1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2014. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2014 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering er handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2014 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg er meirinntekter for 2014 føreslåtte formaliserte og tilleggsløyvingar føreslåtte. Totalt utgjer omgrupperinga for 2014 ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 340,823 mill. kroner. I tillegg føreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.

For nærmare omtale av dei ulike forslaga til løyvingar vises det til proposisjonen.