1.1 Samandrag

Kulturdepartementet legg med dette fram proposisjon om å reisa eit nybygg på Vestbanen for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Proposisjonen presenterer resultatet av ein prosess som starta i 2004–2005. Forslaget er å reisa eit museumsbygg med eit bruttoareal på 54 600 rutemeter innanfor ei kostnadsramme på 5 327 mill. kroner og med ei styringsramme på 4 690 mill. kroner, i prisnivå juli 2013.

Nybygget til Nasjonalmuseet er eit krevjande prosjekt med høge funksjons- og kvalitetskrav på ei rekkje felt. Bruk av solide materialar som naturstein utvendig og tregolv i utstillingsareala gjev nybygget eit markant preg. Den lysande «Alabasthallen» gjev bygningskomplekset eit særprega uttrykk. Det er sett strenge og omfattande krav til tryggingstiltak i bygningen. Fleire hendingar både heime og i utlandet dei seinaste åra har understreka kor overlag viktig det er å ta tryggingstiltak i museum på stort alvor. Strenge klimakrav medfører behov for VVS-løysingar som er meir kostnadskrevjande enn i vanlege kontorbygningar. Det er lagt stor vekt på ein energi- og klimapositiv profil for bygget.

Nybygget legg stor vekt på universell utforming.

Nybygget på Vestbanen inneber at Nasjonalmuseet får bygningsmessige rammevilkår som styrkjer institusjonen som forvaltar og formidlar av viktige nasjonale samlingar av visuell kunst. Innanfor eit samla bygningskompleks skal museet kunna formidla ulike sider ved den visuelle kunsten både i eit historisk perspektiv og i eit meir reindyrka samtidsperspektiv.

1.2 Innleiing

1.2.1 Samfunnsmål for eit nybygg for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Målet med nybygget på Vestbanen er å skapa eit vitalt, nasjonalt forskings- og formidlingssenter for dei visuelle kunstartane. Nasjonalmuseet skal vera ein nyskapande møteplass der eit breitt samansett publikum skal oppleva og få kunnskap om dei visuelle kunstartane. Nybygget på Vestbanen skal markera Nasjonalmuseet som ein utstillings- og formidlingsarena på internasjonalt nivå.

Nasjonalmuseets samfunnsfunksjonar kan konkretiserast med omgrepa samfunnsminne og møtestad.

Nybygget til Nasjonalmuseet skal gjera museet synleg i bybiletet og understreka at museet er ein viktig samfunnsinstitusjon. Det samla museumsanlegget skal ha eit arkitektonisk nivå som viser at Nasjonalmuseet er ein ambisiøs og kvalitetsmedviten institusjon. Nybygget skal utformast på ein måte som tek omsyn til og samspelar med dei freda stasjonsbygningane på Vestbanen, Oslo rådhus og Rådhusplassen. Totalt sett skal nybygget vera eit museumsanlegg som vert lagt merke til, både nasjonalt og internasjonalt.

I utgreiingsarbeidet som ligg til grunn for forprosjektet, har det vore definert ei rekkje effektmål som prosjektet skal svara på, m.a. følgjande punkt:

  • Nasjonalmuseet skal få bygningsmessige rammevilkår som legg til rette for eit aktivitets- og utstillingsnivå som gjer det mogeleg å auka publikumstalet frå ca. 500 000 til 750 000 årleg.

  • Nasjonalmuseet skal setjast i stand til å visa 10–15 pst. av dei faste samlingane, samstundes som museet kan tilby publikum både nasjonale og internasjonale temporære utstillingsprogram. I dag er det berre nokre få prosent av dei faste samlingane som er tilgjengelege.

1.2.2 Om Nasjonalgalleriet

Statsbygg har sidan 2010 hatt i oppdrag å vurdera kva som kan vera aktuell aktivitet i Nasjonalgalleribygningen når Nasjonalmuseet flyttar ut. Dersom det ligg til rette for det, ønskjer Universitetet i Oslo at Nasjonalgalleriet skal vera del av den bygningsporteføljen som skal liggja til grunn for det vidare utviklingsarbeidet for Kulturhistorisk museum. Regjeringa har enno ikkje teke stilling til dei nye planane frå Universitetet i Oslo. Dersom det ikkje vert aktuelt å nytta bygningen til funksjonar med tilknyting til universitetet, vil andre statlege behov verta vurderte.

1.3 Resultatet av gjennomført forprosjekt

Ein viser her til proposisjonen.

1.4 Kostnader

1.4.1 Forslag til styrings- og kostnadsramme

Tufta på Statsbyggs forprosjekt tilrår ekstern kvalitetssikrar at prosjektet bør ha ei styringsramme (P 50) på 4 690 mill. kroner i prisnivå juli 2013. Då er meirverdiavgift ikkje rekna inn. Nasjonalmuseet er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og skal driva avgiftspliktig verksemd i dei nye lokala. Heile bygget skal nyttast til avgiftspliktig verksemd. Statsbygg får dermed frådrag for inngåande meirverdiavgift både for oppføringskostnader og driftskostnader for det arealet som skal leigast ut.

