Det blir gjort framlegg om ei samla auke av
posten på 4,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt arbeid med husdyrregisteret,
felles ID-nummer og innføring av RFID-merking (strekkode) av storfe.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar blir det gjort
framlegg om at løyvinga på posten blir auka med 2 mill. kroner.
Arbeid finansiert under post 23 eSporingsløysinga
er i hovudsak avslutta. Det blir gjort framlegg om at løyvinga på
posten blir omdisponert med 1,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt
driftsbudsjett og 1,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd, sjå omtale
under kap. 1115 post 1 og kap. 1137 post 50.
Samla gjer departementet framlegg om å redusere
løyvinga på posten med 3.1 mill. kroner.
Det har vore større utbetalingar til erstatningar enn
forutsett. For å sikre ei meir realistisk budsjettering foreslår
departementet å auke posten med 3,3 mill. kroner, til 4,4 mill.
kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet
framlegg om å auke løyvinga på posten med 64 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150
post 71 med 68,4 mill. kroner.
Departementet gjer difor framlegg om ein reduksjon
i løyvinga tilsvarande 108,2 mill. kroner, til 2 294,1 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1151 post
51 blir auka med 5 mill. kroner.
I tråd med omtale under kap. 1151 post 51 blir det
gjort framlegg om at kap. 1151 post 75 blir redusert med 5 mill.
kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten
med 22,7 mill. kroner for inneverande budsjettår for å sikre realistisk
budsjettering.
Departementet gjer framlegg om å auke inntekstposten
med 3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten
med 59,5 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at løyvinga på kap. 4162
post 90 blir redusert med 25 mill. kroner til 225 mill. kroner.
For å sikre realistisk budsjettering blir det
gjort framlegg om ei auke av løyvinga på posten med 6,1 mill. kroner
knytta til utbytte frå Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS
og Veso.
Kap. 1148 post 71 er ei overslagsløyving, og skadeerstatningar
blir gitte etter nærare fastsette reglar. Oppdaterte prognoser viser
at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2013 som ikkje vil komme
til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår
difor å auke tilsegnsfullmakta for 2013 med 39,8 mill. kroner, til
125 mill. kroner.