Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til Stortinget

Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2014. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av eventuell avtale med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund som alle deltek i forhandlingane. Endringar i takstane som avtalane inneber, blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane var ikkje avslutta då proposisjonen vart lagt fram 6. juni 2014.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2014. Endringane vil bli gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund frå same dato.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 12. juni 2014

Kari Kjønaas Kjos

Harald T. Nesvik

leder

ordfører