10. Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Sammendrag fra Prop. 25 S (2013–2014)

Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med framlegg til fullmakt for statleg opplåning i 2014. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av regjeringa sitt forslag til endringar i statsbudsjettet i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014). Det er ønskjeleg med romslege fullmakter for opptak av langsiktige og kortsiktige lån slik at ein kan gjere endringar i låneprogrammet gjennom året.

Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2014 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån. Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å jamne ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som kan avvike frå finansieringsbehovet i det enkelte året. For 2014 fremjar ein forslag om fullmakt på 100 mrd. kroner for opptak av nye langsiktige lån, det same som for 2013.

Statens kortsiktige opplåning i marknaden skjer ved sal av statskassevekslar som har løpetid på inntil 12 månader. Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året. Som følgje av byteordninga auka uteståande i statskassevekslar kraftig i 2008 og 2009. Etter kvart som bytteavtalene har blitt innfridde har også uteståande minka, og i juni 2014 forfell dei siste byteavtalene. For året 2014 fremjar ein forslag om ei ramme på 200 mrd. kroner for uteståande kortsiktige marknadslån, 50 mrd. lågare enn i 2013.

For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Fullmakta gjeld alminnelege kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskot som kontolån til staten. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir førd vidare. For nærare omtale viser ein til kapittel 2.3 i proposisjonen. Forslaga er samanfatta i proposisjonens tabell 2.2.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.