten som avgjorde spørsmålet om overlevering.
Det skal oppnemnast forsvarar for den overleverte.
Krav om samtykke i utlevering vidare som nemnt i første
ledd bokstav c skal sendast departementet og behandlast etter reglane
i utleveringsloven.
Kapittel 4. Vilkår for overlevering på grunnlag av ein
nordisk arrestordre
§ 17 Krav til straffetrusselen
eller pådømd straff
Overlevering av personar til ein annan nordisk stat på
grunnlag av ein nordisk arrestordre skjer etter reglane i loven
her for
a) strafforfølging for forhold som kan medføre
fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i den staten
som har ferda ut arrestordren
b) fullbyrding av pådømd fridomsstraff som nemnd i bokstav
a.
Gjeld arrestordren fleire straffbare forhold, skal han
etterkomast og setjast i verk sjølv om vilkåra i første ledd berre
er oppfylte for eitt av forholda.
§ 18 Obligatoriske avslagsgrunnar
Ein nordisk arrestordre skal avslåast for forhold som det
ligg føre ein avslagsgrunn for som nemnd i § 8 første ledd bokstav
a til j og andre ledd.
§ 19 Forhold som kan gi grunnlag
for avslag
Ein nordisk arrestordre kan avslåast dersom
a) det ligg føre forhold som nemnde i § 12 første
og andre ledd
b) forholdet er gjort heilt eller delvis i Noreg, under dette
på Svalbard, Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område
underlagde norsk jurisdiksjon, og det ikkje er straffbart etter
norsk lovgiving.
§ 12 tredje ledd gjeld tilsvarande.
Kapittel 5. Handsaminga av nordiske
arrestordrar
§ 20 Pågriping, fengsling og
annan bruk av
tvangsmiddel
Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk arrestordre,
skal pågripast snarast råd om det ikkje er klart at overlevering
må avslåast. Pågriping kan også skje etter reglane i straffeprosessloven
kapittel 14 når politi eller påtalemakt i ein annan nordisk stat
ber om det før personen er ettersøkt som nemnt i første punktum,
i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i landet.
Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre skje dersom
det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande.
Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om
arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om retten til
å samtykkje i overlevering og kva for rettsfølgjer eit slikt samtykke
har. Det skal oppnemnast forsvarar.
Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre
overleveringa, skal vedkomande framstillast for tingretten med krav
om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten
skal treffe avgjerd om fengsling om ikkje vilkåra for pågriping ikkje
er oppfylte, jf. første ledd, eller det ikkje er grunn til å frykte
for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering eller
formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven §
188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om
fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei
ikkje openbert er urette.
Framstilling for tingretten med krav om fengsling skjer
likevel ikkje dersom den ettersøkte er over 18 år og samtykkjer
i overlevering, dersom ikkje den ettersøkte krev retten si prøving
av vilkåra for fengsling etter tredje ledd tredje punktum eller
dersom overlevering venteleg ikkje kan skje innan ei veke frå pågripinga.
Fristen for framstilling vert i så fall rekna frå kravet om retten
si prøving er framsett eller frå samtykket til overlevering er trekt
tilbake, eller frå det tidspunkt det er klart at overlevering ikkje
vil skje innan fristen nemnd i første punktum.
Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein
tidsfrist som ikkje må overstige 4 veker, men 2 veker dersom den
pågripne er under 18 år. Han kan lengjast med inntil 2 veker av
gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 6 veker, om det
ikkje ligg føre særlege grunnar. Fristane som nemnde gjeld ikkje
dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. §
30 andre ledd, eller den som vert kravd overlevert, tidlegare er
overlevert frå ein stat utanfor Norden eller utlevert.
Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same
utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje
ledd fjerde punktum gjeld tilsvarande.
§ 21 Avgjerd av nordisk arrestordre
Samtykkjer den ettersøkte i overlevering, skal påtalemakta
straks og seinast tre arbeidsdagar etter at samtykket er gitt, avgjere
om den nordiske arrestordren skal etterkomast eller ikkje. Eit samtykke
skal givast skriftleg til påtalemakta etter at den ettersøkte har
blitt orientert om verknaden av at samtykke vert gitt. Eit samtykke
kan trekkjast tilbake.
