Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Eigil Knutsen og Julia Wong, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Per Espen Stoknes, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til at EU i mai 2019 vedtok nye reglar for bankar og andre kredittinstitusjonar om mellom anna kapitalkrav og krisehandtering. Samla vert desse gjerne omtala som EUs bankpakke.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, viser til at desse reglane har som ambisjon å klargjere reguleringa, justere reglar som har hatt utilsikta verknadar for einskilde føretak, og gjere det enklare for mindre og ikkje-komplekse føretak å oppfylle krav til m.a. informasjonsplikt.

Fleirtalet viser til at gjeldande norsk regelverk må endrast for å gjennomføre forventa EØS-reglar som svarar til EUs bankpakke, og Prop. 147 LS (2020–2021) som finanskomiteen no har til behandling, er framlegget frå regjeringa til korleis rettsaktene kan gjennomførast i norsk rett. I denne innstillinga handsamar finanskomiteen samtykke til å ta del i ei komande avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av rettsakta CRR2 og forordning (EU) 2020/873 i EØS-avtalen, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. Proposisjonen sine forslag til endringar i finansføretakslova, verdipapirhandellova og finanstilsynslova vert handsama i Innst. 552 L (2020–2021).

Fleirtalet merker seg at rettsaktene CRR2, CRD5, BRRD2 samt forordning (EU) 2020/873 ikkje enno er handsama av EØS-komiteen. Framlegget her inneber derfor førtidig gjennomføring av forventa EØS-reglar. Fleirtalet viser til at regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i ein seinare proposisjon og be om samtykke til godkjenning av innlemming av direktiva CRD5 og BRRD2. Fleirtalet viser til at handsaming av samtykke derfor i denne omgang dreier seg om CRR2 og forordning (EU) 2020/873, som er føreslått gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon i CRR/CRD IV-forskrifta, i tråd med dagens regelverksstruktur.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, er oppteke av å unngå eit langvarig konstitusjonelt atterhald eller utsetjing av innlemming av desse rettsaktene. For dette fleirtalet er det avgjerande å sikre at norske finansføretak er underlagde reglar som i størst mogleg grad svarar til reglane for utanlandske finansføretak i EU. Dette fleirtalet viser til at regjeringa i proposisjonen ber om Stortingets samtykke, og sluttar seg til dette. Dette fleirtalet vil samstundes understreke at dersom den endelege avgjerda i EØS-komiteen skulle avvike vesentleg frå utkastet i proposisjonen, må saka bli lagd fram for Stortinget på nytt.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt påpeker at det i denne proposisjonen bes om samtykke til innlemmelse av CRR2 og forordning (EU) 2020/873. Disse medlemmer understreker at dette er EØS-relevante rettsakter som så langt ikke er behandlet i EØS-komiteen. Det bes således om forhåndssamtykke til innlemmelse av disse forordningene i EØS-avtalen.

På prinsipielt grunnlag mener disse medlemmer det er feil at Stortinget gir slikt samtykke før EØS-komiteen har behandlet saken og det foreligger en EØS-komitébeslutning som Stortinget konkret kan ta stilling til innholdet i.

Disse medlemmer viser for øvrig til merknader i Innst. 552 L (2020–2021).

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Prop. 147 LS (2020–2021) sendes tilbake til regjeringen.»