Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Even Eriksen, Kari Henriksen og Lubna Boby Jaffery, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Lars Rem, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde Almeland, viser til at dette er eit framlegg om å endre Grunnlova slik at Stortinget trer saman den første virkedagen i september, ein månad tidlegare enn i dag. Sidan det er stortingsval i september kvart fjerde år, inneber framlegget at denne endringa ikkje skal gjelde dei åra det er stortingsval. Då skal Stortinget tre saman på den første virkedagen i oktober, som i dag.

Komiteen viser til at grunngjevinga for framlegget er at den lange perioden der Stortinget ikkje er samla, gjev utfordringar for Stortingets kontroll med regjeringa og for naudsynt stortingshandsaming av saker som hastar. Grunngjevinga er vidare at Stortinget treng meir jamn fordeling av arbeidsmengda knytt til sakshandsaming.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet, meiner Stortinget har synt at det kan halde ekstraordinære møte når det trengst. Stortinget klarar difor å handsame saker som hastar, og kontrollfunksjonen er tilstrekkeleg sikra. Fleirtalet legg òg vekt på at representantane har trong til å opphalde seg i valkretsane sine og til å drive politisk arbeid utanfor stortingsbygget.

Fleirtalet legg vekt på at det er ein god parlamentarisk tradisjon at Stortingets høgtidelege opning fell saman i tid med kongen si trontale og budsjettframlegget frå regjeringa. Denne tradisjonen bør halde fram.

Fleirtalet ser difor ikkje grunn til å endre tidspunktet for når Stortinget trer saman.

På dette grunnlaget tilrår fleirtalet å ikkje samtykkje i forslaget.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre syner til at ei ordning med lengre sesjon kan medverke til ei jamnare arbeidsmengd, i året sett under eitt. Desse medlemene syner til at det aller viktigaste likevel er at den lange perioden Stortinget ikkje er samla, gir utfordringar for Stortinget sin kontroll med regjeringa og for naudsynt stortingsbehandling av saker som hastar. Desse medlemene syner til at Stortinget, når det ikkje er samla, etter Grunnlova § 69 kan kallast saman av kongen dersom han finn det naudsynt. Omsynet til laupande kontroll med regjeringa og ein politisk debatt på mest mogleg like fot mellom regjering og opposisjon på Stortinget tilseier trass i dette at Stortinget bør ha møte i ein så stor del av året som mogleg.

Desse medlemene syner til at ei innvending mot å samle Stortinget tidlegare enn fyrste verkedag i oktober er at stortingsvalet vert halde andre eller tredje måndagen i september (kvart fjerde år). Perioden frå valdagen til fyrste verkedag i oktober månad synest som ei rimeleg tid for å kontrolltelje stemmer og kvalitetssikre gjennomføringa av stortingsvalet. Forslaget bør difor ta omsyn til at i dei åra det er stortingsval, bør Stortinget samlast på same tidspunkt som i dag, det vil seie første verkedagen i oktober. Dette er varetatt i forslaget.

Desse medlemene merkar seg vidare at ei innvending er at det er parlamentarisk tradisjon at den høgtidelege opninga fell saman i tid med kongen si trontale og regjeringa sitt budsjettframlegg. Ei framskunding av Stortinget si høgtidelege opning ville på den eine sida bety at ein ville føretrekke å framskunde trontala og budsjettframlegget tilsvarande. Det vil ha nokre praktiske, men ikkje store, konsekvensar for regjeringa sitt budsjettarbeid. På den andre sida ville ei slik løysing kunne medverke positivt til å skilje tida mellom trontala, som er regjeringa sine visjonar for det komande året, og budsjettframlegget, som er regjeringa si budsjettmessige konkretisering av sine visjonar. Eit slikt skilje i tid vil vere positivt fordi det vil tydeleggjere skiljet som i dag er utydeleg mellom dei to.

På denne bakgrunnen anbefaler desse medlemene at Grunnlovsforslag 14 (2019–2020), alternativ 1, vert vedteke, slik at § 68 skal lyde:

«Stortinget trer sammen i alminnelighet den første hverdag i september måned hvert år i rikets hovedstad, med mindre kongen på grunn av overordentlige omstendigheter, for eksempel fiendtlig innfall eller smittsom syke, velger en annen by i riket. En slik bestemmelse må da betimelig bekjentgjøres.

Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i september kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.»