Innstilling frå Stortingets presidentskap om Rapport til Stortingets presidentskap fra utvalg nedsatt for å utrede felles prinsipper for godtgjøring til politikere på alle forvaltningsnivåer

Dette dokument

  • Innst. 371 S (2020–2021)
  • Kildedok:
  • Utgiver: Stortingets presidentskap
  • Sidetall: 6

Innhold

Til Stortinget

1. Innleiing

På bakgrunn av Stortingets vedtak 28. april 2020 sette Stortingets presidentskap 18. juni 2020 ned eit utval som skulle greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå. Utvalet skulle også evaluere ordninga med Stortingets lønskommisjon. Rapporten frå utvalet vart overlevert presidentskapet 6. januar 2021 (Dokument 20 (2020–2021)).

Presidentskapet fremjar innstilling til Stortinget basert på rapporten frå utvalet.

2. Bakgrunn

2.1 Nedsetjing av utvalet

Stortinget gjorde 28. april 2020 dette vedtaket, jf. Dokument 8:31 S (2019–2020) og Innst. 177 S (2019–2020):

«Stortinget ber Stortingets presidentskap om å nedsette et utvalg som skal utrede felles prinsipper for godtgjørelse til politikere på alle forvaltningsnivåer. Utvalget skal også evaluere ordningen med Stortingets lønnskommisjon. Utvalget gis en bred sammensetning der også KS er representert. Inntil saken fremlegges for Stortinget, fryses godtgjørelsen for stortingsrepresentanter og medlemmer av regjeringen på dagens nivå.»

Stortingets presidentskap oppretta eit slikt utval 18. juni 2020. Utvalet hadde denne samansetninga:

Ådne Cappelen, forskar SSB, leiar

Gunn Marit Helgesen, første nestleiar KS

Hans Andreas Limi, stortingsrepresentant

Kristine Nergaard, forskingskoordinator

Steinar Nørstebø, regionsekretær

Per Harald Rødvei, førsteamanuensis

Ingjerd Schou, stortingsrepresentant

Dag Henrik Sandbakken, fagsjef

Rita Skjærvik, Senior Vice President

Karianne Tung, dagleg leiar

Leiaren av utvalet, Ådne Cappelen, overleverte rapporten til presidentskapet 6. januar 2021. Rapporten er publisert i Dokument 20 (2020–2021).

3. Samandrag

3.1 Mandatet for utvalet

Mandatet for utvalet som, med utgangspunkt i stortingsvedtaket, skulle greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle nivå, vart avgjort av Stortingets presidentskap 18. juni 2020.

Utvalet skulle både greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå og evaluere ordninga med Stortingets lønskommisjon.

3.1.1 Relevant regelverk

Stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer mfl.

Det er ulike grunnlag for fastsetjing av godtgjering til dei ulike gruppene av politikarar. For stortingsrepresentantar går det fram av Grunnlova at dei skal ha godtgjering for vervet. Før lønskommisjonen vart oppretta, var godtgjeringane deira kopla til løninga til underdirektørar i staten. Godtgjeringa til regjeringsmedlemene var fram til 1991 kopla til løninga av dommarar i Høgsterett.

Stortingets lønskommisjon vart oppretta av Stortinget 21. juni 1996 ved dette vedtaket (jf. også Innst. S. nr. 282 (1995–1996)):

«Stortingets lønnskommisjon fastsetter med Stortingets samtykke den årlige godtgjørelsen til stortingsrepresentantene og regjeringens medlemmer. Stortingets presidentskap oppnevner lønnskommisjonens leder og to andre medlemmer for fire år. Lederen innkaller til møter i kommisjonen. Kommisjonen er beslutningsdyktig når alle medlemmer er til stede. Presidentskapet kan fastsette utfyllende regler for kommisjonens virksomhet. …»

Utfyllande reglar for verksemda til kommisjonen vart gitt av Stortingets presidentskap 21. juni 1996 i medhald av stortingsvedtaket same dag og med ei tilføying gitt 24. november 2005. Der finn ein prinsippa for fastsetjing av den årlege godtgjeringa til stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer:

