1.1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen 2011.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane går det òg fram overført løyving frå 2010 til 2011 og overført løyving frå 2011 til 2012. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det er lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petro-leumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2011 er 1 223,5 mrd. kroner, medan utgiftene er 952,1 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda er 350,8 mrd. kroner, med 372,2 mrd. kroner i inntekter og 21,4 mrd. kroner i utgifter. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart overført til Statens pensjonsfond utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 851,3 mrd. kroner, medan utgiftene er på 930,7 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 79,4 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2011 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 84,2 mrd. kroner. Dette vart dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Statsrekneskapen for 2011 vert dermed gjort opp med eit overskot på 4,8 mrd. kroner. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene knapt 6,1 mrd. kroner høgare og utgiftene drygt 1,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett 2011.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2011 er no rekna til 94,1 mrd. kroner. Dette er om lag 4,9 mrd. kroner mindre enn ved nysalderinga av statsbudsjettet 2011, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2011 vart rekna til 99,0 mrd. kroner.

Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond vart 103,0 mrd. kroner. Desse inntektene inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.2. Overskotet i Statens pensjonsfond vart 369,7 mrd. kroner, og samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 374,4 mrd. kroner i 2011.

Ved utgangen av 2011 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland 3 307,9 mrd. kroner. Det er 227,1 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2010. Overskotet i Statens pensjonsfond utland auka kapitalen med 363,7 mrd. kroner, jf. tabell 1.2, medan andre tilhøve minka kapitalen med 136,6 mrd. kroner. Av dette auka netto valutakursvinst kapitalen i fondet med 49,2 mrd. kroner, medan netto realiserte og urealiserte tap reduserte kapitalen i fondet med 185,8 mrd. kroner.

Frå utgangen av 2010 til utgangen av 2011 minka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 5,4 mrd. kroner, frå 134,9 mrd. kroner til 129,5 mrd. kroner. Årsaka er renteinntekter og utbyte på 6,0 mrd. kroner og 11,4 mrd. kroner i samla netto realiserte og urealiserte tap på aksje- og renteplasseringane.

1.1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Dei inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverka til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Meininga bak retningslinene er å syta for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulera produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vera naudsynt å halda attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

1.1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte under-skotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2011 er bruken av petroleumsinntekter i 2011 no rekna til 94,1 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 34 mrd. kroner mindre enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2011, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 128,1 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2011 er rekna til 123,2 mrd. kroner, eller om lag 29 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 4,5 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

I revidert nasjonalbudsjett 2011 vart anslaget på det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 15,2 mrd. kroner, til 112,9 mrd. kroner. Anslaget på dei strukturelle skattane auka med 13 mrd. kroner, medan anslaget for andre postar styrkte budsjettet med netto 2,2 mrd. kroner. Frå revidert nasjonalbudsjett 2011 til nysaldert budsjett 2011 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 13,9 mrd. kroner, til 99,0 mrd. kroner, som følgje av ny informasjon om utgiftene i statsbudsjettet og utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna å vera 4,9 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, som følgje av lågare utgifter og høgare skatteinntekter enn venta.

1.1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2010 og 2011.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 112,0 mrd. kroner, frå 262,4 mrd. kroner i 2010 til 374,4 mrd. kroner i 2011. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med 82,6 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 57,9 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet minka med 24,7 mrd. kroner frå 2010 til 2011.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 74,8 mrd. kroner, frå 276,0 mrd. kroner i 2010 til 350,8 mrd. kroner i 2011. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond auka med 12,5 mrd. kroner, frå 90,5 mrd. kroner i 2010 til 103,0 mrd. kroner i 2011. For Statens pensjonsfond syner tabell 1.2 netto inntekter frå kontantstraumen som vert overførte til SPU, og overføringa frå SPU til statsbudsjettet for å dekkja det oljekorrigerte budsjettunderskotet i nysaldert budsjett. I tillegg syner oversikta netto betalte rente- og utbyteinntekter i Statens pensjonsfond. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg.

1.1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2011 vart 105,5 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 9,8 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 45,0 mrd. kroner høgare i ny-sal-dert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 5,8 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 84,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2011, noko som er 50,8 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med ein monaleg auke i skatte- og avgiftsinntektene på 37,7 mrd. kroner. Utgiftene vart 5,8 mrd. kroner mindre, mellom anna som følgje av lågare renteutgifter og utgifter til dagpengar under folketrygda.

Budsjettutviklinga gjennom 2011 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 45 S (2011–2012) Ny saldering av statsbudsjettet 2011.

