Noreg har i samsvar med Parisavtalen
forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa med minst 55 pst. innan
2030 samanlikna med 1990. Innan 2050 skal Noreg bli eit lågutsleppssamfunn.
Stortinget har ei tydeleg forventning om at også jordbruket må bidra
til å nå Noregs klimamål. Omstillinga av jordbruket på vegen mot
eit lågutsleppssamfunn må likevel skje på ein måte som tek vare
på matproduksjonen og fellesgoda som jordbruket produserer.
Dei nasjonale klimamåla er ikkje fordelte gjennom eigne
klimamål for kvar enkelt sektor. Like fullt er kvar sektor ansvarleg
for å bidra til utsleppsreduksjonar innanfor eigen sektor. Alle
aktørar innanfor dei ulike sektorane i samfunnet må medverke for
å nå dei nasjonale klima- og miljømåla, og alle samfunnssektorar
har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane
sine og medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske
måla.
Utslepp av klimagassar frå jordbruket inngår
i Noregs utsleppsforplikting under EUs innsatsfordeling. Noreg har
inngått ein avtale med EU og Island om å samarbeide for å oppfylle
klimamåla for 2030 under Parisavtalen. Gjennom denne avtalen er
Noreg omfatta av EUs klimaregelverk, der innsatsfordelinga inngår.
Jordbruket skal bidra til utsleppsreduksjonar i samsvar med eit
årleg utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktig sektor samla sett.
Det er opp til landa sjølve korleis dei vel å oppfylle målet, korleis
dei fordeler innsatsen mellom ulike sektorar og i kva grad målet
skal nåast gjennom innsats heime og innsats i andre europeiske land
som vel å delta i innsatsfordelinga.
Stortinget har gjennom dei siste 15 åra hatt
ei klar forventning om at klimagassutsleppa frå jordbruket skal
ned. Ein del av denne forventninga har vore at jordbruket sjølv
skal vere ein del av løysinga på klimautfordringane gjennom å ta
sin del av ansvaret for å redusere sine eigne klimagassutslepp.
Den viktigaste oppgåva jordbruket har i klimasamanheng,
er å redusere klimagassutsleppa per produsert eining, i tillegg
til å auke opptaket av CO2 og tilpasse produksjonen til
eit klima i endring. Klimagassutslepp frå jordbrukssektoren står
for om lag 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar årleg.
Dette utgjer om lag 10 pst. av dei samla utsleppa i Noreg og om
lag 20 pst. av klimagassutsleppa som inngår i innsatsfordelinga,
som omfattar utslepp frå sektorane transport, jordbruk, avfall,
bygg og delar av industri- og petroleumssektoren. Frå 1990 til 2023
har utsleppa frå jordbrukssektoren gått ned med 10,5 pst.
Jordbrukssektoren er ein av få sektorar der
det er sett ein sektorambisjon for reduksjon av klimagassar. Denne
ambisjonen er uttrykt i Intensjonsavtale mellom jordbruket og regjeringen
om reduserte klimagassutslipp og økt opptak av karbon fra jordbruket
for perioden 2021–2030, som vart inngått i 2019. Avtalen (heretter
kalla klimaavtalen) vart inngått av landbruks- og matministeren
og klima- og miljøministeren på vegner av regjeringa Solberg, medan
leiarane av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag signerte
avtalen på vegner av jordbruket. Også regjeringa Støre har lagt avtalen
til grunn for klimaarbeidet i jordbrukssektoren. Avtalen er ikkje
juridisk bindande, men både regjeringa og Stortinget viser til at
avtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i jordbrukssektoren.
Målet med avtalen er å redusere klimagassutslepp og
auke opptaket av karbon frå jordbruket tilsvarande 5 millionar tonn
CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021–2030. Som eit
flatt gjennomsnitt vil dette dimed utgjere 0,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar
per år i avtaleperioden. Målet omfattar klimatiltak som kan tilskrivast
jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, energibruk
og areal (utanom skog) i den offisielle klimagassrekneskapen. Både
staten og jordbruket har ansvar for måloppnåinga, men i samsvar med
avtalen skal ein vesentleg del av utsleppsreduksjonane takast gjennom
bidrag frå jordbruket, som berre omfattar tiltak som jordbruket
sjølv kan styre og gjennomføre. Dette inngår i del A av avtalen.
Ansvaret til staten er nedfelt i del B. Staten skal i samsvar med
avtalen arbeide for å oppnå målet om å redusere matsvinn med 50
pst. innan 2030, og for å endre matforbruket i befolkninga mest
mogleg i tråd med dei nasjonale kostråda. Dette er forbruksendringar
som indirekte kan føre til reduserte utslepp, som følgje av endringar
i produksjonen.
Regjeringa har i Meld. St. 25
(2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet
varsla at dei vil vurdere å invitere jordbruksorganisasjonane til
å reforhandle avtalen for perioden 2031 til 2035.
Målet med undersøkinga har vore
å belyse om Landbruks- og matdepartementet legg til rette for å
redusere utsleppa av klimagassar frå jordbruket i samsvar med vedtaka
og føresetnadene frå Stortinget.