3. Merknader frå komiteen

3.1 Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Marte Eide Klovning og Mona Nilsen, frå Høgre, Turid Kristensen og Tage Pettersen, frå Senterpartiet, Margrethe Haarr og Åslaug Sem-Jacobsen, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy Lie, og frå Venstre, leiaren Grunde Almeland, viser til at Barne- og familiedepartementet foreslår endringar i trossamfunnsloven.

Komiteen vil ha eit livssynsope samfunn som legg til rette for alle menneske sine trus- og livssyn. For mange menneske er trus- og livssynssamfunna viktige for å kunne utøve ei tru eller eit livssyn i eit trygt fellesskap, eit fellesskap som skapar tilhøyrsle og identitet, og som betyr mykje positivt for lokalsamfunn over heile landet. For å få til dette må politikken vere aktiv og støttande, samstundes som det er viktig med innsyn og kontroll i verksemda til trus- og livssynssamfunna, særleg med tanke på finansieringa. Eit livssynsope samfunn med gode arenaer og rutinar for dialog, samtale, innsyn og kontroll vil styrke tilliten i samfunnet.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at både samfunnet, kirken og staten er best tjent med et fullstendig skille mellom kirke og stat, da en politisk styrt kirke mister sin nødvendige legitimitet. Tro er en privatsak og bør derfor ikke motta offentlig støtte.

Dette medlem viser til behandlingen av ny trossamfunnslov i Stortinget våren 2020, hvor Fremskrittspartiet fremmet forslag med sitt primære ønske om en alternativ modell for finansiering av trossamfunnene, hvor staten har et mindre ansvar for driften av disse. Primært bør kirken og andre trossamfunn finansiere seg selv. Dette medlem viser til at Fremskrittspartiet i sitt partiprogram og sine alternative statsbudsjett argumenterer for en alternativ finansieringsmodell gjennom en reduksjon i driftsbevilgningene til Den norske kirke og til andre trossamfunn.

Dette medlem viser til at Fremskrittspartiet vil komme tilbake senere med et eget forslag om å avvikle statsstøtte til tros- og livssynssamfunn.

3.2 Motarbeiding av den demokratiske styreforma

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til at Barne- og familiedepartementet i sitt grundige arbeid har valt å lytte til høyringsinnspela som kom inn, om å ikkje gå vidare med framlegget om å legge til motarbeiding av den demokratiske styreforma i Noreg som eit nytt grunnlag for å nekte tilskot til trussamfunn. Fleirtalet merkar seg at framlegget kan verke mot si eiga hensikt og heller svekke enn styrke demokratiet, og at det ikkje finst tilsvarande vilkår for andre aktørar i sivilsamfunnet.

Fleirtalet støttar departementets vurdering om å ikkje gå vidare med framlegget, og ser positivt på at departementet heller vil arbeide vidare med tiltak for å styrke rettleiing og opplæring av trus- og livssynssamfunna i dei krava som allereie finst i lova.

3.3 Aktivitetskrav

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til at departementet har lagt fram tre ulike modellar for auka jamstilling i trus- og livssynssamfunna. Fleirtalet merkar seg at høyringa gav støtte til eit aktivitetskrav, og at det er eit fleirtal for modell 1, der samfunna får ei plikt til å jobbe aktivt for å oppnå 40 pst. representasjon av både kvinner og menn i styrande organ. Kravet er i samsvar med likestillings- og diskrimineringsloven, og det vil bidra til å oppfylle statens plikter etter kvinnediskrimineringskonvensjonen. Fleirtalet merkar seg òg at samfunn som ikkje ønskjer å arbeide for å innfri dette kravet, likevel kan stå registrert som eit trussamfunn. Dei står soleis fritt til å utøve religionen sin utan tilskot frå staten, utan at dette strir med menneskerettane.

Fleirtalet støttar departementet sine vurderingar og tilrådinga om å ta inn eit krav i trossamfunnsloven en om at tru- og livssynssamfunn som krev tilskot frå staten, må stadfeste skriftleg at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 pst. kvinner og 40 pst. menn i styrande organ som forvaltar statstilskotet. Fleirtalet meiner dette er eit viktig tiltak for betre jamstilling i trus- og livssynssamfunna.

