Bompengar utgjer eit viktig bidrag til bygging av riks- og fylkesvegar, og det har vore ein vesentleg auke i bruken av bompengar i perioden 2002–2011. I 2011 betalte trafikantane 6,6 mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd. kroner. Sentrale mål for innkrevjinga av bompengar er at den skal skje med minst mogleg ulemper for trafikantane, lågast mogleg kostnader og høgast mogleg inntening. Målet med undersøkinga har vore å vurdere kor effektiv bompengeforvaltninga er. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2011.

1.1 Hovudfunn

  • Automatiseringa av bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulempe for trafikantane.

  • Målet om at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnader, er ikkje realisert.

  • Det er eit potensial for å auke bompengeinntektene i eksisterande bompengeanlegg, utan å auke prisane.

  • Svakheiter ved Samferdselsdepartementet si styring og oppfølging på området.

  • Svakheiter ved Statens vegvesen si oppfølging av bompengeselskapa.

  • Store forskjellar i låne- og innskotsvilkåra for selskapa.

  • Det er vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør.

1.2 Riksrevisjonens merknader

1.2.1 Automatiseringa av innkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulemper for trafikantane

I løpet av 2000-talet har stadig fleire bompengeselskap teke i bruk det elektroniske betalingssystemet AutoPASS. Per mars 2012 har 42 av 52 bompengeselskap innført AutoPASS. Automatiseringa av bompengeinnkrevjinga har medverka til god trafikkavvikling og betre trafikktryggleik. Riksrevisjonen ser positivt på denne utviklinga.

1.2.2 Målet om at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnader, er ikkje realisert

I 2011 utgjorde driftskostnadene i bompengeselskapa 12,5 prosent av bompengeinntektene, noko som utgjer 818 mill. kroner. Desse driftskostnadene kunne ha vore reduserte med ei meir effektiv innkrevjing. Det er påvist følgjande:

  • Selskapa har betydelege utgifter knytt til biletbehandling for køyretøy som passerer utan gyldig brikke. Dette er kostnader som gir seg utslag i lønnskostnader eller kostnader til driftsoperatør.

  • Selskapa har store tap på fordringar som følgje av at trafikantar ikkje betaler for passeringar i automatiske anlegg, eller ikkje betaler for utskriven tilleggsavgift. I 2011 utgjorde tap på fordringar 21 prosent av driftskostnadene, noko som utgjer 172 mill. kroner.

  • Manglar ved det felles sentrale datasystemet (sentralsystemet) for innkrevjing av bompengar har medført høge driftskostnader for selskapa. Det har til dømes ikkje vore mogleg å sende ut e-faktura, og det har påført mange selskap store porto- og trykkjerikostnader. For eitt selskap utgjorde dette 43,5 mill. kroner i 2010.

  • Ordningar som er etablerte for å sikre innkrevjing frå utanlandske trafikantar, er kostbare. For somme selskap kostar innkrevjinga meir enn dei får inn i inntekter.

Driftskostnadene er i mange tilfelle vesentleg høgare enn føresett i stortingsproposisjonane for dei aktuelle bompengeprosjekta. I 2011 var dei årlege driftskostnadene (medrekna tap på fordringar) for 17 bompengeselskap samla sett 42 prosent høgare enn føresett.

Det var ein føresetnad at driftskostnadene skulle reduserast gjennom automatiseringa av bompengeinnkrevjinga. Driftskostnadene sin del av bompengeinntektene og kostnaden per passering blei redusert frå 2002 til 2005. Etter 2005 har driftskostnadene sin del av bompengeinntektene og kostnaden per passering auka, og var i 2011 høgare enn i 2005.

Riksrevisjonen har gjort ein effektivitetsanalyse som dokumenterer at det er store forskjellar i effektiviteten til selskapa. Kor stor del av bilistane som bruker brikke, er den faktoren som i størst grad påverkar effektiviteten. Dette viser at det er eit potensial for å effektivisere bompengeforvaltninga.