1.1.5.2 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2011 er det oljekorrigerte underskotet 79,4 mrd. kroner. Dette er 4,8 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 55,6 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.2. Som del av BNP for Fastlands-Noreg utgjer endringane i det oljekorrigerte underskotet høvesvis ‑0,2 prosent og ‑2,7 prosent. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2011 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Sjå boks 1.2 om uvisse i bud-sjetta-nslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkja det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2011 gjort opp med eit overskot på 4,8 mrd. kroner. Endringa frå nysaldert budsjett kjem fram slik:

Inntektene utanom petroleumsinntekter vart 6,1 mrd. kroner høgare, ei endring frå 845,2 mrd. kroner til 851,3 mrd. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter vart 2,3 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter til saman vart om lag 3,8 mrd. kroner høgare.

Utgiftene utanom petroleumsverksemda vart 1,3 mrd. kroner høgare, ei endring frå 929,4 mrd. kroner til 930,7 mrd. kroner.

Medrekna i desse tala er meirinntekter og meirutgifter på drygt 2,1 mrd. kroner frå standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i nysaldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på 1,8 mrd. kroner på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga. Overførte, unytta løyvingar frå 2011 til 2012 vart 0,3 mrd. kroner høgare enn overføringane frå 2010 til 2011, noko som medverkar til lågare utgifter i rekneskapen.

Endringar i inntektene

Auken i skatte- og avgiftsinntektene kjem for det meste av endra periodisering av skatteinntektene i løyvingsrekneskapen. Medan skattane tidlegare vart førte med ein månads etterslep, vert skattane etter omlegging i slutten av 2011 ført med same periodisering i løyvingsrekneskapen som i skatterekneskapen. Departementa har rapportert om lag 1,8 mrd. kroner i meirinntekter på budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Kystverket og Forsvarsbygg høgare enn i budsjettet for 2011. Nokre departement har dessutan høve til å utføra oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar netto meirinntekter under departementa mindre beløp for mellom anna ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter.

Endringar i utgiftene

Når ein ser bort frå meirutgifter som heng saman med bruk av inntekter frå standardrefusjonar og andre meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, syner tabellen 2,6 mrd. kroner mindre utgifter, fordelt på ei rekkje løyvingar.

Utgifter til investeringar og drift under Jernbaneverket vart knapt 0,7 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett, medan utgiftene under Statens vegvesen vart 0,2 mrd. kroner høgare. Under Olje- og energidepartementet vart det i nysalderinga av 2010-budsjettet varsla at staten sin del av finansieringsbehovet i 2010 til investering i og driftsførebuing av teknologisenteret på Mongstad (TCM) såg ut til å verta lågare enn tidlegare rekna med, og at overslaget for 2011 kunne verta høgare. På grunn av uvisse om utbetalingstidspunkt, vart budsjettposten merkt «kan overførast» i nysaldert budsjett 2010. Rekneskapen for 2011 syner eit meirforbruk på drygt 0,5 mrd. kroner på budsjettkapittelet. Utgiftene til investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar vart knapt 0,5 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Mindreutgiftene kjem av lågare aktivitetsnivå og at det tek lengre tid å gjennomføra prosjekta. Tilskotet til Svalbardbudsjettet vart 0,6 mrd. kroner lågare enn i nysalderinga og kjem av høgare skatte- og avgiftsinntekter på Svalbard enn venta.

Overført, unytta løyving til 2012

Frå 2010 til 2011 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 10,8 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2011 til 2012 er på 11,1 mrd. kroner. Det er ein auke på om lag 0,3 mrd. kroner.

Det er særleg Forsvarsdepartementet (0,5 mrd. kroner), Kommunal- og regionaldepartementet (0,6 mrd. kroner) og Fiskeri- og kystdepartementet (0,3 mrd. kroner) som har ein auke i overførte løyvingar. Hovudgrunnane er materiellkjøp i forsvaret, tilskot til utleigebustader og investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar under KRD og drift og investeringar under Kystverket. Overføringane under Utanriksdepartementet auka med om lag 0,1 mrd. kroner fordelt på ei rekkje postar, medan overføringane under Finansdepartementet auka netto med drygt 0,1 mrd. kroner, noko som for det meste kjem av overført løyving for kjøp av klimakvotar, generell ordning.

Den største nedgangen i overførte beløp finn ein i Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet. Tabell 1.2 i vedlegg 1 syner ei meir detaljert oversikt over endra overføring per departement.

Under Næringsdepartementet vart det under kap. 934 Internasjonaliseringstiltak, post 90 Lån til mellombels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån, «kan overførast», løyvd til saman 40 mrd. kroner i 2011, jf. Prop. 34 S (2011–2012) Eksportfinansiering og Prop. 42 S (2011–2012) Endringer i Prop. 34 S (2011–2012) Eksportfinansiering. Av lånetransaksjonsløyvinga er 33,3 mrd. kroner unytta i 2011 og overført til 2012.

