Barne- og familiedepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til endringar i lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale
krisesentertilbod (krisesenterlova). Føremålet er å leggje til rette
for eit krisesentertilbod der kvinner, menn og barn utsette for
vald i nære relasjonar får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa
behova og livssituasjonen deira.
Kommunane står fritt til å velje korleis tilbodet
skal organiserast, og dei fleste krisesentera er eigde eller drifta
av fleire kommunar i samarbeid.
Departementet føreslår at det blir tydeleggjort
i lova at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative
krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet
ved krisesenteret. For å gi eit betre krisesentertilbod til samiske
kvinner, menn og barn føreslår departementet å lovfeste at dei særskilde rettane
til den samiske befolkninga skal varetakast i krisesentertilbodet.
Departementet føreslår vidare at det i lova blir tydeleggjort at
oppfølginga i reetableringsfasen skal skje i samarbeid med andre
delar av tenesteapparatet. I tillegg føreslår departementet ei ny
føresegn om tilgangen til å behandle personopplysningar i krisesentertilbodet,
og at det der blir gitt ein heimel til å fastsetje forskrift med
utdjupande føresegner om behandlinga av personopplysningar. Vidare
føreslår departementet ei ny føresegn om oppslag mot Folkeregisteret
og tilgang til teiepliktige opplysningar. Forslaga til endringar av
krisesenterlova går fram av punkt 9 til 12 i proposisjonen.
Punkt 5 til 8 i proposisjonen er ein meldingsdel
som skildrar einskilde tiltak for å støtte opp under kommunane si
faglege og organisatoriske utvikling av krisesentertilbodet. Vald
i nære relasjonar er eit stort samfunns-problem med betydelege kostnadar
for dei som er utsette, og for samfunnet. Krisesentertilbodet er
eit av dei viktigaste vernetilboda for dei som er utsette for vald
i nære relasjonar. Det er viktig å leggje til rette for ei god utvikling
av krisesentertilbodet framover, noko som krev at kommunane har
eit aktivt eigarskap til den faglege utviklinga og styrkinga av
krisesentertilbodet. Meldingsdelen drøftar krisesentertilbodet som
ei sentral førebyggjande kommunal teneste og understrekar behovet
for god leiing og styring frå kommunen si side, gjennomføring av
internkontroll og oppfølging gjennom tilsyn. Utfordringar med den
geografiske tilgjengelegheita til krisesentertilbodet blir òg drøfta.
Det blir peikt på at det er behov for fleksible løysingar i kommunane
for å sikre at tilbodet er tilgjengeleg for målgruppa i heile landet.