Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Sør-Afrika

Til Stortinget

Sammendrag

Den 16. juli 2012 blei det i Cape Town skrive under ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Sør-Afrika. Formålet til protokollen er å betre muligheitene for utveksling av opplysningar for skatteformål mellom dei to statane.

Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon av 29. april 2011. Protokollen blei på vegner av Noreg skriven under av ambassadør Kari Bjørnsgaard og på vegner av Sør-Afrika av finansminister Pravin Gordhan.

Protokollen vil trå i kraft når begge statane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at protokollen kan tre i kraft. Protokollen får verknad frå denne datoen.

Hausten 2011 tok styresmaktene i Sør-Afrika kontakt med norske styresmakter for å innleie forhandlingar om endring av artikkel 26 i gjeldande skatteavtale. Bakgrunnen var at Sør-Afrika for framtida vil gjennomføre den standarden for innsyn i og utveksling av opplysningar som er etablert i OECD si mønsteravtale av 2005.

Skatteavtala mellom Kongeriket Noreg og Republikken Sør-Afrika blei underskriven i Cape Town den 12. februar 1996 og bygger på OECD si mønsteravtale frå 1992. I denne avtala går det ikkje klart fram at Sør-Afrika pliktar å gi norske skattestyresmakter innsyn i kontoar og andre opplysningar som bankar og finansinstitusjonar i Sør-Afrika har. Heller ikkje går det klart fram at Sør-Afrika pliktar å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knyte til norske skattytarar eller å gi opplysningar i saker der Sør-Afrika ikkje har ei eiga skatteinteresse. Etter gjeldande avtale pliktar Sør-Afrika heller ikkje å utveksle opplysningar om skattar som ikkje vert omfatta av avtala.

Artikkel 1 til protokollen oppdaterer artikkel 26 i skatteavtala i tråd med OECD sine anbefalingar for informasjonsutveksling der det nå er klarlagt i artikkelen kva for informasjon landa pliktar å utveksle.

Artiklane 2 og 3 inneheld reglar om når protokollen trer i kraft og opphør av protokollen. Protokollen trer i kraft på datoen for mottak av den siste av kunngjeringane om at dei naudsynte interne prosedyrane er gjennomførte, og endringane skal ha verknad frå same dato som protokollen trer i kraft. Protokollen skal vere i kraft så lenge skatteavtala er i kraft, og skal ha verknad så lenge skatteavtala har verknad.

Protokollen er inngått på engelsk. Protokollen og ei norsk omsetjing følgjer vedlagt proposisjonen.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen, Nina Mjøberg, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ida Marie Holen, fung. leder Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om å samtykke til å sette i kraft protokollen til endring av skatteavtalen mellom Norge og Sør-Afrika.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Sør-Afrika, underskrevet i Cape Town 16. juli 2012.

Oslo, i finanskomiteen, den 5. mars 2013

Ketil Solvik-Olsen

Torfinn Opheim

fung. leder

ordfører