Fleirtalet legg særleg vekt på at diskrimering på grunn av kjønn er forbode på alle område i samfunnet – òg i trus- og livssynssamfunn. For at trus- og livssynssamfunn skal ha lov til å behandle menn og kvinner ulikt, må dei generelle vilkåra i likestillings- og diskrimineringsloven § 9 om lovleg forskjellsbehandling vere oppfylte. Fleirtalet viser til at Stålsett-utvalet argumenterte for at

«[r]etten til ikke å bli diskriminert på grunn av kjønn, etnisitet, religion, hudfarge, seksuell orientering, funksjonsevne og alder er en viktig fellesverdi og en sentral del av menneskerettighetene».

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at når regjeringen foreslår at tros- og livssynssamfunn skal «arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrende organ», er det også en form for oppmuntring til kjønnskvotering. Dette medlem er veldig usikker på hvilken effekt dette i realiteten vil ha, og hva det konkret vil bety for likestilling i disse samfunnene. Intensjonen er sikkert god, men dette medlem frykter det kun medfører ekstra byråkrati, og at kjønn blir pynt på papiret i styrende organ.

3.4 Medlemskrav

Komiteen viser til gjeldande lov om eit minstekrav om 50 medlemmar for å kunne få statstilskot som trus- eller livssynssamfunn, og at Barne- og familiedepartementet la fram fleire alternative minstekrav før høyringa. Komiteen merkar seg at fleire av høyrings-svara peiker på eit minstekrav om 100 medlemmar som eit høveleg alternativ, slik fleirtalet i Stålsett-utvalet òg har foreslått.

Komiteen understrekar behovet for å auke minstekravet for å vere trygge på at trus- og livssynssamfunna kan oppfylle dei krava for tilskot som står i lova. Dette kan òg styrke både finansieringa av, kontrollen med og innsynet i samfunna. Komiteen støttar departementet sitt framlegg om å auke medlemskravet for statstilskot til trus- og livssynssamfunn til 100.

Komiteen merkar seg at om lag 180 samfunn ikkje lenger vil ha rett på tilskot ved ein slik auke. Komiteen viser då til departementet si vurdering av at det er sannsynleg at mange av samfunna vil kunne tilpasse seg kravet om 100 medlemmar gjennom samarbeid eller ved å slå seg saman med andre samfunn.

Komiteen meiner det er viktig med føreseielege ordningar for trus- og livssynssamfunn. For at allereie registrerte samfunn ikkje umiddelbart skal miste status som registrert, og dimed tilskots- og vigsleretten om dei fell under 100 medlemmar, har departementet difor foreslått ein unntaksregel. Komiteen forstår at medlemstal kan svinge frå år til år, og støttar difor departementet sitt framlegg om ei nedre grense for allereie registrerte samfunn. Komiteen meiner òg at eit slikt unntak vil forenkle sakshandsaminga hos statsforvaltaren og ivareta minoritetssamfunn som ikkje har høve til å slå seg saman med andre samfunn. Komiteen meiner likevel at departementet sitt framlegg om 75 er for lågt, og foreslår difor ei nedre unntaksgrense på 85 medlemmar.

Komiteen fremjar difor følgjande framlegg:

«I trossamfunnsloven gjøres følgende endringer:

§ 4 andre ledd andre punktum skal lyde:

Et samfunn som er registrert og har minst 100 medlemmer per 1. januar 2026, kan beholde registreringen så lenge det har minst 85 medlemmer.

§ 5 tredje ledd tredje punktum skal lyde:

Et samfunn som er registrert og har minst 100 medlemmer per 1. januar 2026, kan tildeles tilskudd så lenge det har minst 85 medlemmer.»

