3.2 Konsesjon til selskap med avgrensa ansvar og stiftingar
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre,
merkar seg at det i proposisjonen blir føreslått å lovfeste vurderingstemaet
for når eit selskap med avgrensa ansvar kan få konsesjon, for å
tydeleggjere dette i lova. Fleirtalet understrekar
viktigheita av intensjonen bak regelen slik han lyder i dag, der
hensikta har vore å kunne innvilge konsesjon til selskap med avgrensa
ansvar i dei tilfella der det inneber fordelar knytte til landbruksdrifta
samanlikna med at ein enkeltperson ervervar eigedomen. Fleirtalet merkar seg vidare at forslaget inneber
ei vidareføring av dette utgangspunktet.
Fleirtalet viser
til at det i proposisjonen blir føreslått å likestille stiftingar
og selskap med avgrensa ansvar, og støttar vurderinga som ligg til
grunn for dette.
Medlemene i
komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Raudt viser til at utan ein tilstrekkeleg tydeleg heimel
som avgrensar eigarskap til dei som òg driv eigedomen, kan det på
sikt utvikle seg ei utgliding av dagens praksis. Desse
medlemene meiner standpunkta medlemene frå Høgre, Venstre
og Framstegspartiet fremjar, vil kunne opne for ei utvikling der viktige
nasjonale naturressursar, som jord og skog, samt tilhøyrande rettar
som til dømes jakt og fiske, i større grad vil kunne eigast og kontrollerast
av personar eller selskap andre stader i landet enn der ressursen
finst.
Medlemene i
komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser
til at rundt 80 pst. av søknadene der eit selskap med avgrensa ansvar
søkte om konsesjon på erverv av landbrukseigedom til landbruksformål
i perioden 2017–2021, blei innvilga. Desse
medlemene støttar ei lovfesting av vurderingstemaet for når
eit selskap med avgrensa ansvar kan få konsesjon i slike tilfelle. Desse medlemene meiner jord- og skogseigedomar i
størst mogleg grad bør vere nasjonalt og lokalt eigde, og eigde
av fysiske personar. Desse medlemene meiner den
føreslåtte endringa vil tydeleggjere at det ikkje skal vere kurant
for selskap med avgrensa ansvar å få konsesjon.
Komiteens medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre viser til at forslaget
om å lovfeste vurderingstemaet for konsesjon til selskaper med begrenset
ansvar og stiftelser i utgangspunktet er en kodifisering av gjeldende
rettspraksis og forarbeid. Disse medlemmer har
forståelse for behovet for et klarere hjemmelsgrunnlag og større
forutberegnelighet, men understreker samtidig at det er viktig å
unngå en utvikling der fleksible eierskapsmodeller, som kan være
hensiktsmessige for samarbeidsløsninger eller kapitalintensive investeringer,
svekkes gjennom en for rigid praktisering av regelverket.
Disse medlemmer viser
også til at det i dag er svært få landbrukseiendommer som eies av
selskaper med begrenset ansvar, og at det derfor ikke er dokumentert
et faktisk behov for innskjerping. Når regjeringen samtidig uttrykker
at forslagene ikke får økonomiske eller administrative konsekvenser,
samtidig som de omtales som en innstramming, etterlater det et uklart
bilde av hensikten bak forslaget. Disse medlemmer advarer
mot et regelverk som i praksis kan føre til redusert interesse for
næringsutvikling og samarbeid i skogbruket.
Disse medlemmer er
videre kritiske til forslagene om at konsesjonsrisikoen skal ligge
fullt ut på selger, og at det skal innføres et forbud mot videresalg
til nær familie i tilfeller der konsesjon ikke gis. Disse medlemmer mener slike regler fremstår
som uforholdsmessige og lite hensiktsmessige. I mange tilfeller
vil en selger ha begrenset påvirkning på utfallet av konsesjonsbehandlingen,
og det å legge all risiko på selgeren kan føre til usikkerhet og
unødig belastning, særlig ved for eksempel samlivsbrudd eller andre
økonomisk sårbare situasjoner. Tilsvarende mener disse medlemmer at
forslaget om salgsforbud til nær familie fremstår som et unødig
inngripende tiltak, og det er ikke dokumentert at dagens praksis
skaper et systematisk problem som krever så vidtrekkende regulering.
Disse medlemmer støtter
målsettingen om et aktivt og bærekraftig landbruk og skogbruk, men
mener at dette best oppnås gjennom å sikre grunneier større frihet
til å forvalte egen eiendom og gjennom et regelverk som fremmer
ansvarlig eierskap og investering, ikke ved å reetablere reguleringer
som i liten grad har vist seg å virke etter hensikten.
Medlemene i
komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ønskjer
vidare å minne om at dersom ein først opnar for utydelege eller
eit totalt bortfall av heftingar ved selskap med avgrensa ansvar,
vil det vere vanskeleg å reversere. Noregs tilknyting til EU gjennom
EØS-avtalen legg avgrensingar på å drive investeringskontroll med
personar og selskap frå EØS. Utan tydelege heimlar risikerer ein
at desse eigedomane og ressursane dei sit på, endar opp under utanlandsk
kontroll og eigarskap. Desse medlemene meiner
ei brei tilslutning til forslaga i proposisjonen ville vere til
det beste for å sikre stabile og føreseielege rammevilkår samt sikre
ivaretaking av lokal eigarskap og nasjonal kontroll med viktige
ressursar.