3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa straks orientere Stortinget dersom ein får grunn til å tru at innskotsgarantien med beløpsgrense på 2 mill. kroner må verte avvikla eller redusert.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med konkrete framlegg om korleis Finanstilsynet kan styrkast.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med framlegg om å gjenopprette reell norsk suverenitet over finansreguleringa i Noreg.

Forslag fra Senterpartiet og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 4

Stortinget ber regjeringa føreslå eit tak på storleiken på sikringsfonda mellom anna for å sikre norske bankar og finansinstitusjonar betre konkurranseevne.

Forslag fra Senterpartiet og Rødt:
Forslag 5

Stortinget ber regjeringa ta naudsynte grep for å avverje at beløpsgrensa på 2 mill. kroner vert fjerna eller redusert dersom ein situasjon skulle oppstå der innskotsgarantien elles må verte endra.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringa gjennom forskrift gjere det klart at skattebetalarane ikkje skal sitje att med rekninga for redningsaksjonar overfor bankar og finansføretak.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringa gjennom forskrift gjere det klart at dersom den heilt ekstraordinære situasjonen skulle oppstå at staten på nokon måte skulle delta i ein redningsaksjon overfor finansføretak, så må dette utan unnatak heimlast i Stortinget i kvart einskilt tilfelle.

Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 8

Stortinget ber regjeringa syte for at den systemiske risikoen som større føretak skaper, vert reflektert i avgiftene til innskotsgarantifondet og krisetiltaksfondet slik at større føretak alt anna likt må betale relativt høgre avgift enn mindre føretak.

Forslag 9

Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein modell for val av styremedlemer til Bankenes sikringsfond som tydeleg markerer at fondet ikkje er eit organ for staten, men som likevel gjev staten naudsynt kontroll.»