Riksrevisjonen konstaterer at målet om lågast mogleg kostnad ikkje er realisert. Riksrevisjonen peiker på at Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen dermed ikkje har tatt det overordna ansvaret dei har for å sikre at innkrevjinga av bompengar skjer med lågast mogleg kostnad.

1.2.3 Det er eit potensial for å auke bompengeinntektene i eksisterande bompengeanlegg, utan å auke prisane

Bompengeinntektene har auka betydeleg frå 2002 til 2011. Dette kjem både av at det er fleire bompengeprosjekt og at trafikken har auka kraftig. Det er samstundes påvist at innteninga kunne ha vore endå høgare.

  • Svakheiter ved den tekniske løysinga på innkrevjingsutstyret har ført til inntektstap for selskapa. Eitt selskap tapte 10,5 mill. kroner i inntekter som følgje av feil ved innkrevjingsutstyret i perioden 2008–2012. Vidare taper selskapa inntekter på grunn av uleselege bilete. Det kan vere feil eller manglar ved innkrevjingsutstyret eller vêrtilhøve som gjer det umogleg å lese skilt. Dersom fleire brukte brikker, kunne ein unngå dette.

  • Svakheiter ved vedlikehalds- og driftstenestene har medverka til lågare inntening. Tidlegare serviceavtale for drift og vedlikehald av innkrevjingsutstyret gjaldt frå kl. 8 til 16 på kvardagar, og feil ved utstyret blei ikkje retta opp før neste vekedag. Vedlikehaldsavtalane frå og med 1. juni 2012 gjeld heile døgnet alle dagar.

  • Stikkprøvekontrollar har vist at trafikantar med tunge køyretøy som har abonnement for lette køyretøy, påfører bompengeselskapa eit inntektstap. Det blir i liten grad gjennomført kontrollar for å sjekke at trafikantane har riktig brikkeabonnement.

Riksrevisjonen meiner det er positivt at det i 2011 og 2012 er sett i verk fleire tiltak som vil kunne medverke til ei meir effektiv bompengeinnkrevjing frå norske og utanlandske køyretøy. Til desse tiltaka høyrer det skandinaviske samarbeidsprosjektet om brikkebruk (EasyGo) og arbeidet med å innføre ei ordning med obligatorisk brikke for tunge køyretøy over 7,5 tonn. Dei nye vedlikehaldsavtalane som gjeld heile døgnet alle dagar, og faste møte med utstyrsleverandørane kan i større grad sikre god kvalitet på innkrevjingsutstyret. Det skal også gjennomførast fleire kvalitetskontrollar av utstyret. I kriteria for innkjøp av vegkantutstyr er kvaliteten vekta høgare enn tidlegare.

Riksrevisjonen føreset at Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen sørgjer for at tiltaka gir dei resultata som er planlagde. Riksrevisjonen framhevar vidare at ein i tillegg må vurdere å setje i verk tiltak for å sikre ei høgast mogleg inntening.

1.2.3.1 Svakheiter ved Samferdselsdepartementet si styring og oppfølging på området

Samferdselsdepartementet gir i liten grad styringssignal om sjølve bompengeinnkrevjinga, og framhevar at Vegdirektoratet har eit overordna styringsansvar, mens departementet berre har ei svært overordna rolle. Ein gjennomgang av referat frå etatsstyringsmøta mellom Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen i åra 2005–2011 viser at innkrevjinga av bompengar i liten grad er tema på møta. For å kunne utøve det overordna ansvaret på ein god måte, ser Riksrevisjonen det som viktig at Samferdselsdepartementet i større grad legg vekt på bompengeinnkrevjinga i si oppfølging av Statens vegvesen.

1.2.4 Svakheiter ved Statens vegvesen si oppfølging av bompengeselskapa

Statens vegvesen si oppfølging av dei enkelte bompengeselskapa er mangelfull. Berre éin av dei fem regionane gjennomfører dei årlege møta som er føresette i bompengeavtalen mellom kvart enkelt selskap og Statens vegvesen. Det varierer også i kva grad regionane gir skriftleg tilbakemelding på rapporteringa frå bompengeselskapa. Riksrevisjonen peiker på kor viktig det er at bompengeselskapa blir følgde opp i tråd med bompengeavtalen, og at dei får tilbakemelding på eit tenleg tidspunkt.

