Stortinget - Møte onsdag den 21. mai 1997

Dato: 21.05.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Arne Haukvik (Uavh): Eg er glad for at det var enda ein statsråd som hadde tid til å kome hit.

Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål:

Aftenposten 15. mai 1997 opplyser at heile 526 mill. kroner av ei løyving på 607 mill. kroner som tilskot til omsorgsbustader og einerom på sjukeheimar står ubrukt.

Kva vil statsråden gjere for å følgje Stortingets føresetnader i denne saka?

Statsråd Reidar Sandal: Som spørsmålsstillaren har eg òg merka meg den låge bruken av løyvinga til tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar til no i år. Aktiviteten har vore så liten hittil i år at vi har funne det forsvarleg med ein reduksjon i løyvinga på 50 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett.

Allereie i fjor haust, ved handsaminga av inneverande års budsjett, blei det varsla at Regjeringa ville komme tilbake med ei justering av satsane for tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Dette har vi no gjort i samband med at St.meld.nr.50 om eldreomsorg blei lagd fram den 13. mai i år. Utmålinga av tilskot er no auka med tilbakeverkande kraft frå 1. januar i år. Auken er frå 100.000 kr til 125.000 kr for omsorgsbustader og frå 150.000 kr til 250.000 kr for sjukeheimsplassar. Kommunane har visst at tilskotet skulle bli oppjustert, og det er naturleg at dei derfor har avventa situasjonen.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for svaret.

Eg går ut frå at dei kommunane som har vore frampå og gjort jobben sin, òg får det auka tilskotet, sjølv om dei ikkje venta til tilskotet auka.

Me veit at me har ein bustadmasse her i landet som stort sett er på topp. Det gjeld likevel ikkje bustader for eldre og andre som treng omsorg og pleie. Der har bualternativet til nå vore kommunal trygdebustad på 25 m2 og dusj på gangen, eller i verste fall sjukeheim med fleire på same rom. Vi må derfor endre på bustadpolitikken når det gjeld desse gruppene. Vi må kome bort frå at eldre skal bli forvara i små kommunale trygdebustader eller på trongbudde sjukeheimar når dei blir for skrøpelege til å gå i trapper eller måke snø. Allment må det vere eit krav at folk kan syte for sin eigen bustad livet ut - dei aller fleste eldre vil også ha ein bustadkapital som dei kan bruke til å kjøpe eldrebustad. Likevel må kommunen syte for at det blir bygt omsorgsbustader, slik det kom fram i velferdsmeldinga, og at dette er fullverdige bustader. Eg vil spørje statsråden om han vil dytte på slik at det arbeidet kan gå vidare, og at kommunane gjer jobben sin.

Statsråd Reidar Sandal: Eg føler nok at det spørsmålet som representanten Haukvik tok opp no i siste runde, på mange vis er eit vidare og større spørsmål enn det som var meldt innleiingsvis om kor stor del av løyvinga som var brukt hittil i år.

Dei synspunkta som representanten Haukvik har gjeve uttrykk for når det gjeld behovet for å byggje omsorgsbustader og sjukeheimsplasser, skal eg formidle vidare til kommunal- og arbeidsministeren som rette vedkommande.

Arne Haukvik (Uavh): Eg takkar for nok eit positivt svar.

Eg vil berre oppmode statsråden og Regjeringa til å gå vidare med dette arbeidet slik at me kan skape skikkelege bustader for dei eldre som treng å bu andre stader enn heime. Ved at det blir bygt omsorgsbustader vil fleire omsorgshjelparar kunne nå over fleire pasientar. Samtidig med at det blir lagt til rette for at dei eldre bur bra, blir det òg lettare å kome til for dei som skal hjelpe, og dei får på den måten større kapasitet. Eg ønskjer lykke til!