Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Proposisjonen gjeld forslag om at Stortinget samtykkjer til (i) ratifikasjon av konvensjon om oppretting av ein internasjonal kravskommisjon for Ukraina og (ii) norsk tilslutning til ein utvida delavtale i Europarådet som inneber deltaking i styringskomiteen for spesialtribunalet for Ukraina. Bakgrunnen er Russlands aggresjon mot Ukraina, som inneber alvorlege brot på folkeretten og den internasjonale humanitærretten, med store menneskelege og materielle øydeleggingar og betydelege økonomiske tap.
Konvensjonen etablerer ein sjølvstendig kravskommisjon innanfor Europarådets rammeverk som skal behandle og avgjere erstatningskrav frå ukrainske fysiske og juridiske personar, inkludert den ukrainske staten, for tap og skade som har oppstått frå og med 24. februar 2022. Kommisjonen skal leggje til grunn Russlands ansvar og fastsetje erstatning i den einskilde saka, med reglar om organisering, saksbehandling, openheit, personvern og finansiering. Delavtalen knytt til spesialtribunalet legg til rette for norsk deltaking i styringskomiteen som skal ha ansvar for administrasjon og finansiering av tribunalet, som skal straffeforfølgje aggresjonsbrotsverket mot Ukraina. Dei økonomiske konsekvensane er estimerte til om lag 2 mill. kroner årleg for kravskommisjonen i full drift og er førebels anslått til om lag 4 mill. kroner i «fase 0» og 9–10 mill. kroner årleg i «fase 1» for tribunalet. Utgiftene er planlagde dekte innanfor den sivile delen av Nansen-programmet fram til 2030. Utanriksdepartementet tilrår at Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av konvensjonen og tilslutning til den utvida delavtalen, jf. Grunnlova § 26 andre ledd.
Det er ikkje gjennomført høyring i saka, og ho medfører ikkje behov for endringar i norsk lov.
Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.