Vegdirektoratet utarbeider ikkje overordna analysar på nasjonalt nivå av dei økonomiske dataa som er rapporterte inn, med mindre dei konkret blir bedne om det. Samferdselsdepartementet har heller ikkje bede om slike analysar. Det er derimot i 2012 sett i gang eit prosjekt i Statens vegvesen som skal kartleggje kostnadsdrivarane i automatiske anlegg. Riksrevisjonen meiner at kostnadsanalysar er viktige bidrag for å få sett i gang tiltak for å redusere kostnadene.

Bompengeselskapa rapporterer årleg inn sentrale rekneskapstal. Fleire av regionane i Statens vegvesen og selskapa peiker på at det er uklart kva krav som gjeld for rapporteringa. Selskapa rapporterer derfor på forskjellig måte, og det medfører at Statens vegvesen ikkje får påliteleg og nøyaktig styringsinformasjon, slik § 14 i økonomireglementet krev. Riksrevisjonen peiker på at påliteleg rapportering er avgjerande for å sikre god styringsinformasjon.

1.2.5 Store forskjellar i låne- og innskotsvilkåra for selskapa

Bompengeselskapa hadde i sum ei gjeld på over 19 mrd. kroner, og finanskostnadene (medrekna renteutgiftene) utgjorde 518 mill. kroner i 2010. Same året hadde selskapa 2,4 mrd. kroner i innskot og finansinntekter på 74 mill. kroner. Det er påvist store forskjellar i vilkåra for lån og innskot, og også ei lite aktiv låneforvaltning hos enkelte selskap. Det viser at det er eit potensial for lågare finanskostnader og høgare finansinntekter i bompengeselskapa. Ei aktiv forvaltning er derfor svært viktig for finanskostnadene og finansinntektene til selskapa. Regionane i Statens vegvesen følgjer i liten grad opp låne- og innskotsvilkåra i selskapa og korleis selskapa forvaltar dei. Riksrevisjonen føreset at regionane i Statens vegvesen følgjer opp at selskapa forvaltar låna og innskota sine slik at dei får best mogleg vilkår.

1.2.6 Det er vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør

Det var 36 av bompengeselskapa som hadde sett bort drifta til ekstern driftsoperatør i 2010. Selskapa sine samla kostnader til driftsoperatør utgjorde 180 mill. kroner same år. Det tilsvarer 48 prosent av driftskostnadene for desse selskapa.

Innkjøpa av driftsoperatør til selskapa skal gjerast i samsvar med lov om offentlige anskaffelser. For fem av selskapa var avtalen forlengd utover det som gjekk fram av den opphavlege avtalen. Det vil seie at tenesta ikkje har vore konkurranseutsett. For eitt av selskapa gjekk den konkurranseutsette kontrakten ut i 2002. Per august 2012 er det ikkje inngått ny kontrakt.

Regionane i Statens vegvesen følgjer i liten grad opp at selskapa etterlever lov om offentlige anskaffelser. Regionane har heller ikkje oversikter over når dei ulike kontraktane går ut.

Å konkurranseutsetje tenester i tråd med lov om offentlige anskaffelser er slik Riksrevisjonen ser det, eit sentralt verkemiddel for å sikre lågast mogleg kostnad for bompengeselskapa når dei skal kjøpe inn driftsoperatør. Riksrevisjonen understrekar derfor at det er viktig at bompengeselskapa følgjer regelverket, og at Statens vegvesen følgjer opp at innkjøpa blir konkurranseutsette etter regelverket.

1.3 Tilrådingar frå Riksrevisjonen

  • 1. Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen bør setje i verk tiltak for å sikre ei meir effektiv innkrevjing av bompengar. Tiltaka bør blant anna rettast inn mot å auke omfanget av brikkebruk blant trafikantane. Tiltak som er sette i verk, bør førast vidare, og resultata bør følgjast opp.