Dersom påtalemakta vil etterkome arrestordren, og den ettersøkte
ikkje samtykkjer i overlevering eller trekkjer samtykket tilbake
før overleveringa er gjennomført, vert saka straks send til tingretten. Ting-retten
avgjer ved orskurd om vilkåra for overlevering er oppfylte. Opplysningane
i arrestordren skal leggjast til grunn for avgjerda, om dei ikkje
openbert er urette.
Orskurden kan ankast etter reglane i straffeprosessloven
kapittel 26. Fristen for anke er likevel tre dagar. Anke har utsetjande
verknad. Rettskraftig orskurd skal om mogleg liggje føre seinast
3 veker etter pågripinga av den ettersøkte. Den rettskraftige orskurden
vert straks send til påtalemakta, som innan tre arbeidsdagar avgjer
om arrestordren skal etterkomast eller ikkje.
Fristar som nemnde i andre og fjerde ledd byrjar ikkje
å gjelde før påtalemakta har motteke tilstrekkelege opplysningar
til å gjere vedtak. Dersom den ettersøkte har immunitet eller privilegium
i Noreg for den straffbare handlinga arrestordren gjeld, byrjar ikkje
fristen å gjelde før immuniteten eller privilegiet er oppheva. Dersom
den ettersøkte tidlegare er utlevert eller overlevert til Noreg
og overlevering vidare krev samtykke frå den staten som utleverte
eller overleverte vedkomande, byrjar fristen ikkje å gjelde før vedkomande
stat har gitt samtykke.
§ 14 femte til åttande ledd gjeld tilsvarande.
§ 22 Vilkår for overlevering
av norske borgarar og personar busette her
Det skal setjast som vilkår for overlevering av norsk statsborgar
at overlevering vidare for forhold gjorde forut for overleveringa
til ein stat som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar til Noreg,
ikkje skjer utan departementet sitt samtykke, jf. § 10 andre ledd. Det
skal også setjast som vilkår at utlevering vidare for forhold som
nemnde i første punktum ikkje skal skje, jf. utleveringsloven §
2.
Dersom ein arrestordre gjeld overlevering til strafforfølging
av ein norsk statsborgar eller ein person busett her, kan det setjast
som vilkår for overleveringa at vedkomande skal sendast tilbake
for å sone ein eventuell dom her. Den ettersøkte og kriminalomsorga
skal få høve til å uttale seg før det vert sett eit slikt vilkår.
§ 23 Samtykke i strafforfølging
eller
straffullbyrding for andre straffbare
handlingar
Har overlevering skjedd til ein annan nordisk stat på grunnlag
av ein nordisk arrestordre og den staten som har fått personen overlevert,
ber om samtykke til å strafforfølgje eller straffullbyrde for andre
forhold gjorde forut for dei som var omfatta av arrestordren, skal
samtykke givast om det ikkje ligg føre forhold som nemnde i § 18,
jf. § 8. Samtykke kan likevel nektast dersom det ligg føre forhold
som nemnde i § 19 første ledd bokstav b.
Oppmoding om samtykke skal oppfylle krava i §§ 5 og 26
og sendast over som oppgitt i § 25. § 21 gjeld tilsvarande så langt
han høver. Spørsmålet om samtykke skal likevel behandlast skriftleg,
om ikkje retten treff avgjerd om munnleg behandling. I tilfelle som
nemnde i § 21 tredje ledd skal oppmodinga sendast den tingretten
som avgjorde spørsmålet om overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar
for den overleverte.
§ 24 Samtykke i overlevering
eller utlevering vidare
Det kan givast samtykke til at ein person som er overlevert
til eit nordisk land på grunnlag av ein nordisk arrestordre, vert
overlevert vidare til ein medlemsstat i Den europeiske unionen utanfor
Norden for eit forhold gjort forut for overleveringa. Samtykke skal
givast dersom ein arrestordre om overlevering til vedkomande stat
for forholdet ville blitt etterkomen etter reglane som gjeld for
nordisk-europeiske arrestordrar. § 23 andre ledd gjeld tilsvarande.
Oppmoding om samtykke til utlevering vidare til ein stat
utanfor Norden og Den europeiske unionen vert behandla og avgjord
etter reglane i utleveringsloven.
