Rapport om arbeidet i INTOSAI Development Initiative
(IDI)
INTOSAI Development Initiative (IDI) er eit
globalt utviklingsorgan for riksrevisjonar i utviklingsland.
Uavhengige og effektive riksrevisjonar er ein
berebjelke i arbeidet for å sikre velfungerande demokrati, nedkjempe
korrupsjon og fremje god offentleg finansforvaltning og eit godt
styresett. Riksrevisjonar arbeid bidreg òg direkte til delmål 16.6
av FN sine berekraftsmål: utvikle effektive, ansvarlege og opne
institusjonar på alle nivå». Revisjon av bistandsmidlar (inkludert
frå Noreg) er òg ein del av mandatet til dei fleste riksrevisjonane
i IDI si målgruppe. Støtta til IDI bidreg dermed òg indirekte til
å styrkje kontrollen med norske hjelpemidlar.
Ei ekstern evaluering av IDI viser at IDI har
nådd måla sine i den strategiske planen 2019–2023 trass i den utfordrande
geopolitiske situasjonen og dei mange problema riksrevisjonar globalt
står overfor.
I 2024 heldt IDI fram med engasjementet for
å støtte riksrevisjonar, spesielt i land der dei økonomiske utfordringane
er store og korrupsjonen aukar på grunn av mellom anna krigar og
intern uro. Meir enn 4 750 tilsette frå totalt 162 riksrevisjonar
deltok i IDI sine kapasitetsbyggingsprogram og aktivitetar i 2024.
Av desse var 1 870 tilsette frå 47 riksrevisjonar frå sårbare og
veldig sårbare statar.
IDI har òg ei rekkje strategiske partnarar som
IDI har drege stor nytte av i arbeidet sitt. Desse omfattar mellom
anna Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken, diverse
FN-organ, Den interparlamentariske unionen (IPU), Organisasjonen
for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og dessutan norske og utanlandske
universitet og fagmiljø.
At riksrevisjonane er uavhengige, er avgjerande
for at dei skal kunne utføre arbeidet sitt effektivt og truverdig.
Likevel viser IDI sin rapport om utviklinga, utfordringane og moglegheitene
til riksrevisjonane, 2023 Global SAI Stocktaking Report, at tilbakegangen
for demokratiet i mange land har gått ut over sjølvstendet til riksrevisjonane.
Dette er ei alvorleg utvikling, og vi har no sett ti år med svekt
sjølvstende for riksrevisjonar på eit globalt nivå.
I 2024 har IDI mellom anna støtta riksrevisjonane
i Costa Rica, Polen, Kypros, Montenegro, São Tomé, Sierra Leone
og Spania, der det har vore konkrete forsøk på å undergrave sjølvstendet
deira. I tillegg har IDI gitt støtte til sivilsamfunn og det juridiske
rammeverket for å styrkje sjølvstendet til riksrevisjonane i Malawi,
Malta, Nigeria, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Salomonøyane og Zambia.
I tillegg til at riksrevisjonane er uavhengige,
er det heilt sentralt at riksrevisjonar i utviklingsland utfører revisjonar
på ein profesjonell måte i samsvar med dei internasjonale revisjonsstandardane
for riksrevisjonar.