«Kommisjonens oppgave i henhold til Stortingets vedtak er – med Stortingets samtykke – å fastsette den årlige godtgjørelsen til stortingsrepresentantene og regjeringens medlemmer. Kommisjonen skal fastsette den samme godtgjørelsen til alle stortingsrepresentantene. Kommisjonen skal fastsette en høyere godtgjørelse til statsministeren enn til de øvrige regjeringsmedlemmene. Kommisjonens vurdering og fastsettelse skjer på fritt grunnlag. Godtgjørelsene fastsettes enten til bestemte kronebeløp eller i forhold til andre satser eller beløp. Kommisjonen skal en gang i året overveie om godtgjørelsene bør endres, og legge sine beslutninger fram for Presidentskapet. Kommisjonen skal begrunne sine beslutninger. Kommisjonen kan engasjere sekretær og sakkyndig bistand.»

Kommisjonen har sidan opprettinga bestått av ein leiar og to medlemer. Medlemene har bakgrunn frå akademia, næringsliv og som riksmeklarar. Stortingets administrasjon har bistått med sekretærarbeid.

Kommisjonen har normalt tre møte i løpet av våren før han fremjar innstilling til Stortingets presidentskap når lønsoppgjera er avslutta, vanlegvis i slutten av mai. Sidan opprettinga av lønskommisjonen i 1996 har kommisjonen avgitt årlege innstillingar om godtgjeringar for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer. Det endelege vedtaket om regulering av godtgjeringa vert gjort av Stortinget, ettersom Grunnlova § 65 andre ledd er vurdert å vere til hinder for at denne avgjerda for stortingsrepresentantane sitt vedkomande vert delegert til andre enn Stortinget.

Politiske rådgivarar og statssekretærar får godtgjeringa administrativt fastsett av Statsministerens kontor.

Folkevalde i kommunar og fylkeskommunar

Grunnlova § 49 andre ledd fastset at innbyggjarane har rett til å styre lokale forhold gjennom lokale folkevalde organ.

For politikarar i kommunar og fylkeskommunar er det kommunelova § 8-4 som regulerer godtgjeringa. Der er det bestemt at den som har eit kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv, har krav på godtgjering for arbeidet sitt. Kommunestyret eller fylkestinget gir sjølv forskrift om slik godtgjering.

Det følgjer av prinsippet om det kommunale sjølvstyret at kommunane skal kunne bestemme dette sjølve. Det kan dermed vere store variasjonar lokalt når det gjeld reglane om godtgjeringa og kva nivået skal vere.

Godtgjeringa til politikarar i kommunar og fylkeskommunar vert fastsett i forskrift vedteken av kommunestyret og fylkestinget i samsvar med kommunelova § 8-4.

KS arbeider med ein rettleiar for kva rettar dei folkevalde har etter kommunelova § 8.

3.1.2 Avgrensingar og presiseringar i arbeidet til utvalet

Felles prinsipp for godtgjering

Utvalet har, i samsvar med mandatet, greidd ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå. Dette omfattar folkevalde både på Stortinget, i regjeringa og i kommunane og fylkeskommunane og politiske verv og stillingar dei same stadene. I regjeringa er til dømes statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar og andre som vert utnemnde på politisk grunnlag, omfatta.

Det er naturleg nok nokre ulikskapar mellom politikarar på høvesvis sentralt og lokalt nivå, til dømes om det er eit heiltids- eller deltidsverv, og om vervet/godtgjeringa kan føre til avkorting i ytingar frå Nav. Dette må det takast omsyn til. Vidare må sjølvråderetten til kommunane og fylkeskommunane leggjast til grunn ved vurderinga av prinsipp for godtgjering for lokalpolitikarar.

