Stortinget - Møte onsdag den 19. november 1997

Dato: 19.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Petter Løvik (H): Eg vil stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Granskingar blant lærarane og oppslag i media viser at svært mange lærarar blir utsette for vald og aggresjon frå elevar. Mykje tyder på at problemet er aukande.

Kva vil statsråden gjere for å gi skulane betre høve til å motverke denne skremmande utviklinga?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er svært oppteken av at skulane skal ha best mogleg arbeidsmiljø både for barn, unge og vaksne. Dette er heilt grunnleggjande for den læringa som skal skje.

Eg kjenner den granskinga som Lærarlaget har gjennomført, og erkjenner at dette er eit stort problem. Dei ansvarlege for å ta fatt i problemet er i første rekkje skuleeigar og skuleleiing, slik at lærarane ikkje står åleine med problema. Men sjølvsagt har òg departementet ansvar.

Det viktigaste er å arbeide førebyggjande, sjå til at alvorlege saker ikkje skjer. Men er ulukka ute, er det viktig at skulen har beredskap og prosedyrar for å handtere problemet. Vi har oppmoda alle kommunar om å utarbeide ein handlingsplan som sikrar ein slik beredskap.

Vi har invitert til ein erfaringskonferanse allereie i neste veke om mobbing og vald i skulen. Då vil vi møte m.a representantar frå alle utdanningskontora og beredskapsgruppene i fylka. Der vil vi drøfte dei erfaringane vi har med satsinga vår så langt og sjå på kva vi kan gjere vidare. Spørsmål som det representanten Løvik her tek opp, vil også verte drøfta der.

Vidare vil eg leggje fram ei melding for Stortinget våren 1998 om spesialundervisninga. Der vil vi m.a drøfte spørsmålet omkring elevar med sosiale og emosjonelle problem og utagerande åtferd, som skulen og lokalsamfunnet ofte kjem til kort overfor. Eg trur likevel det er viktig å nyansere debatten omkring desse spørsmåla. Vi er no i ferd med å få meir omfattande kunnskapar og nyare forskingsresultat om problemåtferd i skulen, og eg trur vi skal skilje klårt mellom

  • alvorleg utagerande åtferd, som gjeld få elevar, og der barne- og ungdomspsykiatrien og barnevernet m. fl. er viktige samarbeidspartnarar for skulen
  • den mindre alvorlege, men langt meir omfattande og vedvarande uro og forstyrring av undervisninga, som er ei belasting for mange medelevar og lærarar
  • dei elevar som trekkjer seg tilbake i isolasjon og passivitet.

Eg er innstilt på ei offensiv haldning med eit forsterka program. Det er viktig at meistringsproblema vert sette i fokus både for elevane og lærarane. Eg har ikkje tru på at problema som hovudregel kan eksporterast ut frå skulane - tvert om må vi no arbeide meir bevisst enn tidlegare i skulen.

I meldinga vil vi m.a drøfte den faglege hjelpa som kommunane og skulane kan få med desse vanskane, og i denne samanhengen dimensjoneringa av den lokale PP-tenesta og dei statlege støttetiltaka på området.

Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråden for svaret.

Bakgrunnen for spørsmålet er den granskinga som også statsråden viste til, som viser at 24 % av lærarane og 22 % av rektorane har vore utsette for vald, og at problemet er stort på både barnetrinnet og ungdomstrinnet. 48 % av lærarane meiner at skulen ikkje gjer nok for å motverke valdeleg oppførsel.

Leiaren i Lærarlaget er positivt oppteken av dette, og ho uttalar til VG 29. oktober i år:

Vi må si klart fra om at utagerende og aggressive elever er et samfunnsproblem og at det egentlig ikke er barnas skyld.

Eg er samd i at det er eit samfunnsproblem, men er det ikkje ei viktig oppgåve for skulen å lære elevane opp til å ta personleg ansvar? Og kva med skulen sine mulegheiter til å reagere på dette?

Statsråd Jon Lilletun: Eg tykkjer det er bra at representanten Løvik tek opp dette med den innfallsvinkelen som han gjer. Det er klårt at vi her står overfor eit veldig samansett problem, og eg er glad han ikkje forenklar det.

I hovudsak er det jo foreldra som har hovudansvaret, og så skal skulen hjelpe til med denne oppdragargjerninga. Men så ser vi òg at begge desse instansane til sine tider ikkje maktar dette og må ha hjelp frå barnevern, frå psykiatri o.l.

I den evalueringa av dei statlege kompetansesentra som er gjord, og i den evalueringa som ligg til grunn for den spesialundervisningsmeldinga som skal leggjast fram til våren, trur eg at vi skal kunne vise til forsking som gir oss grunnlag for å gjere rimeleg gode vedtak framover.

Kva moglegheit ein skal ha for å gripe inn i skulen, vil variere frå tilfelle til tilfelle. Om lovverket er godt nok, får vi drøfte når denne meldinga kjem.

Petter Løvik (H): Eg takkar for svaret.

Saka er viktig for den enkelte lærar, men det gjeld også dei totale arbeidstilhøva og læringsmiljøet for alle elevane. Mitt syn er at vi må ha klåre reglar for kva som er akseptabelt, og vi må ha konsekvente og føreseielege reaksjonar. Det er den enkelte lærar som representerer skule og samfunn i møte med den enkelte elev. Då er det viktig at både heim, eit samla kollegium ved skulane og vi som politikarar støttar opp og gir lærarane høve til å reagere raskt og bestemt til beste for alle partar.