1.1.6 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå eit år til neste kjem til uttrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter, petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finna i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

I nasjonalbudsjettet 2011 var den reelle, under-liggj-ande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,3 prosent, medan han i nysaldert budsjett for 2011 vart rekna til 2,2 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2011 er veksten rekna til 1,7 prosent. Grunnen til nedjusteringa er dels at underliggjande utgifter vart noko lågare enn venta, og dels at løns- og prisveksten i 2011 vart høgare enn venta.

1.1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2010 har lånebehovet auka med 25,6 mrd. kroner, frå 38,0 mrd. kroner i 2010 til 63,6 mrd. kroner i 2011. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 11,2 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 9,9 mrd. kroner. Det vart betalt 46,2 mrd. kroner i avdrag på statsgjelda i 2011, medan det i 2010 ikkje vart betalt avdrag på statsgjelda. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 31,8 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga.

Av samla løyving på 40 mrd. kroner til ei førebels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån vart det i 2011 utbetalt 6,7 mrd. kroner. Unytta løyving på 33,3 mrd. kroner er overført til 2012. Meirutgiftene under Statens pensjonskasse i samband med bustadlånsordninga svarar til 7,5 prosent av løyvinga, medan auken under Lånekassa svarar til 1,0 prosent av løyvinga. Mindreutgiftene på lån frå Husbanken svarar til under 1/4 prosent av løyvinga. Eigenkapitalinnskotet i nytt føretak for Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller vart 35 mill. kroner mindre enn budsjettert.

Tilbakebetalingane vart knapt 0,2 mrd. kroner lågare enn venta i nysalderinga.

Netto utlån vart dermed drygt 31,6 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på 4,8 mrd. kroner, vart netto finan-sieringsbehov 36,4 mrd. kroner lågare enn i ny-saldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i ny-saldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 36,4 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2010 og 2011.

1.1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2011 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 777,5 mrd. kroner i 2011, ein auke på 64,0 mrd. kroner eller 9,0 prosent frå året før. Det er i stor grad uventa høge inntekter frå skattelegging av føretak som har gjort at skatte- og avgiftsinntektene vart 40,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2011.

Skatt frå føretak varierer mykje over tid, òg målt mot BNP for Fastlands-Noreg. I høve til BNP for Fastlands-Noreg har føretaksskattane auka monaleg frå tidleg i 1990-åra, mellom anna som følgje av skattereforma i 1992. Medan føretaksskattane utgjorde 1 1/2–2 prosent av BNP for Fastlands-Noreg i perioden 1960–1990, har høvetalet dei siste åra auka til rundt 4 prosent, jf. figur 1.1. Skatteinngangen frå føretak har i uventa liten grad vorte påverka av finanskrisa og det internasjonale tilbakeslaget.

Skatte- og avgiftsinntektene vart knapt 2,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett for 2011. Hovudgrunnen er endra periodisering av skatteinntektene i løyvingsrekneskapen. I samband med utvikling av den nye skatterekneskapen SOFIE har Skattedirektoratet hatt til utprøving ei løysing som gjev same periodisering i skatterekneskapen og statsrekneskapen. Endringa inneber at det periodiske oppgjeret for staten sin del av skattane vert inntektsført i same rekneskapsperiode (månad) i statsrekneskapen som i skatterekneskapen. Tidlegare vart inntektsføringa i statsrekneskapen gjort med eit etterslep på ein månad. Den nye ordninga har medført at skatteinntektene har auka med om lag 3,5 mrd. kroner på grunn av endra periodisering. Dersom ein tek omsyn til dette, er dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg i statsrekneskapen for 2011 lågare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 777,5 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2011 utgjorde skatt på inntekt og formue 227,6 mrd. kroner, og arveavgifta 1,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 15,1 prosent. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 241,0 mrd. kroner i 2011, ein auke på 8,4 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 6,1 prosent, til 208,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2010 til 2011 auka andre særavgifter og tollinntekter med 3,6 prosent, frå 95,0 mrd. kroner til 98,4 mrd. kroner. Sjå vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2 for detaljar.

1.1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2011 drygt 21,4 mrd. kroner, og det meste var investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 209,7 mrd. kroner i 2011. Inntektene frå SDØE vart 149,2 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2011 vart knapt 13,4 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 372,2 mrd. kroner i 2011, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 350,8 mrd. kroner. Det er 62,8 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett og 1,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2011 vart 266,6 mrd. kroner. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.