Utvalet har vurdert felles prinsipp for fastsetjing av «godtgjering» i seg sjølv, dvs. berre sjølve honoraret/«løna». Utvalet har ikkje vurdert felles prinsipp for andre typar ytingar eller former for utgiftsdekning eller liknande. Utvalet skulle heller ikkje sjå på felles prinsipp for økonomiske ordningar for fråtredde politikarar, slik som fråtredingsyting, etterløn og pensjon. Ved vurderinga av prinsipp for godtgjering på tvers av forvaltningsnivå må det likevel takast omsyn til forskjellar i utforminga av det samla godtgjeringssystemet, til dømes ulikskapar i pensjonsordningar og ytingar frå Nav.

Utvalet har vurdert om det bør vere større grad av koordinering eller samordning mellom ytingar for fleire politiske verv, oppnemningar osv. som ein person har samtidig. Utvalet har sett på det generelle nivået på andre ytingar eller former for utgiftsdekning ved vurderinga av nivået på godtgjeringa.

Utvalet har sett på korleis fastsetjinga av godtgjeringa vert gjord i grupper det er naturleg å samanlikne seg med, og korleis godtgjeringa til politikarar i andre nordiske land vert fastsett.

Ut over dei avgrensingane og presiseringane som er gjorde ovanfor, kunne utvalet gjere sine vurderingar på fritt grunnlag.

Evaluering av Stortingets lønskommisjon

Utvalet har som ein del av mandatet evaluert ordninga med Stortingets lønskommisjon. Evalueringa har omfatta vurderingar av mandatet og arbeidet til kommisjonen og kva kommisjonen har betydd for utviklinga av godtgjeringa til stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer. Utvalet har vidare vurdert korleis denne ordninga fungerer samanlikna med alternative måtar å organisere lønsfastsetjinga på, til dømes at godtgjeringa bør knytast til gitte satsar eller eit prosentvis tillegg. Utvalet har sett evalueringa av lønskommisjonen i samanheng med felles prinsipp for fastsetjing av godtgjeringa for politikarar på alle forvaltningsnivå. Utvalet har vidare vurdert om mandatet til lønskommisjonen skal utvidast til å omfatte andre grupper på statleg nivå enn stortingsrepresentantane og regjeringsmedlemene.

3.2 Samandrag av vurderingar og forslag frå utvalet

3.2.1 Gjeldande ordningar og føringar

Folkevalde har ikkje eit tilsetjingsforhold, men eit verv eller ombod, og dei får godtgjering, ikkje løn.

Arbeidsmiljølova, ferielova, statstilsettelova og tariffavtalar gjeld ikkje direkte for stortingsrepresentantane. Statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar er heller ikkje omfatta av det vanlege lov- og avtaleverket som omfattar arbeidstakarar. Kommunelova frå 2018 lovfestar det lokale sjølvstyret. KS rår til at alle kommunestyre og fylkesting vedtek eit reglement for godtgjering.

Gjennomgangen viser at det både for sentrale, fylkeskommunale og kommunale politikarar er innført ordningar for mellom anna ferie, sjukepengar og permisjonar som på mange område tilsvarer det som gjeld i ordinære arbeidsforhold.

Utvalet viser til at det er stor variasjon mellom ulike kommunar og i utforminga av ordningane for godtgjering. Ein del folkevalde har fleire verv i ein kommune og/eller fylkeskommune. Utvalet kjenner til døme på at den samla godtgjeringa som følgje av mange verv har vorte oppfatta som urimeleg høg.

3.2.2 Utvikling i godtgjeringar i forhold til generell lønsutvikling og andre nordiske land

Gjennomgangen utvalet har gjort, viser at norske politikarar på nasjonalt nivå har hatt den same utviklinga i godtgjering som lønsutviklinga i samfunnet generelt. Samanlikna med leiarar i departementa og direktørar i staten elles er godtgjeringa til folkevalde litt lågare enn for tjue år sidan. Medan godtgjeringa til politikarane har følgt den generelle lønsutviklinga, har leiarløningane i staten auka litt meir.

