I statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke
å frita leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri frå meirverdiavgift
(null-sats), sjå Innst. 4 L (2013–2014). Iverksetjinga blei satt
til den tid departementet fastset. Utsatt iverksetjing blei grunngitt med
at vedtaket kunne reise EØS-rettslege problemstillingar, og at ein
måtte fastsetje dei regeltekniske sidene i forskrift. Finansdepartementet
har no klarlagt dei regeltekniske sidene av saka. Departementet
har i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet også nøye vurdert
fritaka opp mot EØS-avtalen. Etter departementa si meining bør tiltaka
notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Dersom ESA finn
at ein må rekne tiltaka som støtte vil ESA heilt eller delvis kunne
godkjenne dette som lovleg støtte.
Finansdepartementet har i samråd med dei aktuelle
departementa starta arbeidet med å notifisere fritaka for leasing
av elbilar og omsetning av elbilbatteri. I same høve vil departementet
også notifisere det eksisterande fritaket for omsetning av nye elbilar.
Iverksetjinga av dei nye fritaka vert utsett til utfallet av notifikasjonen
er klar.
I statsbudsjettet for 2014 blei det budsjettert
med eit provenytap for fritaka for leasing av elbilar og omsetning
av elbilbatteri på 47 mill. kroner bokført. I anslaget vart det
lagt til grunn at fritaka blei innført frå 1. januar 2014. Provenytapet
i 2014 vert mindre når innføringa av fritaka skjer seinare. Det
er for tidleg å seie når notifikasjonsprosessen kan vere ferdig,
og dermed når ein eventuelt kan setje fritaka i verk. Provenytapet blir
redusert med om lag 28 mill. kroner påløpt og bokført i 2014 dersom
ein set fritaka i verk frå 1. juli 2014. Fordi prosessen med ESA
kan ta tid, kan iverksetjinga likevel bli seinare enn dette.
Komiteen tar omtalen
til orientering.