Kapittel 6. Fellesreglar for nordisk-europeiske og nordiske
arrestordrar
§ 25 Oversending og mottak
av arrestordrar for overlevering frå Noreg
Arrestordren vert send gjennom Schengen informasjonssystem
eller anna system for etterlysing av personar mistenkte for straffbare
lovbrot, eller han vert send Kripos. Er opphaldsstaden til den ettersøkte kjend,
kan arrestordren sendast direkte til politimeisteren på staden der
den ettersøkte oppheld seg.
Ved feilsending skal den som mottek arrestordren, straks
sende han vidare til kompetent påtalemakt og varsle den som har
ferda ut arrestordren.
Ei etterlysing registrert i Schengen informasjonssystem
eller i eit anna system for etterlysing av personar og som gjeld
overlevering innanfor loven sitt verkeområde, jf. § 1, skal sidestillast
med ein arrestordre inntil arrestordren vert motteken sjølv om etterlysinga
ikkje inneheld alle opplysningane nemnde i § 5 første ledd.
§ 26 Språk
Ein arrestordre ferda ut til Noreg skal vere skriven på
norsk, svensk, dansk eller engelsk eller ha vedlagt ei omsetjing
til eit av dei nemnde språka.
§ 27 Immunitet og privilegium
Dersom den ettersøkte har immunitet eller eit privilegium
med omsyn til rettsforfølging eller fullbyrding i Noreg som kan
opphevast av norsk myndigheit, skal påtalemakta straks oppmode rett
myndigheit om å oppheve immuniteten eller privilegiet. Dersom oppheving
av immuniteten eller privilegiet byggjer på vedtak gjort av myndigheiter
i ein framand stat eller av organ i ein internasjonal organisasjon, skal
påtalemakta straks varsle utferdande stat om at arrestordren ikkje
kan etterkomast før immuniteten eller privilegiet er oppheva.
Departementet kan gi nærmare føresegner om saksbehandlinga
i tilfelle som nemnde i første ledd første punktum, under dette
om kva for norsk myndigheit som avgjer spørsmål om oppheving av
immunitet eller privilegium.
§ 28 Arrestordrar som gjeld
ettersøkte som
tidlegare er overleverte eller utleverte til
Noreg
Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk
arrestordre, kan overleverast vidare til ein annan nordisk stat
på grunn av ein nordisk arrestordre som gjeld eit straffbart forhold
vedkomande har gjort forut for overleveringa til Noreg. Overlevering
vidare til ein medlemsstat i Den europeiske unionen utanfor Norden
kan skje i tilfelle som nemnde i tredje ledd bokstav a, c, d og
e.
Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk
arrestordre, skal ikkje overleverast vidare til ein annan medlemsstat
i Den europeiske unionen eller Island for eit forhold gjort forut for
overleveringa. Overlevering vidare for forhold som nemnt kan likevel
skje dersom
a) den ettersøkte i retten skriftleg samtykkjer
i overlevering vidare eller i strafforfølging for forholdet
b) den ettersøkte samtykte i å bli overlevert til Noreg
og i den samanhengen også samtykte i å bli strafforfølgd eller få
fullbyrda straff mot seg for forhold gjorde forut for overleveringa
c) den ettersøkte har unnlate å forlate riket, trass i at han
i 45 dagar uhindra har kunna forlate det
d) den ettersøkte frivillig er vend tilbake til riket etter
først å ha forlate det, eller
e) den staten som overleverte den ettersøkte til Noreg,
samtykkjer i overlevering vidare.
Kan overlevering vidare ikkje skje utan samtykke frå den
staten som tidlegare har overlevert vedkomande, jf. tredje ledd
bokstav e, skal påtalemakta sørgje for at det blir sendt ei oppmoding
til vedkomande stat om samtykke til overleveringa. Oppmodinga skal
utformast i samsvar med § 32 og skal sendast kompetent myndigheit
i den staten som overleverte vedkomande.
Overlevering vidare skal ikkje skje i strid med særlege
vilkår sette for overleveringa.
Dersom den ettersøkte er utlevert til Noreg frå ein stat
utanfor Norden og Den europeiske unionen, skal vedkomande ikkje
overleverast i strid med dei vilkåra som er sette for utleveringa.
Dersom overlevering vidare krev samtykke frå den staten vedkomande
er utlevert frå, skal kompetent myndigheit sørgje for at det straks
blir sendt ei oppmoding om slikt samtykke.
