9. Offentliggjøring av differensiert arbeidsgiveravgift

9.1 Sammendrag

Finansdepartementet legg fram forslag om å etablere ein heimel for å offentleggjere statsstøtte i form av redusert differensiert arbeidsgivaravgift. Forslaget har si årsak i at EU-kommisjonen og EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har vedteke nye retningslinjer for regionalstøtte (Guidelines on Regional State Aid for 2014–2020). Artikkel 135 i retningslinjene stiller krav om at statsstøtte etter desse retningslinjene blir offentleggjort. Dette inneber mellom anna at statsstøtte i form av redusert differensiert arbeidsgivaravgift må gjerast offentleg tilgjengeleg.

Opplysningar om statsstøtte skal gjerast offentleg tilgjengelege på Internett. Departementet foreslår å gjere opplysningar om redusert differensiert arbeidsgivaravgift tilgjengelege på skatteetaten.no. I dag har vi ikkje ein felles nettstad for offentleggjering av opplysningar om alle ordningar kor det blir gitt statsstøtte i Noreg. Om det seinare blir etablert ein felles nettstad for offentleggjering av statsstøtte, vil det bli vurdert om opplysningar om redusert differensiert arbeidsgivaravgift òg skal gjerast offentlege på denne nettstaden.

Offentleggjeringa må omfatte opplysningar om støttemottakar, støttebeløp og støtteintensitet. Det er støtte i form av redusert avgift, dvs. differansen mellom avgift berekna etter full sats og redusert sats, som må gjerast offentleg. Grunnlaget for utrekninga av avgifta skal ikkje gjerast offentleg.

Opplysningane skal gjerast offentlege etter avgjerd om tildeling. Opplysningane må takast hand om i minst ti år og dei må vere tilgjengelege for publikum utan restriksjonar.

Departementet foreslår at det blir lovfesta i folketrygdlova at statsstøtte i form av redusert differensiert arbeidsgivaravgift kan gjerast offentleg, og at det i føresegna blir presisert at opplysningane kan gjerast offentlege utan hinder av teieplikt.

Departementet foreslår vidare å lovfeste at det i forskrift kan bli gitt nærare reglar om gjennomføring av ordninga. Myndigheita til å fastsetje forskrifta er foreslått lagt til departementet. Føresegna vil gi heimel til å fastsetje nærare reglar om kva for opplysningar som skal vere offentlege og om kor og korleis offentleggjering skal skje. Føresegna vil òg gi heimel for å fastsetje nærare reglar om når opplysningane skal leggjast ut og om kor lenge opplysningane skal vere offentleg tilgjengelege på Internett.

Retningslinjene om regionalstøtte tek til å gjelde frå 1. juli 2014. Departementet foreslår at lovendringa gjeld frå same tid, dvs. frå 1. juli 2014.

Dei økonomiske kostnadene ved ordninga vil bli dekt innan skatteetaten sitt ordinære budsjett.

Departementet viser til endring i folketrygdlova § 23-2 nest siste ledd.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.