Ekstern kvalitetssikrar tilrår at uvisseavsetninga bør vera 900 mill. kroner. Ein viktig del av uvisseanalysen er knytt til uvisse om marknadsutviklinga i byggjebransjen dei næraste fem–seks åra. Vidare er det lagt vekt på at prosjektet er krevjande og at tomta gjev ei rekkje utfordringar for sjølve byggjeprosessen. På den bakgrunnen er forslaget om P 85 på 5 590 mill. kroner. På vanleg måte er det utarbeidd ei prioritert kuttliste på 263 mill. kroner. Det medfører at tilrådd kostnadsramme – P 85 med fråtrekk for kuttlista – er 5 327 mill. kroner rekna i prisnivå juli 2013.

Statsbygg har ingen merknader til dei tala ekstern kvalitetssikrar føreslår for prosjektet.

På denne bakgrunn føreslår regjeringa at styrings- og kostnadsramma for nybygget på Vestbanen vert følgjande, rekna i juli 2013-kroner:

Styringsramme (P 50)

4 690 mill. kroner

Uvisseavsetning

900 mill. kroner

P 85

5 590 mill. kroner

Kuttliste

263 mill. kroner

Kostnadsramme bygg

5 327 mill. kroner

1.5 Plan for vidare gjennomføring

1.5.1 Mål for gjennomføringa av Vestbaneprosjektet

Innanfor kostnadsramma på 5 327 mill. kroner skal prosjektet styrast etter eit målprioritering med følgjande rekkjefølgje: 1) kostnad, 2) kvalitet og 3) tid.

Hovudperspektivet i styringa av prosjektet er at det skal gjennomførast innanfor styringsramma (P 50) på 4 690 mill. kroner og i samsvar med vedtekne planar for areal, funksjonar, kvalitet, framdrift og økonomi. Det er utarbeidd prioriterte kuttlister med ei ramme på 263 mill. kroner. Prosjektet skal effektuera desse kutta for å halda styringsramma, dersom det vert naudsynleg.

Uvisseavsetnaden på 900 mill. kroner (skilnaden mellom P 50 og P 85) skal berre kunna nyttast der-som det oppstår uføresedde situasjonar i prosjektet, eller det kjem marknadssvingingar som inneber at styringsramma må overskridast.

1.5.2 Organisering og styring av prosjektet

Departementet legg opp til tett dialog med Statsbygg gjennom heile prosjektperioden, og det vil vera eit klårt mål å ha god styring med kostnader og framdrift.

1.5.3 Drifta i Nasjonalmuseets nybygg

Når Nasjonalmuseet flyttar inn i nybygget, vil alle delar av drifta få heilt andre rammevilkår enn det som er tilfellet i dag. Reint praktisk vil alle funksjonane vera samlokaliserte, og alle arbeidsprosessane vil vera langt meir rasjonelle og effektive enn det som er mogeleg i dag. På den andre sida vil Nasjonalmuseet ha aktivitetar i ein større bygningsmasse enn i dag. Konkret aukar bruttoarealet frå ca. 38 000 rutemeter i noverande lokale, eksterne magasin inkludert, til ca. 57 000 rutemeter, og då er Bankplassen 3 for Arkitektur inkludert. Dette inneber at bygningsrelaterte driftskostnader vil auka noko, samanlikna med situasjonen i dag. Overgangen frå fire driftsstader til éin vil gje ein klår synergieffekt.

Nasjonalmuseet har i samarbeid med departementet gjennomført ein førebels analyse av kva som kan vera ein realistisk budsjettprofil når museet flyttar inn i nybygget. Analysen tyder på at Nasjonalmuseet vil kunna få monaleg høgare eigeninntekter i nybygget enn i dag. Hovuddelen av driftsbudsjettet vil likevel måtta koma frå statleg driftstilskot. Litt avhengig av kor stort besøk museet vil få i nybygget og dermed kor store eigeninntekter museet kan skapa, vil tilskotsbehovet vera mellom 224 og 277 mill. kroner (2013-kroner) til museumsdrifta, og då er husleigekostnader ikkje medrekna. I 2013 får Nasjonalmuseet 272 mill. kroner i statleg driftstilskot, inkludert tilskot til husleigekostnader.

1.5.4 Framdrift

Statsbygg har vurdert kompleksiteten i nybygget slik at det er naudsynt med ca. seks års produksjonstid frå det tidspunktet Statsbygg får oppdragsbrev om å starta arbeidet.

Straks det ligg føre stortingsvedtak om løyving til prosjektet, vil Statsbygg setja i gang å detaljprosjektera med tanke på å innhenta tilbod på dei første entreprisane. Då vil òg departementet koma attende til Stortinget med detaljert framdriftsplan.

1.6 Konklusjon

Kulturdepartementet tilrår Stortinget å vedta at det skal byggjast eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen innanfor ei kostnadsramme på inntil 5 327 mill. kroner i prisnivå juli 2013. Den vidare gjennomføringa av prosjektet skal tuftast på ei styringsramme for Statsbygg på inntil 4 690 mill. kroner. Regjeringa vil koma attende med forslag om startløyving.