Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå statskassa

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Det blei i 2017 utbetalt kr 17 240 519. I statsbudsjettet for 2018 er det løyvt kr 18 400 000 på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.

Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gje ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen no gjeld berre lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar. Dette er òg tatt inn i utanriksinstruksen.

Utanriksstasjonane skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidd seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gjeven i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, eit eingongsbeløp.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arild Grande, Eigil Knutsen, Anne Helene Sandum og Hadia Tajik, fra Høyre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, fra Fremskrittspartiet, Hanne Dyveke Søttar og lederen Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, og fra Venstre, Terje Breivik, viser til Prop. 50 S (2017–2018) Pensjonar frå statskassa, som gjelder der lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner ikke har, eller ikke er sikret, de ytelsene de har krav på ved alderdom, uførhet eller tap av forsørger, gjennom lokale ordninger.

Komiteen viser til sine merknader i forbindelse med tidligere behandlinger av tilsvarende proposisjon og understreker igjen viktigheten av at lokalt ansatte ivaretas på en god måte, og uttrykker tilfredshet med at det ble gjort et arbeid for å sikre dette. Komiteen viser videre til Norges særlige ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold, også når det gjelder lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.

Komiteen viser for øvrig til regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassen og slutter seg til dette.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Opplysningar om søkjaren

Pensjon

Nr.

Namn

Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)

Tenestestad

Vedteke

Pr. mnd.

Gitt frå

Merknad

Utanriksdepartementet

1

Lilamani Srikanthi Samaranayake

63

Colombo

2.3.2017

3423

1.5.2016

2

Ushavanee Arriykumar

61

Colombo

19.4.2017

1603

1.5.2016

3

Raquel Maria Figueredo Malaquias

56

Maputo

11.10.2017

8004

1.10.2018

4

Tatiana Levina

63

St. Petersburg

11.10.2017

1374

1.9.2017

5

Anne Grete Ulset

67

London

12.10.2017

SPK

1.1.2018

Tilleggstid

6

Britt Torild Riedel

67

Berlin

12.12.2017

SPK

1.2.2018

Tilleggstid

7

Kalu Gazi

54

Dhaka

12.12.2017

1215

1.3.2019

8

Djan Raj Pandey

58

Kathmandu

2.2.2018

653

1.4.2019

9

Padam Bahadur Khatri

59

Kathmandu

2.2.2018

852

1.9.2019

10

Inger Tomine Espegren Fokkens

67

Haag

26.2.2018

SPK

1.4.2018

Tilleggstid

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 24. april 2018

Erlend Wiborg

Solfrid Lerbrekk

leder

ordfører