4. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I
Fullmakt til å pådra staten plikter for investeringsprosjekt

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet i 2021 kan:

  1. Starte opp desse investeringsprosjekta

    Innanfor ei kostnadsramme på:

    Ny Lufthamn ved Mo i Rana

    3 320 mill. kroner

    E16 Lærdalstunnelen

    2 304 mill. kroner

    Vossebana: Fløen–Bergen/Nygårdstangen godsterminal

    4 041 mill. kroner

  2. Vidareføre desse tidlegare godkjende investeringsprosjekta

    Innanfor ei endra kostnadsramme på:

    E6 Tømmernes-, Forså-, Fagernes-, Larsberg-, Skardal- og Isfjelltunnelane

    890 mill. kroner

    IC Østfoldbana Sandbukta–Moss–Såstad

    17 925 mill. kroner

Fullmaktene over om å forplikte staten i desse investeringsprosjekta gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for det einskilde prosjekt.

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å prisjustere kostnadsrammene i seinare år.

II
Fullmakt til valutakursjustering av kostnadsramme

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet kan valutakursjustere den tidlegare vedtekne kostnadsramma for kjøp av 30 nye lokaltog.

III

Stortinget ber regjeringen sørge for at lufthavnene i Mosjøen, Sandnessjøen og Brønnøysund består etter utbyggingen av ny flyplass ved Mo i Rana.

IV

Stortinget ber regjeringen sørge for at det er et tilstrekkelig flytilbud til Stord lufthavn også etter at dagens avtale går ut i juni 2021.

V

Stortinget ber regjeringen legge til grunn at ny lufthavn ved Mo i Rana skal åpnes i 2025.