§ 29 Avgjerd om overlevering
når det ligg føre
konkurrerande oppmodingar
Dersom det ligg føre fleire arrestordrar som gjeld same
person, avgjer påtalemakta kva for arrestordre som skal etterkomast.
Dersom det i tillegg til ein eller fleire arrestordrar ligg
føre eit krav om utlevering frå ein stat utanfor Norden og EU, tek
departementet avgjerd.
I vurderinga av kva for arrestordre eller utleveringskrav
som skal etterkomast, skal det bl.a. leggjast vekt på staden for
og karakteren av dei straffbare handlingane, når dei konkurrerande
arrestordrane/utleveringskrava er ferda ut, og om dei gjeld strafforfølging
eller fullbyrding av dom.
§ 30 Frist for overlevering
Den ettersøkte skal overleverast snarast mogleg og seinast
ti dagar etter at det ligg føre ei endeleg avgjerd om overlevering,
likevel seinast fem dagar dersom overlevering skal skje på grunnlag
av ein nordisk arrestordre. Gjer særlege omstende det umogleg å
overlevere den ettersøkte innanfor fristen, skal påtalemakta straks
kontakte den som har ferda ut arrestordren, for å avtale ein ny
frist.
Overlevering kan utsetjast dersom det ligg føre tungtvegande
humanitære grunnar. Så snart desse grunnane ikkje lenger er til
stades, avtaler påtalemakta nytt tidspunkt for overlevering med
den som har ferda ut arrestordren. Overlevering skal skje innan
ti dagar rekna frå tidspunkt som nemnt i andre punktum.
Ein ettersøkt som sit fengsla på grunnlag av arrestordren,
skal setjast fri når fristane for overlevering i første og andre
ledd har gått ut.
§ 31 Utsett og mellombels overlevering
på grunn av strafforfølging i Noreg
Påtalemakta kan treffe avgjerd om å utsetje overleveringa
for å strafforfølgje den ettersøkte i Noreg for eit anna straffbart
forhold. Det same gjeld dersom den ettersøkte skal fullbyrde ein
dom for eit anna straffbart forhold.
I staden for å utsetje overleveringa kan overlevering gjerast
mellombels på vilkår som vert avtalte skriftleg mellom påtalemakta
og den som har ferda ut arrestordren.
Dersom den ettersøkte er fridomsrøva, skal kriminalomsorga
givast høve til å uttale seg før det blir treft avgjerd etter første
ledd andre punktum og andre ledd.
Kapittel 7. Overlevering til Noreg
§ 32 Utferding av ein nordisk-europeisk
arrestordre
Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre til ein medlemsstat
i Den europeiske unionen til strafforfølging dersom det ligg føre
ei avgjerd om pågriping treft av retten for ei handling som kan
medføre fengsel i minst 1 år. Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre
til straffullbyrding dersom det ligg føre rettskraftig dom på fengsel
eller anna fridomstap på minst fire månader.
Er det fare ved opphald, kan skriftleg pågripingsavgjerd
treft av påtalemakta tre i staden for avgjerd av retten for utferding
av arrestordrar som nemnde i første ledd første punktum. Påtalemakta
si avgjerd skal snarast mogleg leggjast fram for retten til godkjenning.
Arrestordren kan omfatte også forhold som ikkje oppfyller
krava i første ledd, dersom eitt av forholda oppfyller vilkåra.
I så fall er det for utferding av ein arrestordre til strafforfølging
tilstrekkeleg at det ligg føre pågripingsavgjerd treft av retten
for eitt av forholda.
Arrestordren vert utforma i samsvar med § 5 første ledd.
Dersom handlinga kan straffast med fengsel i minst 3 år og kan sjåast
på som handling nemnd i forskrift til § 7 tredje ledd, skal det
opplysast om dette. Det same gjeld dersom arrestordren gjeld medverknad
til felles kriminell verksemd som nemnd i § 7 andre ledd.
Arrestordren skal vere skriven på eller vere omsett til
det språket eller eitt av dei språka som vert nytta av den iverksetjande
staten, eller til eit anna språk den iverksetjande staten har godteke.
§ 33 Utferding av ein nordisk
arrestordre
Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre til ein annan
nordisk stat til strafforfølging dersom den ettersøkte med skilleg
grunn kan mistenkjast for å ha gjort ei straffbar handling som kan
medføre fengsel. Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre til straffullbyrding
dersom det ligg føre rettskraftig dom på fengsel eller anna fridomstap.
