5.1 Innleiing

5.1.1 Samandrag

Noregs Bank har som mål å fremje den økonomiske stabiliteten i landet. Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Noregs Bank forvaltar valutareservane i landet og Statens pensjonsfond utland.

Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov om Noregs Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai 1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank. Noregs Bank har dessutan fått eit særskilt ansvar når det gjeld den motsykliske kapitalbufferen gjennom ei forskrift.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken i ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU), fastsett av Finansdepartementet.

5.1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering, og viser til merknader nedanfor.

5.2 Leiing og administrasjon

5.2.1 Samandrag

Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgivande verksemda til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med at reglane for verksemda blir følgde.

Hovudstyret arbeider for å realisere banken sine mål og verdiar, med særleg vekt på strategiske problemstillingar knytt til å fremje prisstabilitet, finansiell stabilitet og ei effektiv og tillitvekkjande kapitalforvalting. Det blir lagt vekt på at Noregs Bank skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Hovudstyret har ansvar for at det er tilfredsstillande rammer, mål og prinsipp for verksemda. Vidare skal det sikre at rekneskapen og kapitalforvaltinga er under god styring og kontroll, og sjå til at risikostyringa og internkontrollen til banken er tilfredsstillande i alle delar av verksemda.

Hovudstyret består av sju medlemmer som er oppnemnde av regjeringa, med sentralbanksjefen som leiar og visesentralbanksjefen som nestleiar. Det har to underutval: revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet. Revisjonsutvalet består av tre av dei eksterne medlemmene av hovudstyret og er eit saksførebuande og rådgivande arbeidsutval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvalting og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring og internkontroll. Kompensasjonsutvalet består av to av dei eksterne medlemmene av hovudstyret. Det er eit saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane til banken.

Representantskapet til Noregs Bank består av 15 medlemmer som Stortinget har oppnemnt. Gjennom verksemd og rapportering skal representantskapet forvisse Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og formålstenleg driven, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet organiserer eit tilsynssekretariat som utfører tilsyns- og kontrolloppgåver, forvaltar avtalen med ekstern revisor og utfører sekretariatsfunksjonar for representantskapet. Det fungerer òg som koordinator i samarbeidet mellom Noregs Bank, ekstern revisor og Riksrevisjonen, særleg i relasjon til Statens pensjonsfond utland. Tilsynssekretariatet er fagleg og administrativt uavhengig av banken. Representantskapet legg kvart år fram utgreiinga om verksemda si for Stortinget i form av ein eigen rapport.

Etter sentralbanklova skal sentralbanksjefen stå for den daglege leiinga av banken. Visesentralbanksjefen er nestleiar. Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingane Marknader og banktenester (MB), Pengepolitikk (PPO) og Finansiell stabilitet (FST), Konsern- og fellesfunksjonar (KF) og stabsfunksjonar.

For NBIM har hovudstyret delegert avgjerdsmakt direkte til NBIM-leiaren gjennom stillingsinstruks. NBIM forvaltar Statens pensjonsfond utland og delar av valutareservane. NBIM har ein del eigne støttefunksjonar, men får òg støtte frå administrasjonen (KF) i sentralbankverksemda.

5.2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Komiteen viser til at Noregs Banks hovudstyre leiar den utøvande og rådgjevande verksemd til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift og med at regleane for banken si verksemd vert følgt. Representantskapet har sitt eige sekretariat, som fastsetter Noregs Banks regnskap og vedtar budsjettet. Komiteen viser til at det de siste åra har skjedd fleire endringar som gjeld representantskapet. Komiteen meiner det er viktig at det fortløpande vert vurdert korleis tilsynet med banken si verksemd kan utviklast vidare, mellom anna representantskapets rolle. Komiteen viser elles til sine merknader til Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2013 og Dokument 9 (2013–2014) Rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2013.

5.3 Arbeidet med finansiell stabilitet

5.3.1 Samandrag

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Noregs Bank. Paragraf 1 i sentralbanklova seier at banken skal utferde setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Paragraf 3 seier at banken skal varsle departementet når det etter banken si oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre enn banken. Banken skal informere offentlegheita om penge-, kreditt- og valutatilhøva. I tillegg gir § 13 Noregs Bank eineretten til å utferde norske setlar og myntar. Etter § 17 skal Noregs Bank utføre bankforretningar for staten. Paragraf 9 gir Noregs Bank høve til å yte lån til og gjere innskot i forretnings- og sparebankar, mens § 20 fastset at Noregs Bank tek imot innskot frå bankane. Av det følgjer eit særleg ansvar for å overvake bankvesenet. Lova om betalingssystem gir Noregs Bank ansvaret for å gi konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankane og for å føre tilsyn med systema.

Noregs Bank overvaker det finansielle systemet samla sett. Banken sender regelmessig brev til Finansdepartementet med råd om tiltak som kan motverke at det byggjer seg opp systemrisiko. Analysane som ligg til grunn for vurderingane, blir det gjort greie for i faste rapportar som blir publiserte på same tid som ein sender brev til departementet.

Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gir Noregs Bank eit spesielt ansvar for å overvake likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långivar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å behandle kriser i det finansielle systemet.

Sjå meldinga for nærare omtale av Noregs Bank si vurdering av tilstanden i finansmarknaden og framlegg til tiltak frå Noregs Bank.

5.3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

5.4 Betalingssystemet, setlar og myntar

5.4.1 Samandrag

Sjå meldinga for omtale av betalingssystema, oppgjerssystemet til Noregs Bank og av setlar og myntar.

5.4.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

5.5 Utøvinga av pengepolitikken

5.5.1 Samandrag

Under dette punktet vert Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2013 vurdert. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei kort omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2013 og vurderingar frå nokre andre institusjonar, deriblant Norges Bank Watch, OECD, IMF og Finanstilsynet. Departementet sine vurderingar kjem til slutt. Sjå meldinga for omtale.

5.5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.