3.5 Andre lovendringar

3.5.1 Dobbeltmedlemskap

Komiteen viser til departementet sitt framlegg om å endre dobbeltmedlemskapsregelen i trossamfunnsloven § 4 første ledd bokstav c, slik at dobbeltmedlemskap i både registrerte og uregistrerte samfunn blir handsama likt. Til liks med høyringsinstansane har ikkje komiteen nokon innvendingar til framlegget. Komiteen støttar difor departementet sitt framlegg.

3.5.2 «Om lag-prinsippet»

Komiteen viser til departementet sitt framlegg om at «om lag-prinsippet» blir gjeldande for alle faktorar i utrekninga av tilskot. Departementet meiner at lovendringa i første rekke berre vil få betydning for handsaming av klagesaker om avkorting av statstilskot grunna dobbeltmedlemskap.

Komiteen vil understreke at dette ikkje er ei utviding av eksisterande praksis, og at trus- og livssynssamfunna i utgangspunktet ikkje vil miste tilskot for medlemmar dei i dag får tilskot for. Endringa vil først og fremst opne for at eit påklaga tilskotsvedtak kan bli oppretthalde med tilvising til «om lag-prinsippet», når talet på dobbeltmedlemmar som er omfatta av klagen, utgjer ein særs låg del av trus- eller livssynssamfunnet sine medlemmar.

Komiteen viser til Grunnlova § 16, kor det blir slått fast at alle trus- og livssynssamfunn skal få støtte på lik linje. «Om lag-prinsippet», slik det er formulert her, vil ikkje utfordre likebehandlingsprinsippet etter Grunnlova, som skal vere førande for trussamfunnslova og tilhøyrande finansieringsordning.

Komiteen meiner vidare at medlemmar i trus- og livssynssamfunn må få meir kontroll over eigne medlemskap. Det må bli enklare å få innsikt i eigne medlemskap og avslutte uønskte medlemskap. Det vil både auke fridomen til dei einskilde medlemmane, gje meir korrekte medlemsregister og gje mindre byråkrati med færre klagesaker.

Komiteen fremjar difor følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa greie ut og kome attende til Stortinget på eigna måte om tiltak for enklare opprydding av uønskte dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn og tiltak for å styrke den einskilde si innsikt i og kontroll over eigne medlemskap.»

3.6 Det livsynsopne samfunnet

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, ser positivt på departementet sitt initiativ til gode og føremålstenlege møteplassar mellom styresmaktene og trus- og livssynssamfunna. Fleirtalet meiner møteplassar som legg til rette for god dialog og samarbeid, er eit viktig grep for å understøtte eit livssynssope samfunn og innhaldet i trossamfunnsloven. Fleirtalet har tru på at god dialog mellom styremakter og trus- og livssynssamfunn vil forsterke tilliten mellom trussamfunna, styresmaktene og storsamfunnet elles.

Fleirtalet viser til at det på initiativ frå trus- og livssynssamfunna sjølve har blitt etablert dialog- og paraplyorganisasjonar, og at desse er viktige dialogpartnarar for styresmaktene og for dialog samfunna mellom. Fleirtalet merkar seg at departementet opnar for ei ny kartlegging og eventuell evaluering av dialogarbeidet, og støttar opp om dette.

Fleirtalet ser særs positivt på at departementet legg til rette for årlege eller halvårlege kontaktkonferansar med alle trus- og livssynssamfunna og med det sørgjer for god dialog og felles forståing. Jamlege møte med tilsynsmyndigheitene etter trossamfunnsloven bør òg bli etablert, som kan inkludere trus- og livssynssamfunn som ikkje er ein del av paraplyorganisasjonar.

Fleirtalet anerkjenner at trus- og livssynssamfunna er ein viktig del av sivilsamfunnet og kan ha ei viktig rolle i den norske totalberedskapen. Med bakgrunn i tilrådingane frå Totalberedskapskommisjonen støttar fleirtalet departementets vurdering om å sjå nærare på om det bør bli lagt opp til faste møtepunkt om beredskap mellom trus- og livssynssamfunna og styresmakter både lokalt, regionalt og nasjonalt.