1. Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om desse lovendringane:

  • I opplæringslova og i privatskolelova:

    • Innføre krav om at den som skal undervise, må ha relevant kompetanse i undervisningsfaget.

    • Lovfeste høve til å tilsetje nokon i undervisningsstilling på vilkår om at påbegynt utdanning blir fullførd.

    • Lovfeste høve til å organisere innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar.

    • Innføre ei eiga føresegn om opplæring ved behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

  • I privatskolelova:

    • Innføre føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar som tilbyr opplæring i små og verneverdige handverksfag.

Regjeringa vil styrkje kompetansen hos lærarane og dermed heve kvaliteten i grunnopplæringa og læringsutbyttet for elevane. Målet er at lærarar skal ha relevant utdanning i alle fag dei underviser i. For å medverke til dette vil regjeringa lovfeste eit krav om at den som skal undervise i eit fag, må ha relevant kompetanse i undervisningsfaget, med dei unnatak og overgangsreglar som er naudsynte for å sikre best mogleg gjennomføring. Kompetansekrava i dag er berre knytte til det å bli tilsett i undervisningsstilling. I desse er det ikkje gjort endringar.

Regjeringa gjer framlegg om ein ny § 10-6 a som vil opne for at skoleeigar kan tilsetje på vilkår av at påbyrja utdanning vert fullførd, dersom ingen ak-tuelle søkjarar fyller kompetansekrava.

Regjeringa vil på bakgrunn av høyringsrunden ikkje no ta inn noko krav om spesialpedagogisk kompetanse, eit krav det vil vere vanskeleg å oppfylle no, og heller ikkje for undervisning for vaksne.

Nykomne minoritetsspråklege elevar skal etter lovframlegget kunne organiserast i særskilde innføringstilbod, dersom dette er til beste for eleven. Dette gjeld så vel grunnskolen som vidaregåande skole.

Regjeringa foreslår vidare eigne lovføresegner om opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Dette er mest ei presisering av gjeldande rett.

Regjeringa meiner opplæringstilbodet i små og verneverdige fag er eit ansvar for den offentlege skolen. Regjeringa ser likevel behovet for eit supplement og legg inn eit unnatak i privatskolelova § 2-2 når det gjeld godkjenning, for skolar som berre gir slik opplæring. Tanken er at utøvarar i faga skal kunne møtast og fagtradisjonar haldast oppe gjennom private opplæringstilbod i tradisjonelle handverksfag.

Framlegga i proposisjonen vil i hovudsak ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Lovendringane skal etter framlegget ta til å gjelde frå ulike tidspunkt: Regjeringa tek sikte på at lovendringane om kompetansekrav og tilsetjing på vilkår blir sette i verk 1. januar 2014, medan ei føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar som tilbyr små og verneverdige handverksfag, blir sett i kraft 1. juli 2012. For forslaga elles tek regjeringa sikte på at dei skal bli sette i kraft 1. august 2012.