Bakgrunn

Stortinget og Europaparlamentet har sidan 1982 hatt årleg besøksutveksling. I samband med forhandlingane om norsk EU-medlemskap, vart det i 1993 oppretta ein felles parlamentarisk komité mellom Stortinget og Europaparlamentet, jf. Innst. S. nr. 146 (1992–93). Etter drøfting med Europaparlamentet var det semje om at Europaparlamentet og Stortinget skulle ha 12 medlemmar kvar i komiteen.

Då Noreg sa nei til EU-medlemskap i 1994, mista komiteen sin status som felleskomité. Det var da semje om å gå tilbake til ordninga frå 1982 med årlege møte. Europaparlamentet har i dag ein delegasjon med ansvar for kontakten med Sveits, Island, Noreg og EØS (SINEEA). SINEEA-delegasjonen har no 17 medlemmar og like mange varamedlemmar. Det er medlemmar frå denne delegasjonen som møter Stortingets delegasjon på dei årlege bilaterale møta.

I 1993 vart det bestemt at medlemmane til delegasjonen skulle veljast frå den dåverande utanriks- og konstitusjonskomiteen og at varamedlemmar skulle veljast frå den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Etter endringar i komitéstrukturen har dei 12 medlemmane blitt valde frå utanrikskomiteen og frå 2009 frå utanriks- og forsvarskomiteen. 12 varamedlemmar er blitt valde uavhengig av denne komiteen, jf. Innst. 25 S (2013-2014).

Møta mellom Europaparlamentet og Stortinget finn stad årleg i Oslo eller Brussel. Når møta finn stad i Brussel blir dei som regel kombinerte med andre møter som er relevante for heile utanriks- og forsvarskomiteen. For deltaking på det bilaterale møtet med Europaparlamentet, har det ikkje vore skild mellom medlemmar av utanriks- og forsvarskomiteen som er valde til delegasjonen og andre. Medlemmar av komiteen som ikkje er valde til delegasjonen, har dermed delteke på møta. Varamedlemmane til delegasjonen har ikkje delteke sjølv om ikkje alle dei 12 valde medlemmane har hatt høve til å delta.

Presidentskapet vil derfor tilrå å endre samansettinga i delegasjonen for å spegle praksis. Det vil medføre at alle medlemmane av utanriks- og forsvarskomiteen også er medlemmar av delegasjonen og at det ikkje blir vald varamedlemmar til delegasjonen.