Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram saker om lønsregulering frå 1. mai 2015 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. og om endringar i statsbudsjettet for 2015.

1.2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2015 mv.

1.2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2015

Hovudtariffavtala i staten for perioden 1. mai 2014 til 30. april 2016 mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, har ei reguleringsføresegn for andre avtaleår som Stortinget har samtykka i.

Forhandlingane vart innleia 20. april 2015. Den 30. april kl. 01:00 la staten fram det endelege tilbod. Hovudsamanslutningane aksepterte tilbodet kl. 03:00.

Oppgjeret for andre avtaleår inneber ein årslønsauke på 2,7 pst. frå 2014 til 2015, på linje med arbeidslivet elles. Partane konstaterer i eit tillegg til protokollen at omstilling og reformer vil prege staten i tida som kjem. Det blir i proposisjonen vist til at det det er viktig at slike prosessar skjer i tråd med hovudtariffavtala i staten.

Med verknad frå 1. mai 2015 er det gitt 0,19 pst. på hovudlønstabellen – tabell A. Frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 39 er tillegget på kr 700.

1.2.2 Lønsregulering mv. for embets- og tenestemenn som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber i proposisjonen om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngått.

1.3 Endringar på statsbudsjettet for 2015

1.3.1 Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 1 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2015, er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2015 rekna til om lag 551 mill. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter, blir dekte innanfor verksemdenes budsjett.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Det går fram av proposisjonen at etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til om lag 413 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

1.3.2 Kap. 0503 Midlar til opplærings- og utviklingsarbeid

Post 70 Tilskot

Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet blir auka med 8,2 mill. kroner.

1.3.3 Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 1 Driftsutgifter

Det går fram av proposisjonen at det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet for 2015 til hausten.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Peter N. Myhre og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, har ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2315

1

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Driftsutgifter, vert løyvd med

413 000 000

0503

70

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde. Tilskot, vert auka med

8 200 000

frå kr 166 200 000 til kr 174 400 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2015 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 30. april 2015.

III

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtala, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

IV

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 9. juni 2015

Helge André Njåstad

leiar og ordførar