Folkevalde i kommunar og fylke har over tid fått auka godtgjeringa samanlikna med folkevalde på nasjonalt nivå. Godtgjeringa til fylkesordførarar er gjennomgåande litt høgare enn godtgjeringa til stortingsrepresentantar, men klart lågare enn godtgjeringa til statsrådane.

Norske stortingsrepresentantar har ei godtgjering som verken er spesielt høg eller spesielt låg samanlikna med inntektsnivået i Noreg sett i eit nordisk perspektiv.

3.2.3 Prinsipp for fastsetjing av godtgjering til folkevalde

Openheit

Utvalet peiker på at openheit om godtgjeringane kanskje er det mest sentrale prinsippet. Diskusjon og openheit i Stortinget, i kommunar og fylkeskommunar og i samfunnet generelt bidreg ikkje berre til å avdekkje urimelege eller utilsikta sider ved eksisterande ordningar, men kan òg bidra til å skape forståing for dei prinsipielle forskjellane mellom rollene til dei folkevalde og rollene til arbeidstakarar.

Godtgjeringane er ei politisk avgjerd

Utvalet meiner det er nødvendig å gjere ei samla vurdering av ulike omsyn når nivåa for godtgjeringane til statsministeren, statsrådane og stortingsrepresentantane vert fastsette eller endra. Dette er i siste instans dermed ei politisk meir enn ei fagleg avgjerd.

Nivået

Fleirtalet i utvalet meiner at godtgjeringa til folkevalde må vere god nok. Det er eit viktig prinsipp at godtgjeringane sikrar at alle kan vere folkevalde, uavhengig av økonomisk bakgrunn. Samla sett meiner fleirtalet i utvalet at godtgjeringane difor må liggje på eit relativt høgt nivå og klart over gjennomsnittleg lønsinntekt i samfunnet, noko dei meiner er tilfellet i dag.

Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, meiner at dagens nivå på godtgjeringane både for stortingsrepresentantar og for regjeringsmedlemer er for høgt.

Rolla som folkevald i forhold til situasjonen for arbeidstakarar

Utvalet peiker på at det er ein prinsipiell forskjell mellom rolla til ein arbeidstakar og rolla til ein folkevald, og dermed også mellom løna og godtgjeringa til dei to gruppene. Nivået på godtgjeringane må samla sett stå i eit rimeleg forhold til den eksponeringa og det ansvaret som følgjer med rolla som folkevald på ulike nivå.

Forholdet til andre spesielle grupper i Noreg

Utvalet meiner det vil vere uheldig om godtgjeringa til folkevalde vert kopla til leiarar i staten, ei gruppe som har hatt ei sterkare lønsutvikling enn befolkninga elles. Gitt Stortingets konstitusjonelle status meiner utvalet det vil vere uheldig at godtgjeringa til representantane vert styrt av korleis regjeringa løner statlege leiarar og embetsmenn.

Forholdet til den generelle lønsutviklinga

Både nivået på godtgjeringane og endringar i dei må oppfattast som rimelege i forhold til det generelle lønsnivået og den generelle lønsutviklinga. Den generelle lønsutviklinga bør difor liggje til grunn for endringar i godtgjeringane. Fleirtalet i utvalet rår til at lønskommisjonen i forslaga sine vert bedd om å rapportere om den relative utviklinga i godtgjeringane i forhold til det generelle lønsnivået, slik at dette kan vere ein del av avgjerdsgrunnlaget i Stortinget.

Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, sluttar seg til vurderinga av at nivået på godtgjeringa skal vere godt og klart over gjennomsnittet, men meiner dagens nivå, der stortingsrepresentantane er av dei 5 prosent høgast lønte og statsrådane blant de 1 prosent høgast lønte, er for høgt. Etter hans meining er det viktig at stortingsrepresentantane ligg under dei 10 prosent høgast lønte, både med tanke på legitimitet i befolkninga og på grunn av signaleffekten lågare politikarløningar vil ha for leiarlønsutviklinga, særleg i offentleg sektor, der lønsutviklinga har vore sterkt stigande dei seinare åra.