Arrestordren vert utforma i samsvar med § 5 første ledd
og skriven på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
§ 32 tredje ledd første punktum gjeld tilsvarande.
§ 34 Oversending av arrestordrar
Arrestordren vert registrert i Schengen informasjonssystem
eller i eit anna system for etterlysing av personar mistenkte for
straffbare lovbrot. Opplysningar nemnde i § 5 første ledd som ikkje
kan registrerast i Schengen informasjonssystem, skal ettersendast
så snart som mogleg til den myndigheita i den staten der den ettersøkte
vert funnen som etter lovgivinga her er kompetent til å ta imot
arrestordren.
Er det kjent kvar den ettersøkte oppheld seg, kan arrestordren
i tillegg sendast til den myndigheita i opphaldsstaten som etter
lovgivinga her er kompetent til å ta imot arrestordren.
§ 35 Varetektsfrådrag
Når ein ettersøkt er overlevert for fullbyrding av dom
her i riket, skal det gjerast frådrag i straffa for den tida han
eller ho i høve saka har vore fråteken fridomen i den iverksetjande
staten. Det same gjeld når den ettersøkte er overlevert til strafforfølging,
dersom den ettersøkte får dom med fengselsstraff her i riket på
grunnlag av det straffbare forholdet arrestordren gjeld.
§ 36 Strafforfølging for andre
straffbare forhold av overleverte personar
Den som er overlevert til Noreg frå ein medlemsstat i Den
europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre,
kan ikkje strafforfølgjast, og straff kan ikkje fullbyrdast mot
vedkomande, for andre straffbare forhold gjorde forut for overleveringa
enn dei som arrestordren omfatta.
Forbodet i første ledd gjeld likevel ikkje dersom
a) vedkomande etter overleveringa samtykkjer i strafforfølging
eller straffullbyrding for bestemte straffbare forhold gjorde føre
overleveringa. Samtykket skal givast i retten og skal protokollerast
og vedtakast
b) vedkomande samtykte i å bli overlevert til Noreg og i
den samanhengen også samtykte i å bli straffor-følgd eller få fullbyrda
straff mot seg for forhold gjorde forut for overleveringa
c) den ettersøkte har unnlate å forlate riket, enda han
i 45 dagar har hatt høve til dette
d) den ettersøkte frivillig er vend tilbake til riket etter
først å ha forlate det
e) forholdet gjort forut for overleveringa berre kan straffast
med bot, eller
f) staten som overleverte den ettersøkte til Noreg, samtykkjer.
Den som er overlevert til Noreg frå ein nordisk stat på
grunnlag av ein nordisk arrestordre, kan straffor-følgjast, og straff
kan fullbyrdast mot vedkomande for straffbare forhold gjorde forut
for overleveringa om ikkje
a) det i den staten som overleverte vedkomande
ligg føre forhold som nemnde i § 8 første ledd bokstav a til h eller
det ligg føre forhold som nemnde i § 8 første ledd bokstav i eller
j, eller
b) forholdet er gjort heilt eller delvis på territoriet
til den staten som overleverte vedkomande, eller ein stad som vert
likestilt med dette, og forholdet ikkje er straffbart etter lovgivinga
i denne staten, om ikkje denne staten samtykkjer i strafforfølging.
Sjølv om vilkåra i tredje ledd bokstav b ikkje er oppfylte,
kan vedkomande strafforfølgjast for forhold gjorde forut for overleveringa
i tilfelle som nemnde i andre ledd bokstav c og d eller dersom vedkomande
før eller etter overleveringa har samtykt til strafforfølging for
andre forhold.
Ei oppmoding om samtykke som nemnd i andre ledd bokstav
f og tredje ledd bokstav b skal sendast kompetent myndigheit i den
staten som overleverte vedkomande i samsvar med §§ 32 eller 33.
§ 37 Utlevering vidare
Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk
arrestordre, skal ikkje utleve-rast vidare til ein stat utanfor
Norden og Den europeiske unionen for eit forhold gjort forut for
overleveringa hit utan samtykke frå den staten som vedkomande er
overlevert frå, om ikkje anna følgjer av overleveringsvedtaket.
Den som er overlevert til Noreg på grunnlag av ein nordisk
arrestordre, kan berre utleverast vidare til ein stat utanfor Norden
og Den europeiske unionen for eit forhold gjort forut for overleveringa
hit dersom vedkomande samtykkjer eller i tilfelle som nemnde i §
36 andre ledd bokstav c, d og f.
