Søk

Forslag frå mindretal

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget blir reviderte.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 2

Stortinget ber regjeringa fremje forslag til endringar i vannressursloven og vassdragsreguleringsloven som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane Ullensvang og Suldal sine krav.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og Suldal.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.