Ansiennitet

Eit samla utval har kome til at eit ansiennitetsprinsipp er i strid med det generelle prinsippet om at alle (ordinære) folkevalde er likestilte. Utvalet meiner også at eit verv som folkevald ikkje skal vere ein karriereveg i seg sjølv. Utvalet meiner det ikkje er aktuelt å differensiere godtgjeringa basert på ansiennitet.

Særskilde samfunnsmessige forhold

Utvalet meiner at reguleringa av godtgjeringa i enkeltår bør ta omsyn til særlege samfunnsmessige utfordringar når det er påkravd. Utvalet meiner at lønskommisjonen, i år det er relevant, bør rapportere om særskilde samfunnsmessige forhold som det bør takast omsyn til i reguleringa når det gjeld profil eller ramme.

Forholdet til folkevalde i andre land

Utvalet meiner at det ikkje bør innførast noko prinsipp om at norske godtgjeringar skal koplast direkte til utviklinga i andre nordiske land. Utvalet meiner samtidig det er relevant at nivået og ordningane i dei nordiske landa inngår som eitt av fleire moment i ei samla vurdering av om nivået i Noreg er riktig. Dei tilrår difor at lønskommisjonen med visse mellomrom også rapporterer om dette.

Godtgjeringane til statsminister og regjeringsmedlemer i forhold til stortingsrepresentantar

Eit samla utval meiner systemet med ulike nivå i godtgjeringane for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar bør vidareførast.

Fleirtalet i utvalet meiner det er rimeleg at godtgjeringane vert endra med same prosentsats for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar.

Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, meiner med utgangspunkt i at godtgjeringsnivået er for høgt, at politikarane ligg for høgt i inntektsfordelinga, og at eventuelle aukar i godtgjeringane for alle kategoriar folkevalde bør tilsvare det kronebeløpet gjennomsnittslønene i samfunnet aukar med.

Stortinget, kommunar og fylkeskommunar vert tilrådde å samordne godtgjeringane for ulike folkevalde verv

Eit samla utval rår til at godtgjeringar til folkevalde som har verv på fleire nivå, bør samordnast slik at det samla nivået ikkje vert oppfatta som urimeleg høgt. Utvalet er vidare kjent med at mange kommunar og fylkeskommunar regulerer sine godtgjeringar med godtgjeringa til stortingsrepresentantane som referanseramme, og utvalet tilrår at dette vert gjort. Med politiske verv i denne samanhengen meiner utvalet folkevalde verv som stortingsrepresentant og verv etter føresegnene i kommunelova.

3.3 Evaluering av ordninga med Stortingets lønskommisjon

3.3.1 Ordninga med lønskommisjon

Fleirtalet i utvalet meiner at ordninga med lønskommisjon samla sett har fungert etter formålet. Ordninga bidreg til auka legitimitet og tillit, samtidig som ho ikkje er til hinder for ein open og nødvendig debatt om godtgjeringane både på Stortinget og i samfunnet elles. Fleirtalet i utvalet foreslår difor at ordninga vert vidareført.

Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, går inn for å avvikle ordninga med lønskommisjon og etablere ei ordning der presidentskapet på bakgrunn av faktagrunnlag som er innhenta av eigen administrasjon, fremjar forslag til endringar i godtgjeringar for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer.

3.3.2 Ansvarsområdet til lønskommisjonen

Fleirtalet i utvalet meiner at dagens ordning, der Statsministerens kontor fastset løningane til statssekretærar og politiske rådgivarar, fungerer godt og bør vidareførast.

3.3.3 Medlemene i lønskommisjonen

Utvalet meiner det til kvar tid bør sikrast at lønskommisjonen har medlemer som samla sett har ein brei kompetanse som gjer at han også kan leggje fram vurderingar knytte til relevante samfunnsforhold og rolla til folkevalde.

Medlemene Steinar Nørstebø, Rita Skjærvik og Karianne Tung meiner vidare at medlemene i lønskommisjonen bør ha erfaringsbakgrunn frå sentrale lønsforhandlingar eller trepartssamarbeidet elles.