Avgjerd om utlevering vidare vert teken av departementet
etter føresegnene i utleveringsloven.
§ 38 Tilbakeføring av personar
som er overleverte til Noreg
Er ein ettersøkt overlevert til Noreg for strafforfølging
på vilkår om at den overleverte vert ført tilbake til utferdande
stat etter at strafforfølginga er gjennomført, skal påtalemakta
sjå til at personen vert ført tilbake.
Er den som skal tilbakeførast ikkje fengsla på førehand,
kan vedkomande pågripast og fengslast dersom dette vert rekna som
nødvendig for å få gjennomført tilbakeføringa. Avgjerd om fengsling
skal ikkje gjelde for lengre tid enn ti dagar, likevel fem dagar
dersom tilbakeføringa skal skje til eit nordisk land. Gjer særlege
omstende det umogleg å tilbakeføre vedkomande innan fristen nemnd
i andre punktum, kan fengslinga lengjast med inntil ti dagar, likevel inntil
fem dagar dersom tilbakeføringa skal skje til eit nordisk land.
Kapittel 8. Andre føresegner i samband med overlevering
§ 39 Beslag og overlevering
av ting
Påtalemakta skal beslagleggje og overlevere ting som venteleg
har tyding som bevis i den saka arrestordren gjeld, eller som er
utbytte av dette straffbare forholdet. Det same gjeld andre ting
og utbytte som kan inndragast etter straffeloven §§ 34 til 37 b,
dersom den staten som har ferda ut arrestordren, krev det, og det
ville vore høve til inndraging etter lovgivinga i den staten som
har ferda ut arrestordren.
Plikta i første ledd gjeld sjølv om den ettersøkte er død
eller forsvunnen.
Påtalemakta kan halde tilbake eller mellombels overlevere
ting som nemnde i første ledd når dei venteleg har tyding som bevis
i pågåande strafforfølging her i riket.
Overleveringa får inga tyding for eksisterande rettar i
tinga. Det kan stillast vilkår for overleveringa dersom det er nødvendig
for å verne slike rettar.
§ 40 Mellombels overføring
Dersom det ligg føre ein arrestordre om pågriping og overlevering
av ein ettersøkt person til straffor-følging, kan påtalemakta etter
krav samtykkje i mellombels overføring av den ettersøkte for avhør
i den staten som har ferda ut arrestordren.
Samtykke skal ikkje givast dersom det er klart at arrestordren
vil bli avslått eller dersom det vert rekna som nødvendig at den
ettersøkte oppheld seg her i riket av omsyn til ei straffesak eller
behandlinga av arrestordren. Ved vurderinga av om samtykke skal
givast skal det takast omsyn til om overføringa vil lengje fridomstapet
til den ettersøkte. Den ettersøkte skal få høve til å uttale seg
før avgjerda vert teken.
Påtalemakta fastset tida for overføringa og stiller dei
vilkåra som ho finn er nødvendige.
§ 41 Transitt
Den som vert overlevert frå Sverige, Danmark, Finland eller
Island til ein av desse statane, kan utan særskilt samtykke førast
over norsk territorium.
I andre tilfelle av overlevering på grunnlag av ein arrestordre
frå ein medlemsstat i Den europeiske unio-nen til ein annan medlemsstat
eller til Island skal departementet gi godkjenning til at personen
vert ført over norsk territorium dersom norske myndigheiter har
motteke opplysningar om identiteten og statsborgarskapen til den
ettersøkte, kva slag straffbar handling som har skjedd og rettsleg
karakteristikk på ho, og omstende rundt handlinga, under dette tid
og stad. Skal overleveringa skje til ein stat som ikkje overleverer
eigne statsborgarar til Noreg, kan transitt likevel nektast dersom
den ettersøkte er norsk statsborgar, jf. § 10 andre ledd. I andre
tilfelle der den ettersøkte er norsk statsborgar, kan det setjast
vilkår for godkjenninga.
Andre ledd gjeld tilsvarande ved transitt av ein person
som skal utleverast frå ein stat utanfor Norden og Den europeiske
unionen til ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller Island
på grunnlag av eit utleveringskrav.
Kapittel 9. Avsluttande føresegner
§ 42 Iverksetjing m.m.
