Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Martin Henriksen, Arve Høiberg og leiaren Lene Vågslid, frå Høgre, Ingunn Foss, Peter Frølich og Frida Melvær, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen og Kjell-Børge Freiberg, frå Senterpartiet, Jan Bøhler og Jenny Klinge, frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide, og frå Venstre, Solveig Schytz, viser til at proposisjonen inneheld eit forslag til lov om informasjonstilgang m.m. for den uavhengige kommisjonen som skal gjennomgå og trekkje lærdom frå covid-19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen). Komiteen merkar seg at kommisjonen skal kartleggje alle relevante sider ved handteringa av covid 19-utbrotet, og at målet er å få ein grundig og heilskapleg gjennomgang og evaluering av myndigheitene si handtering av pandemien.

Komiteen merkar seg vidare at forslaget inneheld reglar om informasjonstilgang, teieplikt, rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar for kommisjonen og forbod mot at opplysningar kommisjonen får tilgang til, kan nyttast som bevis i seinare rettssaker.

Komiteen viser til at det i arbeidet med lovforslaget har blitt lagt vekt på å vareta personvern og andre omsyn som grunngir at informasjon kan vere underlagt teieplikt, og samstundes sikre at kommisjonen kan utføre arbeidet på ein mest mogeleg funksjonell og effektiv måte. Komiteen viser vidare til at det har vore viktig i utforminga av lova å sikre tilgang til all informasjon som er nødvendig for at kommisjonen skal kunne vareta oppgåvene i mandatet, men at det ikkje ligg føre ei plikt til å gi opplysningar. Komiteen vil understreke at Koronakommisjonen sine medlemmar og andre som utfører tenester eller arbeid på vegne av kommisjonen, vil vere pålagt det same teiepliktsregelverket som givaren av opplysningane er underlagt.