Komiteens tilråding fremmes av samtlige av komiteens
medlemmer, unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, bortsett fra
§ 12, 4. ledd som fremmes av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i jordlova
I
I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord vert det gjort følgjande
endringar:
§ 2 tredje ledd nytt andre punktum
skal lyde:
Når energi- eller vassdragsmyndigheita har gitt endeleg
samtykke til tiltaket, gjeld § 12 ikkje for anlegg for overføring
eller omforming av elektrisk energi som nemnt i energiloven § 3-1
tredje ledd eller for anlegg for produksjon av energi etter energiloven,
vannressursloven eller vassdragsreguleringsloven.
§ 12 skal lyde:
§ 12 Deling
Deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk
eller skogbruk må godkjennast av departementet. Det
same gjeld forpakting, tomtefeste og liknande leige eller
bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid
enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren). Med
eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige.
Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål
enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik
at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke
til deling ikkje givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering
etter § 9.
Ved avgjerd av om samtykke til deling skal givast,
skal det leggjast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg
og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår mellom
anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei
driftsmessig god løysing, og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige
ulemper for landbruket i området. Det kan leggjast vekt på andre
omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova.
Sjølv om det etter tredje ledd ikkje ligg til
rette for å gi samtykke til deling, kan samtykke givast dersom deling
vil vareta omsynet til busetjinga i området.
Samtykke til deling kan givast på slike vilkår som er nødvendige
av omsyn til dei føremåla som lova skal fremja.
Føresegnene gjeld utan omsyn til om ein eigedom har fleire
registernemningar når eigedomen eller ideell del av han er på same
eigarhand og etter departementet sitt skjønn må reknast som ei driftseining.
Samtykke til deling er ikkje nødvendig når særskild registrert
del av eigedom vert seld på tvangssal. Det same gjeld dersom det
i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dela eigedom.
Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at
samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort.
Departementet kan gi forskrift om høve til frådeling
av mindre areal utan godkjenning i samband med grensejustering etter
matrikkellova.
II
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.