Loven trer i kraft frå det tidspunktet Kongen fastset.
Kongen kan bestemme at loven skal tre i kraft mellom enkelte av
dei nordiske statane, eller for berre nordiske eller nordisk-europeiske
arrestordrar. Frå det tidspunkt loven trer i kraft for nordiske
arrest-ordrar, vert lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar
til Danmark, Finland, Island og Sverige og lov 19. september 2008
nr. 77 om nordisk arrestordre oppheva.
Loven gjeld for arrestordrar mottekne etter at loven har
tredd i kraft. Utleveringskrav mottekne før loven har tredd i kraft,
vert behandla etter lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar
til Danmark, Finland, Island og Sverige eller etter lov 13. juni 1975
nr. 39 om utlevering av lovbrytarar m.v.
§ 43 Endringar i andre lover
Frå den tida Kongen fastset, blir det gjort følgjande endringar
i anna lovgiving:
1. Lov 15. november 1963 om fullbyrding av nordiske
dommer på straff m.v. § 6 blir endra slik:
§ 6 skal lyde:
Reglene som gjelder for strafforfølging, straffullbyrding
og for over- og utlevering videre for andre forhold begått før overleveringen
for personer som er overlevert fra Norge til en annen nordisk stat, gjelder
tilsvarende for domfelte som i medhold av bestemmelsen i denne lovs
§ 5 overføres til Danmark, Finland, Island eller Sverige for å utholde
frihetsstraff der.
2. Lov 5. juni 1970 nr. 35 om utlevering for å få iverksatt
vedtak om frihetsinngrep truffet av myndighet i annet nordisk land
blir endra slik:
§ 1 andre ledd skal lyde:
Loven gjelder ikke avgjørelse i samband med strafforfølging,
jf. arrestordreloven.
§ 9 første ledd nytt andre punktum skal lyde:
Om adgangen til å strafforfølge den utleverte
og til å fullbyrde straff for forhold som er begått før utleveringen,
samt til å utlevere og overlevere vedkommende videre til en tredje
stat for et slikt forhold, gjelder de regler for dette som gjelder
ved overlevering av personer fra Norge til en annen nordisk stat, tilsvarende.
Noverande første ledd andre punktum og andre til fjerde
ledd vert oppheva.
3. Lov 13. juni 1975 nr. 39 om utlevering av lovbrytere
m.v. blir endra slik:
§ 1 nytt andre punktum skal lyde:
For overlevering av personer for straffbare forhold
mellom Norge og medlemsstater i Den europeiske union og mellom Norge
og andre nordiske stater på grunnlag av en arrestordre, gjelder
arrestordreloven.
§ 21 nr. 2 første punktum skal lyde:
Samtykke kan bare gis når handlingen kunne ha begrunnet
utlevering etter denne lov.
§ 21 nr. 2 nytt tredje punktum skal lyde:
Dersom saken tidligere ikke har vært prøvd for retten,
skal den tingretten hvor den ettersøkte sist oppholdt seg, avgjøre
spørsmålet.
Noverande tredje punktum blir nytt fjerde punktum.
§ 22 andre punktum blir oppheva.
§ 24 nr. 3 tredje punktum skal lyde:
Ved begjæring fra Danmark, Finland, Island eller Sverige
gjelder heller ikke første punktum første alternativ.
§ 25 nr. 3 fjerde punktum skal lyde:
Første punktum gjelder ikke for begjæringer fra Danmark,
Finland, Island eller Sverige.
4. Lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant blir endra slik:
§ 4-5 første ledd skal lyde:
(1) Panterett i enkelt krav får rettsvern ved at skyldneren
får melding om pantsettelsen, enten fra pantsetteren eller fra panthaveren. Bestemmelsen
i § 1-4 gjelder ikke. Pantsettelse av slik panterett får rettsvern
på samme måte.
5. Lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i
straffesaker blir endra slik:
Ny § 463 b skal lyde:
Er en domfelt overlevert eller utlevert til Norge for
straffullbyrding på grunnlag av en dom som omfatter flere handlinger,
og kan overlevering eller utlevering etter loven i den fremmende
staten bare skje for noen av handlingene, fastsetter retten ved
beslutning, etter begjæring fra påtalemyndigheten, straff for de
handlingene som overlevering eller utlevering kan skje for.