3.3.4 Namn på lønskommisjonen

Fleirtalet i utvalet peiker på at namnet på lønskommisjonen ikkje reflekterer kva han i realiteten har ansvar for, og foreslår at namnet vert endra til godtgjeringsutvalet. Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, går inn for å avvikle ordninga med lønskommisjon.

3.3.5 Mandatet til lønskommisjonen

Utvalet meiner at mandatet til lønskommisjonen bør endrast dersom Stortinget følgjer resten av forslaga frå utvalet. Dette omfattar at ein bør slå fast at det er den generelle lønsutviklinga som er den mest relevante indikatoren når ein skal foreslå endringar i godtgjeringane, og at reguleringa bør ta omsyn til særlege samfunnsmessige utfordringar når det er påkravd.

Fleirtalet i utvalet meiner ein også bør slå fast at statsministeren, statsrådane og stortingsrepresentantane skal få dei same prosentvise tillegga. Ein bør be lønskommisjonen om å rapportere om den relative utviklinga i godtgjeringane i forhold til det generelle lønsnivået i Noreg. Ein bør også be lønskommisjonen om å rapportere om ordningar og nivå for godtgjeringane i dei nordiske landa med visse mellomrom.

Mindretalet i utvalet, medlemen Steinar Nørstebø, meiner med utgangspunkt i at godtgjeringsnivået er for høgt, at eventuelle aukar i godtgjeringane for alle kategoriar folkevalde bør tilsvare det kronebeløpet gjennomsnittslønene i samfunnet aukar med.

4. Merknader frå presidentskapet

4.1 Prinsipp for godtgjeringar

Presidentskapet viser til rapporten frå utvalet som vart nedsett for å greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå. Presidentskapet sluttar seg til forslaget frå utvalet om at openheit om godtgjeringane er eit heilt sentralt prinsipp for fastsetjing av godtgjering til folkevalde, og at avgjerder om godtgjeringane i siste instans er ei politisk meir enn ei fagleg avgjerd.

Presidentskapet sluttar seg til at den generelle lønsutviklinga bør liggje til grunn for endringar i godtgjeringane til statsminister, regjeringsmedlemer og stortingsrepresentantar.

Presidentskapet merkar seg at utvalet meiner det vil vere uheldig om godtgjeringa til folkevalde vert kopla til leiarar i staten, ei gruppe som har hatt ei sterkare lønsutvikling enn befolkninga elles, og vidare at det, gitt Stortingets konstitusjonelle status, vil vere uheldig at godtgjeringa til representantane er styrt av korleis regjeringa løner statlege leiarar og embetsmenn. Presidentskapet understrekar synspunktet til utvalet om at det er ein prinsipiell forskjell mellom rolla til ein arbeidstakar og rolla til ein folkevald, og dermed også mellom løna og godtgjeringa til dei to gruppene.

Presidentskapet merkar seg at gjennomgangen utvalet har gjort, viser at norske politikarar på nasjonalt nivå har hatt den same utviklinga i godtgjering som lønsutviklinga i samfunnet generelt, og vidare at utvalet i rapporten seier at norske stortingsrepresentantar har ei godtgjering som verken er spesielt høg eller spesielt låg samanlikna med inntektsnivået i Noreg sett i et nordisk perspektiv.

Presidentskapet sluttar seg til prinsippet om at godtgjeringane bør sikre at alle kan vere folkevalde, uavhengig av økonomisk bakgrunn, noko som inneber at godtgjeringa til folkevalde må vere god nok.

Presidentskapet støttar forslaget frå utvalet om at systemet med ulike nivå i godtgjeringane for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar bør vidareførast, og forslaget frå fleirtalet i utvalet, som meiner at godtgjeringane bør endrast med same prosentsats for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar.

Presidentskapet er einig med utvalet i at eit ansiennitetsprinsipp er i strid med det generelle prinsippet om at alle (ordinære) folkevalde er likestilte.

