Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i
statsbudsjettet 2012.
Som følgje av lågare driftskostnader ved ordinære
mottaksplasser er det forventa eit mindreforbruk på 40 mill. kroner
under kap. 490 post 21 i 2012.
Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg
belegg i mottak på 15 740, med 280 i mottak for einslege mindreårige
asylsøkjarar, jf. Prop. 111 S (2011–2012). Nyare prognosar viser
at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 15 700, med
270 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgifta
som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått
til 7,07 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 21 med 47,07 mill. kroner.
Det er venta færre intervju som følgje av at
dei nye prognosane anslår 500 færre asylsøkjarar i 2012 enn kva
som tidlegare er lagt til grunn. Vidare har det i mindre grad enn
forventa vore brukt tolk ved ankomstintervju. På denne bakgrunn
vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap.
490 post 22 med 4 mill. kroner.
Det er venta eit meirforbruk på i underkant
av 8 mill. kroner knytt til barnehagetilskot for 4- og 5-åringar.
Vidare er det venta auka utgifter til alternativ mottaksplassering
(AMOT) på om lag 6 mill. kroner. I tillegg er det venta lågare utgifter
knytt til kompensasjon for talet på mottaksplassar og til særtilskot
ved omsorgsovertaking og som følgje av redusert gjennomsnittsbelegg
i mottak.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga
under kap. 490 post 60 med 8,548 mill. kroner.
Det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak vert
noko lågare enn det som er lagt til grunn for 2012, jf. omtale under
kap. 490 post 21. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 1,3
mill. kroner under kap. 490 post 70. På grunn av endra samansetning
av bebuarar i mottak er det eit ytterlegare forventa mindreforbruk
på 8 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 70 med 9,255 mill. kroner.
På bakgrunn av forseinka framdrift i planlagde tiltak,
er det venta eit mindreforbruk på posten. Løyvinga under kap. 490
post 72 vert difor i proposisjonen foreslått redusert med 3,5 mill.
kroner.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert
det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post
75 med 1,778 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til retur og
tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
(ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under
kap. 490 post 72 vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga
under kap. 3490 post 1 med 3,5 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til retur og
tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
(ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om auke i løyvinga under kap.
490 post 75 vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under
kap. 3490 post 3 med 3,414 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar
og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som
har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga
under kap. 490 post 21 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått
å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 107,823 mill. kroner.
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår
i proposisjonen å redusere løyvinga under kap. 491 post 1 med 1
mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 491 post 21, jf. omtale
under kap. 491 post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga
i UNE i 2012.
På grunn av fleire nemndhandsamingar enn tidlegare
lagt til grunn, er det venta eit meirforbruk på 1 mill. kroner under
kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått
å auke løyvinga under kap. 491 post 21 med 1 mill. kroner, jf. omtale
under kap. 491 post 1.