4. Uttalelse fra utenriks- og forsvarskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 27. mai 2014 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen svarer følgende i sitt brev av 4. juni 2014:

«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til næringskomiteens utkast til innstilling datert 27. mai vedrørende Prop. 63 S (2013-2014) Samtykke til ratifikasjon av en frihandelsavtale mellom EFTA-statene og Colombia og en bilateral landbruksavtale mellom Norge og Colombia, begge av 25. november 2008, og har følgende merknader:

Utenriks- og forsvarskomiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til næringskomiteens utkast til innstilling til Prop. 63 S (2013-2014) og har ingen ytterligere merknader.

Komiteens medlem frå Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser til at situasjonen for menneskerettar og arbeidstakarrettar i Colombia er særs alvorleg. Politiske forfølgingar og drap har vore vanleg i over 60 år. I følgje høyringsinnspelet frå Norsk Folkehjelp gjekk talet på drepne fagorganiserte, menneskerettsaktivistar og leiarar i bonde- og urfolksorganisasjonar opp frå 2012 til 2013. Colombia er eit av dei farlegaste landa i verda å vere fagorganisert i.

Denne medlem merkar seg at fagrørsle og sivilsamfunn i Colombia og Noreg har uttrykt sterk motstand mot avtala. Denne medlem er for handelsavtaler, men meiner at regjeringa bør føre ein samstemt nærings-, utviklings- og utanrikspolitikk overfor Colombia, der respekt for menneskerettar er gjennomgåande integrert.

Denne medlem viser til at Colombia avviste ei forpliktande avtale med Noreg om menneskerettar og arbeidstakarrettar. Det er positivt med ein MoU mellom Colombia og Noreg, men denne gir verken høve til å monitorere eller sanksjonere utviklinga av situasjonen for menneskerettar og arbeidarrettar framover.

Denne medlem viser til at evalueringar frå arbeidstakarrettsdelen av frihandelsavtala mellom USA og Colombia, som har ein klausul om menneskerettar og arbeidarrettar, viser svært dårlege resultat. Ein evalueringsrapport utført for Kongressen i USA viste at manglande oppfølging av avtala gjorde at arbeidarrettane i mange tilfelle har blitt svekka etter at avtala trådde i kraft.

Denne medlem noterer seg at motstanden mot frihandelsavtaler i Colombia er omfattande. Motstand mot frihandelsavtala med USA var ein av hovudparolane i dei store demonstrasjonane i 2013 som var dei største i nyare colombiansk historie.

Denne medlem noterer seg at arbeidsforholda i dei eksportretta næringane i landet er karakterisert av manglande kontraktar, låge lønningar, lange arbeidsdagar og helsefarlege tilstandar. Høyringsinnspelet frå Handelskampanjen fortel at etablering av vasskraftanlegg, gruver og plantasjar kan føre til at urfolk og småbønder blir drive på flukt og fratekne rettar. Colombia er eit av landa i verda med flest interne flyktningar og eigarskap til jorda er svært skeivt fordelt.

Denne medlem viser til at Noreg legg til rette for fredsforhandlingar mellom colombianske styresmakter og FARC. Denne medlem merkar seg at det er knytt bekymring til at ei inngåing av frihandelsavtale vil kunne påverke dei pågåande fredsforhandlingane negativt, då Noreg inngår ei avtale som er omstridt mellom dei forhandlande partane.

Denne medlem er kjent med at avtala legg opp til symmetrisk liberalisering og vil understreke at det er uheldig at det blir stilt like krav til utviklingslandet Colombia og Norge som eit industrialisert land. Avtala inkluderer investeringar, immaterielle rettar og offentleg innkjøp i tillegg til handelsliberalisering. Denne medlem meiner at Colombia som eit utviklingsland skal kunne bruke tilsvarande politiske verkemiddel som Noreg hadde nytte av då vi utvikla oss til eit industrialisert velferdsland.

Denne medlem ser positivt på at Næringskomiteen inviterte til open høyring om denne avtala. Auka informasjon og debatt vil bidra til større openheit og ein breiare samfunnsdebatt om frihandelsavtalene.

Denne medlem meiner at grunnleggande menneskerettar, inkludert arbeidstakarrettar, må bli respekterte og inngå i ein handelsavtale før Noreg kan ratifisere denne. Denne medlem gir difor ikkje sitt samtykke til Prop. 63 S (2013-2014) Samtykke til ratifikasjon av en frihandelsavtale mellom EFTA-statene og Colombia og en bilateral landbruksavtale mellom Norge og Colombia, begge av 25. november 2008.»