Finansdepartementet fremjar forslag om endringar
i meirverdiavgiftsregelverket for frivillig registrering av næringsdrivande
og offentleg verksemd som leiger ut bygg eller anlegg.
Forslaget inneber at kravet til søknad om frivillig registrering
for allereie avgiftsregistrerte utleigarar av bygg eller anlegg
blir fjerna. I tillegg fremjar departementet forslag om endring
i verknadstidspunktet for når den frivillige registreringa skal
gjelde frå. Dette vil gi utleigarane noko meir tid på å områ seg
utan å miste retten til tilbakegåande avgiftsoppgjer.
Formålet med forslaget er å modernisere reglane i
meirverdiavgiftslova om frivillig registrering slik at dei skal
vere enkle, oversiktlege og gi minst moglege uheldige utslag.
Forslaga i proposisjonen er i overeinskomst
med forslaga som er foreslått i høyringsnotat 24. september 2013,
bortsett frå at også frivillig registrering for bortforpaktarar
av landbrukseigedom og utleigar av jordbruksareal utan bygningar
blir omfatta av forslaga.
Meirverdiavgiftsregelverket om fast eigedom
er omfattande. Sidan meirverdiavgiftsreforma i 2001 er det arbeidd
kontinuerleg med ulike rettslege spørsmål på dette området. Ulike
aktørar har teke opp ei rekkje enkeltspørsmål, og Stortinget har
mellomanna gjennom skriftlege spørsmål retta søkjelyset mot ulike
sider ved denne delen av regelverket. Fleire av desse spørsmåla
har vore retta mot den generelle ordninga for frivillig registrering
i Meirverdiavgiftsregisteret av verksemd med utleige av fast eigedom
til avgiftspliktige leigetakarar.
Den nærare bakgrunnen for fleire av desse spørsmåla
er at den frivillige ordninga kan gi enkelte uheldige utslag. Dette
heng mellomanna saman med at den frivillige ordninga krev ei aktiv
handling frå den næringsdrivande. I nokre tilfelle har dette ført
til at næringsdrivande som er ordinært registrerte for avgiftspliktig
verksemd, utan særskild registrering har opptredd som om verksemda
òg er frivillig registrert for utleige av fast eigedom. Ei slik
manglande frivillig registrering, til dømes gjennom utelaten avkryssing
i registreringsmeldinga, kan gi store avgiftsmessige konsekvensar
for dei det gjeld. Denne problemstillinga blei teken opp i fleire
spørsmål frå stortingsrepresentantar. I eit representantforslag 8. mars
2012 frå stortingsrepresentantane Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen,
Christian Tybring-Gjedde og Jørund Rytman blei det fremja forslag
om endringar i meirverdiavgiftsregelverket for fast eigedom, jf.
Dokument 8:75 S (2011–2012). Forslagsstillarane framheva at reglane om
frivillig registrering for utleige av fast eigedom i mange tilfelle
skaper problem og unødige kostnader for næringsdrivande. Det blei
nemnt at problemet er at reglane er for strenge, og at dei økonomiske
konsekvensane av å trå feil, er store. Forslagsstillarane ønskte
å rette opp dette. Ifølgje det førebels synet til forslagsstillarane
var det enklaste tiltaket å innføre ei generell meirverdiavgiftsplikt
for utleige av fast eigedom til avgiftspliktig verksemd. I tillegg
blei det i dokumentet føreslått enkelte endringar knytt til reglane
om tilbakegåande avgiftsoppgjer, og at det burde bli enklare å kontrollere
kva slag avgiftsregistrering ein har.
I brev 18. april 2012 til finanskomiteen sa
tidlegare finansministeren Sigbjørn Johnsen seg einig i stortingsrepresentantane
sitt prinsipale forslag om at det bør vurderast generell meirverdiavgiftsplikt
ved utleige av fast eigedom til meirverdiavgiftspliktig verksemd,
men at utgreiinga bør vere breiare og undersøkje om reglane kan
betrast for fleire verksemder som driv næring med utgangspunkt i
fast eigedom. I svaret blei det vidare vist til at Finansdepartementet
har starta eit breitt utgreiingsarbeid.
I Innst. 277 S (2011–2012) slutta finanskomiteen seg
til at det er fleire gode argument for å innføre ei generell meirverdiavgiftsplikt
ved utleige av fast eigedom til avgiftspliktig verksemd. Finanskomiteen
delte finansministeren sitt syn om at det er behov for å sjå konsekvensar
og moglege lovendringar i ein større samanheng. Utgreiingsarbeidet
er omfattande, og et eventuelt forslag om å utvide meirverdiavgiftsplikta
må inngå i dei årlege budsjetta. Finanskomiteen ba derfor Finansdepartementet
jobbe vidare med denne problemstillinga slik at eventuelle endringar
i tråd med intensjonane i representantforslaget og finansministeren
sitt brev til komiteen, kan leggjast fram for Stortinget. Finanskomiteen
ba samtidig regjeringa om å ha tett dialog med ulike delar av næringslivet
for å sikre at alle sider av saka blir belyste.
I tråd med ei einstemmig innstilling frå finanskomiteen
vedtok Stortinget samla at representantforslaget skal leggjast ved
protokollen.
I Statsbudsjettet for 2014 blei det gitt ei
omtale av arbeidet med meirverdiavgift og fast eigedom, sjå Prop.
1 LS (2013–2014) punkt 25.1 og Prop. 1 LS (2012–2014) Tillegg 1
punkt 2.3. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, sjå Innst.
4 LS (2013–2014) punkt 33.3.
Departementet har sett i gang eit større arbeid med
å greia ut moglegheitene for å utvide meirverdiavgiftsplikta til
å omfatte omsetnad av nye bygningar med meir og utleige av næringseigedom.