  • 2. Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen bør klargjere kva styringsinformasjon departementet skal få. Statens vegvesen bør vidare sikre påliteleg rapportering frå bompengeselskapa gjennom å konkretisere rapporteringskrava og sjå til at regionane følgjer dei opp.

  • 3. Statens vegvesen bør rutinemessig utarbeide kostnadsanalysar for drifta av bompengeselskapa. På bakgrunn av resultata frå desse analysane må relevante tiltak setjast i verk.

  • 4. Statens vegvesen bør følgje opp at det enkelte bompengeselskap har ei så kostnadseffektiv innkrevjing som råd. Dette omfattar ei oppfølging av:

    • låne- og innskotsvilkåra og korleis dei blir forvalta

    • at bompengeselskapa etterlever lov om offentlige anskaffelser ved å konkurranseutsetje innkjøp av driftsoperatør.

1.4 Departementet si oppfølging

Statsråden trekkjer i svarbrevet sitt til Riksrevisjonen fram at undersøkinga tydeleg avdekkjer kvar det er potensial for forbetringar. Samferdselsdepartementet vil sjå til at dette blir følgt opp på best mogleg måte.

Statsråden stiller seg bak Riksrevisjonen sin konklusjon om at det er eit potensial for effektivisering på kostnadssida. Statsråden viser til at det på fleire av dei områda der Riksrevisjonen har påpeikt svakheiter, allereie er sett i verk endringsprosessar eller tiltak. Arbeidet med å innføre regionale eller fylkeskommunale selskap blir trekt særskilt fram. Færre selskap gir ifølgje statsråden grunnlag for stordriftsfordelar, og dette gir grunnlag for auka profesjonalisering, både med omsyn til innkrevjingsordningar, låneopptak og kapitalforvaltning.

Tiltak for å auke delen av bilistar som bruker brikker, blir blant dei viktigaste tiltaka for å sikre ein reduksjon på kostnadssida. Det blir vist til arbeidet med å innføre obligatorisk bompengebrikke på køyretøy over 3,5 tonn. Omsynet til at ein skal halde kostnadene ved innkrevjing av bompengar på eit så lågt nivå som råd, tilseier ifølgje statsråden at ein bør utvide påbodet om obligatorisk bompengebrikke til å gjelde alle køyretøy. Det blir arbeidd med tekniske løysingar for å auke anonymiteten i bompengesystemet.

Departementet vil følgje opp at dei tiltaka som er sette i verk – som til dømes nye vedlikehaldsavtalar og faste møte med utstyrsleverandørane av innkrevjingsutstyret – blir gjennomførte.

Når det gjeld påviste svakheiter ved Samferdselsdepartementet si styring og oppfølging, uttaler statsråden at god rapportering frå Vegdirektoratet er avgjerande for at departementet skal kunne ta eit tydelegare styringsansvar. I rapporteringa framover skal det i større grad fokuserast på effektane av dei tiltaka som blir sette i verk for å betre bompengeforvaltninga. Frå og med 2013 vil departementet derfor be om at rapporteringa frå Vegdirektoratet blir meir utfyllande, og Vegdirektoratet må analysere dataa dei får frå bompengeselskapa. Vidare skal departementet alltid gi tilbakemelding på rapporteringa. Departementet vil også be om at bompengeforvaltninga blir teken opp som eit eige punkt på nokre etatsmøte.

Frå og med 2013 er det lagt opp til ei mykje strammare oppfølging av bompengeselskapa frå Statens vegvesen. Dokument og rettleiingar som blir nytta i oppfølginga, blir for tida reviderte. Det blir også lagt opp til ei tettare og meir kontinuerleg oppfølging av rentevilkåra til bompengeselskapa. Statsråden trekkjer avslutningsvis fram at Vegdirektoratet skal sikre betre rutinar for rapportering om innkjøp og korleis dette blir følgt opp, i Statens vegvesen.

1.5 Riksrevisjonens sluttmerknad

Riksrevisjonen har ingen ytterlegare merknader i saka.