Presidentskapet har merka seg tilrådinga frå utvalet om at godtgjeringar til folkevalde som har verv på fleire nivå, bør samordnast, slik at det samla nivået ikkje vert oppfatta som urimeleg høgt. Presidentskapet vil oppfordre til at stortingsrepresentantar ikkje tek imot godtgjeringar for kommunale og fylkeskommunale folkevalde verv.

Presidentskapet viser til at tilslutninga til prinsippa og konklusjonane til utvalet bør reflekterast i regelverket om godtgjeringar til folkevalde. Etter stortingsgodtgjeringslova § 2 andre ledd andre punktum kan presidentskapet fastsetje nærmare retningslinjer om verksemda til lønskommisjonen. Slike utfyllande reglar vart gitt av presidentskapet 21. juni 1996 i medhald av stortingsvedtak same dag. Det vart i tillegg gitt enkelte tilføyingar i retningslinjene 24. november 2005. Presidentskapet vil utarbeide endringar i dei utfyllande retningslinjene, slik at dei reflekterer dei prinsippa og konklusjonane som følgjer av behandlinga av denne saka.

4.2 Evaluering av ordninga med lønskommisjon

Presidentskapet er einig med fleirtalet i utvalet, som meiner at ordninga med lønskommisjon samla sett har fungert etter formålet. Presidentskapet sluttar seg til at ordninga vert vidareført. Presidentskapet sluttar seg til at mandatet for kommisjonen vert presisert med at det er den generelle lønsutviklinga som er den mest relevante indikatoren når ein skal foreslå endringar i godtgjeringane, at statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar skal få dei same tillegga, og at reguleringa bør ta omsyn til særlege samfunnsmessige utfordringar når det er påkravd.

Utvalet viser til at stortingsrepresentantane ikkje får løn, men godtgjering. Utvalet peiker på at namnet på lønskommisjonen ikkje reflekterer realiteten i oppgåva han har. Presidentskapet sluttar seg til vurderinga om at lønskommisjonen bør få eit meir dekkjande namn, og vil følgje opp dette gjennom forslag til endring av stortingsgodtgjeringslova § 2.

Presidentskapet sluttar seg til at ein bør be lønskommisjonen om å rapportere om den relative utviklinga i godtgjeringane i forhold til det generelle lønsnivået i Noreg. Ein bør også be lønskommisjonen om å rapportere om ordningar og nivå for godtgjeringane i dei nordiske landa med visse mellomrom.

Presidentskapet viser til at Stortingets lønskommisjon vert sett ned for ein periode på fire år om gongen. Fungeringstida for lønskommisjonen som vart nemnd opp i 2016, gjekk ut 31. august 2020. Det skulle då normalt ha vorte nemnt opp ein ny kommisjon, men sidan Stortinget vedtok å setje ned eit utval for å greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar og i tillegg evaluere ordninga med lønskommisjon, bestemte presidentskapet i møte 14. mai 2020 at den sitjande lønskommisjonen (nemnd opp i 2016) skulle fungere fram til utvalet hadde sluttført arbeidet sitt.

Presidentskapet legg til grunn at den eksisterande lønskommisjonen avsluttar arbeidet sitt og det vert nemnt opp eit nytt godtgjeringsutval.

5. Tilråding frå presidentskapet

Tilrådinga frå presidentskapet vert fremja av eit samla presidentskap.

Presidentskapet rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:
I

Stortinget gir presidentskapet fullmakt til å utarbeide endringar av retningslinjene for verksemda til Stortingets lønskommisjon i tråd med føringane i innstillinga.

II

Dokument 20 (2020–2021) – Rapport til Stortingets presidentskap fra utvalg nedsatt for å utrede felles prinsipper for godtgjøring til politikere på alle forvaltningsnivåer – vert lagd ved møteboka.

Oslo, i Stortingets presidentskap, den 29. april 2021

Tone Wilhelmsen Trøen

Eva Kristin Hansen

Morten Wold

Magne Rommetveit

Nils T. Bjørke

Ingjerd Schou