Dette er eit omfattande utgreiingsarbeid som det for tida ikkje
er mogleg å angi kor tid vil vere sluttført. I påvente av denne
større gjennomgangen er det etter departementet si meining naudsynt
å gjere enkelte justeringar i den frivillige registreringsordninga
av utleigar av bygg eller anlegg.
Finansdepartementet sende på denne bakgrunn forslag
til endringar i meirverdiavgiftslova om frivillig registrering av
utleige av bygg eller anlegg på høyring 24. september 2013. Som
det går fram av punkt 4.2 i proposisjonen har Stortinget vist interesse
for meirverdiavgiftsregelverket knytt til fast eigedom, og særleg
dei uheldige utslaga som er knytte til den frivillige registreringsordninga.
Departementet foreslo i høyringsnotatet at kravet
om søknad for frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte
utleigarar av bygg eller anlegg blir oppheva. Etter forslaget vil
ikkje ein eksplisitt søknad vere påkravd for å bli frivillig registrert
for utleigarar som allereie er ordinært registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.
For slike utleigarar vil det vere tilstrekkeleg at leigeforholdet
er handsama som om det er meirverdiavgiftspliktig. I tillegg til
dette foreslo departementet å endre verknadstidspunktet for når
ein skal bli rekna som frivillig registrert, slik at utleigar får
ytterlegare seks månader på å syte for at utleiga kan handsamas
med meirverdiavgift.
Høyringsfristen var sett til 6. januar 2014.
Høyringsnotatet blei sendt til 27 høyringsinstansar. Departementet
fekk 18 høyringsfråsegner, og 12 av desse inneheldt konkrete innspel
til høyringsnotatet.
Høyringsinstansane stiller seg positive til forslaget
om at kravet om søknad for frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte
utleigarar av bygg eller anlegg blir oppheva, og til forslaget om
endring av verknadstidspunktet for når den frivillige registreringsordninga
skal gjelde frå. Nokre høyringsinstansar er likevel av den oppfatning
at forslaga kunne ha gått lenger i ei oppmjuking av dagens regelverk.
Det blir mellom anna vist til fråsegn frå NHO og NARF.
Høyringsinstansane tek opp fleire spørsmål om og
konsekvensar av forslaga som er fremja i høyringsnotatet. Fleire
av instansane tek særleg opp spørsmål knytt til rekkjevidda av at
søknadskravet blir oppheva, og spørsmål knytt til ikraftsetjing
av lovforslaget. Desse innspela blir omtala i samband med handsaminga
av dei aktuelle spørsmåla i dei etterfølgjande kapitla.
Skattedirektoratet viser i høyringsmerknaden
sin til at også bortforpaktarar av landbrukseigedom og utleigarar
av jordbruksareal utan bygningar som kan frivillig registrerast,
bør bli omfatta av lovforslaga.
Departementet har sett i gang eit større arbeid med
å greia ut moglegheitene for å utvide meirverdiavgiftsplikta til
å omfatte omsetnad av nye bygningar med meir og utleige av næringseigedom,
sjå ovanfor. Dette er eit omfattande utgreiingsarbeid, og for tida
er det ikkje mogleg å angi kor tid dette arbeidet vil vere sluttført. Eventuelle
forslag til endringar i meirverdiavgiftslova vil bli sende på alminneleg
høyring før eit lovforslag kan sendast til Stortinget.
I påvente av denne større gjennomgangen av meirverdiavgiftsreglane
for fast eigedom er det etter departementet si meining naudsynt
å gjere enkelte justeringar i den frivillige registreringsordninga
av utleigar av bygg eller anlegg. Lovforslaga som blir fremja nå,
er ei oppfølging av departementet sitt høyringsnotat 24. september 2013.
Forslaga blir nærare presenterte i punkta 4.6.2 og 4.6.3 i proposisjonen.
I høyringsrunden har enkelte av høyringsinstansane
komme med merknader som ikkje direkte er knytte opp mot forslaga
som blir lagt fram i denne proposisjonen. Departementet har ikkje gått
nærare inn på desse innspela.
Forslaget om oppheving av søknadskravet for frivillig
registrering for utleigarar av anlegg og bygg som allereie har ei
avgiftsregistrering, vil føre til ei viss innsparing for næringslivet.
Utanom at det ikkje vil vere krav om søknad, vil endringa kunne
føre til at færre næringsdrivande får tilbakeført frådrag for inngåande
meirverdiavgift som følgje av manglande søknad om frivillig registrering.
Verksemdene vil likevel framleis ha tilgang til å sende inn søknad
om frivillig registrering. Det er vanskeleg å talfesta kor mange
som vil nytte seg av tilgangen til å bli frivillig registrert utan
særskilt søknad.
For skatteetaten kan forslaget føre til at utplukk til
kontrollar for verksemder som er frivillig registrerte, bli meir
arbeidskrevjande. Det kan også vere meir arbeidskrevjande å fastslå
om ei verksemd er frivillig registrert basert på ei skjønnsmessig
vurdering som lovforslaget legg opp til, enn ved frivillig registrering
etter søknad.
For utleigarar fører forslaget til meir tid
å områ seg på, for å kunne gjere fortløpande frådrag etter meirverdiavgiftslova
§ 8-1 og tilbakegåande avgiftsoppgjer etter meirverdiavgiftslova
§ 8-6. Dette kan gi ein viss negativ likviditetseffekt for staten.
Departementet antar at lovforslaget ikkje vil
ha nemneverdige provenyverknader.
Departementet foreslår at lovendringane blir sette
i kraft med verknad frå 1. juli 2014.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.